Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Etter år med nedgang i folketalet har mange distriktskommunar opplevd betre økonomiske tider, ledige jobbar og tilflytting. Auka tilflytting skal i teorien gje auka aktivitet på bustadmarknaden. For mange kommunar er det likevel ei utfordring å finne gode og attraktive bustader til innflyttarar. Dersom folk ikkje får seg ein plass å bu, kan det lokale næringslivet og kommunane som treng arbeidskraft få problem. Det kan hindre vekst og utvikling i distriktskommunane. Det er viktig at folk har reell fridom til å busetje seg der dei vil. Ved at ein legg til rette for at folk kan bu i distrikta, blir presset mindre i dei store byane. Det blir i meldinga peikt på at god distriktspolitikk derfor òg er god bypolitikk.
Om lag halvparten av kommunane i landet har små, usikre eller stagnerande bustadmarknader. Dette er i stor grad distriktskommunar. Det blir i meldinga peikt på nokre hinder for utviklinga i slike bustadmarknader.
Kommunen har ei sentral rolle når det gjeld å ta tak i bustadutfordringane. Mange kommunar og andre lokale aktørar er initiativrike og prøver ut ulike tiltak. Samstundes ligg det mange stader eit stort potensial i å jobbe meir heilskapleg med utfordringane og å samarbeide betre med private aktørar.
Erfaringane dei siste åra har vist fleire døme på korleis kommunane kan vere meir aktive på bustadmarknaden i distrikta. Sjå døme i meldinga.
Det blir i meldinga vist til at kommunane for å lukkast med bustadetablering i distrikta treng mange samarbeidsaktørar. Særleg viktige her er innbyggjarane sjølve, det lokale næringslivet og fylkeskommunane. Staten er òg ein samarbeidsaktør, gjennom Husbanken, fylkesmennene og Distriktssenteret, mellom anna ved å spreie kunnskap om bustadetablering.
For å støtte kommunane i arbeidet har Kommunal- og regionaldepartementet lansert ei treårig satsing. Gjennom satsinga skal kommunane og andre involverte utvikle ny kunnskap og stimulere til fleire og ulike typar bustader. Som del av satsinga er det etablert ei ny ordning med tilskot til prosjekt som er med på å auke bustadmassen. Tolv kommunar er valde ut til å ta del i satsinga.
Husbanken skal dokumentere erfaringane og sikre at andre kommunar kan dra nytte av dei.
Det var 82 distriktskommunar som søkte om å få ta del i satsinga på bustadetablering. Dette viser at det er stor interesse blant distriktskommunane for å arbeide for auka bustadetablering.
Staten har fleire finansielle verkemiddel som kan stimulere til bustadutvikling i distrikta: Tilskot til utleigebustader og til omsorgsbustader, startlån og grunnlån. medverkar til å gjere bustadinvesteringar moglege. Både for startlånet og for grunnlånet er det store skilnader i kor mykje dei er i bruk.
Grunnlånet skal medverke til å sikre naudsynt bustadforsyning i distrikta. Grunnlånet kan gå til oppføring eller utbetring av bustader, men det er berre mogleg å få grunnlån til kjøp av bustader når det skal vere utleigebustader for prioriterte grupper. Ein utilsikta konsekvens av denne avgrensinga er at private aktørar som vil kjøpe og utbetre bustader for å leige dei ut til arbeidstakarar og andre innflyttarar, ikkje kan få grunnlån til dette føremålet. Regjeringa vil tilpasse regelverket slik at det ikkje hindrar at ein kan få grunnlån til eit føremål som er så viktig i samband med bustadforsyning i distrikta.
Av dei om lag 185 000 landbrukseigedomane i landet er 33 000 utan fast busetnad. Mange av desse eigedomane ligg i distriktskommunar. Som ei oppfølging av Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken har regjeringa teke fleire viktige grep for å stimulere til auka omsetning av landbrukseigedomar utan busetnad, og meir aktiv bruk av mindre eigedomar til busetjing. Som eit ledd i dette er nedre grense for priskontroll på konsesjonspliktige landbrukseigedomar med bustadhus lyfta frå 1,5 til 2,5 mill. kroner.
Regjeringa vil tilpasse eigedomspolitikken i landbruket til ei ny tid. Gjennom endring av regelen om eigedomsdeling i jordlova vil det bli enklare å dele frå romslege tomter, tun og bustadhus, samstundes som produktivt jord- og skogbruksareal kan bli selt til landbrukseigedomar med aktiv drift. Vidare vil regjeringa innskrenke odelskrinsen og oppheve reglane om odelsfrigjering av landbrukseigedom.
Samla sett gjev dette auka høve for at landbrukseigedomar kan nyttast som ressurs, både for busetjing og verdiskaping. Det gjer òg at kommunane får fleire verkemiddel for å sikre busetjinga i distrikta. Endringa i regelen om deling i jordlova vil vidare kunne gje meir robuste produksjonseiningar, og betre grunnlag for å nå målet om auka matproduksjon, jamfør Meld. St. 9 (2011–2012).
vidareutvikle satsinga på bustadetablering i distrikta
tilpasse regelverket for grunnlånet slik at det ikkje hindrar lån til utleigebustader, som er ein naudsynt del av bustadforsyninga