2. Trygdeavgift for fiskeri m.m.

2.1 Sammendrag

Av inntekt frå verksemd skal ein som utgangspunkt svare trygdeavgift med høg sats – 11 pst. Med heimel i folketrygdlova § 23-5 første ledd kan Stortinget avgjere at ei produktavgift heilt eller delvis skal erstatte mellom anna trygdeavgift. I samsvar med dette er det i stortingsvedtak 27. november 2012 nr. 1215 fastsatt at trygdeavgift over 7,8 pst. av pensjonsgivande inntekt frå fiskeri-, kval- og selfangstnæringa skal bli dekt av produktavgifta. Produktavgifta skal dessutan også dekke arbeidsgivaravgift på hyre, kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntalsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidsledige i næringa. Satsen for 2013 er satt til 2,6 pst.

Praksis ved likning er at også arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap innan fiskerinæringa har trygdeavgift med mellomsats. Denne praksisen sikrar lik handsaming av inntekt frå fiskeriverksemd ved fastsetjing av trygdeavgift. Det blir lagt til grunn at ein slik praksis er i samsvar med Stortingets vedtak om fastsetjing av avgifter mv. til folketrygda, der det går fram at avgift på fiske skal vere 7,8 pst. (mellomsats), jf. Stortingsvedtaket av 27. november 2012 nr. 1215 om produktavgifta for 2013.

Departementet foreslår at ordlyden i folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 2 blir presisert slik at det går uttrykkeleg fram at også arbeidsgodtgjersle frå deltakarlikna selskap i fiskerinæringa skal ha trygdeavgift med mellomsats. Det blir vist til forslag til endring i folketrygdlova § 23-3 andre ledd nr. 2 ny bokstav f. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2013.

2.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.