3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2013 kan starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt, omtala i kapittel 2 Nye prosjekt for godkjenning i den framlagde proposisjonen, innanfor dei gjevne kostnadsrammene.

II

Tingingsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2013 kan gjere tingingar ut over dei gjevne løyvingane. Den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:

Kap.

Post

Formål

Kroner

1761

Nye kampfly med baseløysing

45

Store nyskaffingar, vert auka med

12 900 000 000

frå kr 3 500 000 000 til kr 16 400 000 000