I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag
om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2013. Siktemålet
er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde
kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har
skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2013 vart vedteke.
På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla,
med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit
naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren.
Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret,
vert såleis handsama samla og formalisert på rett måte. Regjeringa
er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt
nivå som mogleg, samstundes som kravet om realistisk budsjettering
vert handsama.
Omgrupperingsproposisjonen for 2013 tek føre seg
budsjettekniske endringar. I tillegg vert meirinntekter for 2013
føreslått formalisert. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga
til Forsvarsdepartementet på 181,847 mill. kroner. I tillegg foreslår
regjeringa å auke enkelte bestillingsfullmakter.
Som følgje av at Statsministerens kontor (SMK) har
flytta inn i Forsvarsdepartementet sine lokale, er det i 2013 behov
for ein oppgradering av Forsvarsdepartementet sin IT-infrastruktur, som
SMK er ein del av. Det er føreslått på denne bakgrunn at forsvarsramma
på kap. 1760, post 45, vert auka med 2,000 mill. kroner i 2013.
Det er gitt tilsegn om norske bidrag til oppfølging
av Sikkerheitsrådsresolusjon 2118 (2013) om destruksjon av kjemiske
våpen frå Syria. Regjeringa stiller til disposisjon eit norsk kommersielt
lasteskip som vil kunne vera tilgjengeleg for transport av syriske
kjemikaliar ut av Syria og for ev. seinare transportbehov. Forsvaret
stiller til disposisjon ein fregatt til eskorte av lasteskip, samt
diverse støttefunksjonar som vakt og sikring om bord i lasteskipet.
På denne bakgrunn er det føreslått gitt ei tilleggsløyving på 30,000
mill. kroner til å dekkje Forsvaret sine meirutgifter i samband
med eskorteskip og vakt og sikring i ein månad.
I samband med utarbeidinga av forsvarsbudsjettet
for 2002, blei det rammeoverført 2,060 mill. 2002-kroner frå kap. 1700,
post 1, til Utanriksdepartementet for oppretting av ein spesialrådgivarstilling
ved ambassaden i Madrid. Stillinga vart avvikla med verknad frå 1. september 2013,
og midlane skal såleis førast tilbake til forsvarsbudsjettet. Omrekna
beløp utgjer som heilårsverknad 2,756 mill. 2013-kroner. Rammeoverføring
for 2013 utgjer fire månader, og Utanriksdepartementet har samtykt i
ei rammeoverføring på 0,919 mill. kroner i 2013.
Det vises til Prop. 207 S (2012–2013) der det vart
føreslått at spørsmålet om eventuell inndekning over Forsvarsdepartementet
sitt budsjett av meirutgiftene på 254 mill. kroner skal handsamast
i nysalderinga av statsbudsjettet for 2013. Regjeringa føreslår
at 120,000 mill. kroner av løyvinga som føreslått i Prop. 207 S (2013–2014)
vert dekka innanfor Forsvaret si ordinære ramme ved ein reduksjon
av løyvinga på kap. 1760, post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald.
For å finansiere ekstraordinært store utbetalingar forbundne
med kompensasjonsordninga i 2013, vert det beløp som er halde tilbake
for kampflyinvesteringa for etterfølgjande år, redusert med 120
mill. kroner.
Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett
for 2013, midlar overførte frå 2012 og seinare endringar gjort av
Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av
lønskompensasjonen for 2013.
Faktisk løyving på utgiftssida,
før omgruppering 2013, kjem fram slik (i 1 000-kroner):
Saldert budsjett 2013 | 42 224 299 |
Innst. 333 S (2012–2013) til Prop. 77 S (2012–2013) Tiltak
for å styrke samfunnssikkerheten og politiberedskapen | 2 520 |
Innst. 486 S (2012–2013) til Prop. 149 S (2012–2013) Tilleggsbevilgninger
og omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 (RNB) | 481 760 |
Innst. 488 S (2012–2013) til Prop. 167 S (2012–2013) Endringar
i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»
(«soldatproposisjonen») | 7 404 |
Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege
tariffområdet i 2013 | 203 195 |
= Faktisk løyving før omgruppering | 42 919 178 |
+ Midlar overførte frå 2012 | 3 551 145 |
= Disponible midlar i 2013 før omgrupperinga | 46 470 323 |
Disponibel løyving på
inntektssida, før omgruppering 2013, kjem fram slik (i 1 000 kroner):
Saldert budsjett 2013 | 5 207 644 |
Innst. 486 S (2012–2013) til Prop. 149 S (2012–2013) –
Tilleggsbevilgninger og
omprioriteringer i statsbudsjettet 2013 (RNB) | 370 385 |
= Løyvingar før omgruppering | 5 578 029 |
I høve til saldert budsjett for 2013, med dei
seinare endringane gjort av Stortinget, vert det ei meirinntekt
på 282,488 mill. kroner der 268,928 mill. kroner vert føreslått
lagt til utgiftssida. Det vert i denne samanhengen vist til Forsvarsdepartementet
si meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2012–2013) under romartalsvedtak
II.
Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytt
til omgrupperinga for 2013.
Løyvingsbehov på utgiftssida
i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):
Auke på utgiftssida grunna
meirinntekter førte til utgiftssida | 268 928 |
Tilleggsløyvingar | 32 000 |
Rammeoverføring frå Utanriksdepartementet | 919 |
Reduksjon av løyvinga på kap. 1760, post 45 | - 120 000 |
= Sum behov ved omgrupperinga | 181 847 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 42 919 178 |
= Samla løyvingar etter omgrupperinga | 43 101 025 |
+ Midlar overførte frå 2012 | 3 551 145 |
= Samla disponible midlar i 2013 etter omgrupperinga | 46 652 170 |
Løyvingsbehovet på inntektssida
i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):
Meirinntekter | 282 488 |
+ Løyvingar før omgrupperinga | 5 578 029 |
= Løyvingar etter omgrupperinga | 5 860 517 |
På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag
til vedtak, at utgiftsramma vert auka med 181,847 mill. kroner,
og at inntektsramma vert auka med 282,488 mill. kroner.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 378 016 | 379 726 | 380 645 |
Løyvinga på posten vert foreslått auka med 0,919 mill. kroner.
Auken på posten skuldast tidlegare rammeoverførte
midlar til Utanriksdepartementet som i samband med at ei stilling
ved ambassaden i Madrid no er lagt ned, vert førte attende til Forsvarsdepartementet.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 3 060 316 | 3 093 434 | 3 137 934 |
46 | Ekstraordinært vedlikehald og komponentutskifting | 62 980 | 162 980 | 160 180 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 44,500 mill. kroner.
Auken på posten skuldast behov for nødvendige tiltak
på Nasjonale Festningsverk (13,500 mill. kroner) og eit auka behov
på pensjonsforpliktingar hos Forsvarsbygg (51,000 mill. kroner).
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 2,800 mill. kroner.
Posten er føreslått auka i samband med nødvendig
utbetring av råteskader ved Fredrikstad artilleri- og infanterikaserne
(4,200 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon på posten
grunna omdisponering av midlar til post 1 for delvis dekking av
auka pensjonsforpliktingar (27,000 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 3 909 425 | 3 912 925 | 3 924 668 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 11,743 mill. kroner.
Auken gjeld verkinga av lønsoppgjeret i 2013.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 237 931 | 239 212 | 229 047 |
43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet | 15 000 | 15 000 | 13 271 |
71 | Tilskudd til organisasjonar | 69 435 | 69 435 | 68 515 |
78 | Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett | 240 000 | 240 000 | 268 500 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 10,165 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast mindrebehov på nasjonale militære
stillingar i Belgia (4,500 mill. kroner), mindrebehov for arbeidet
med Forsvars- og sikkerheitssektorreform (5,400 mill. kroner), reduksjon
på utvalsarbeid i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet
(0,090 mill. kroner), reduksjon på utgifter til forsvarsattachéar
og militære rådgjevarar (0,500 mill. kroner), reduksjon på utgifter
til heilskapleg gjennomføringsplanlegging Forsvarsbygg (0,425 mill. kroner),
redusert utbetaling til støtte til analyse-, plan- og utviklingsarbeid
(4,500 mill. kroner) samt utsett tilsetting av stilling i EU-kommisjonen
(0,500 mill. kroner).
Posten er vidare auka grunna meirutgifter i
samband med 8. mai-markeringa og nasjonal veterankonferanse (0,900 mill. kroner).
Posten er òg auka for oppdragsfinansierte aktivitetar i Forsvarsbygg
(4,550 mill. kroner). Posten er auka med meirinntekter (0,300 mill.
kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma,
jf. FDs generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4719,
post 1.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,729 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast omdisponering til høgare prioritert
verksemd på forsvarsbudsjettet.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 0,920 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast omdisponering til høgare prioritert
verksemd på forsvarsbudsjettet.
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 28,500 mill. kroner.
Auken skuldast høgare utgifter til NATO sitt driftsbudsjett
enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | – | – | 300 |
Posten vert føreslått løyvd med 0,300 mill.
kroner.
Auken skuldast momsrefusjonar og fører til ein parallell
auke av utgiftsramma, jf. FDs generelle meirinntektsfullmakt.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 3 112 185 | 2 984 462 | 2 988 117 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 3,655 mill. kroner
Auken skuldast ei teknisk endring i betaling
for FISBasis (27,405 mill. kroner).
Det er vidare føreslått ein reduksjon av posten knytt
til fellesoperative øvingar (8,650 mill. kroner), ein reduksjon
knytt til vertslandsstøtte på Ørland i samband med øvingane Artic
Tiger og Brilliant Arrow (6,500 mill. kroner) og ein reduksjon av
posten som er føreslått overført til kap. 1725 for å dekke delar
av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal
og venteløn (3,917 mill. kroner). Posten er vidare føreslått redusert
grunna omdisponering til høgare prioritert verksemd i Forsvaret
(2,787 mill. kroner), ein reduksjon knytt til overføring av årsverk
til det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,782 mill. kroner),
ein reduksjon knytt til HV-09 si deltaking på øving Rein (0,750 mill.
kroner), ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste
(0,268 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll
overføres frå horisontal samhandlingsfinansiering (HS) til løyvingsfinansiering
(0,096 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 176 772 | 178 308 | 187 108 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,800 mill. kroner.
Auken skuldast meirinntekter. Inntektene fører til
ein parallell auke av Nasjonalt tryggingsorgan si utgiftsramme,
jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale
under kap. 4723, post 1.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 2 771 | 2 771 | 11 571 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,800 mill.
kroner.
Auken skuldast refusjon av reiseutgifter (0,700 mill.
kroner), refusjon av lønsutgifter (3,100 mill. kroner), innbetaling
av kursavgifter (2,400 mill. kroner) samt større innbetalingar frå eksterne
betalande medlemer og partnarar i NorCERT enn lagt til grunn i budsjetteringa (2,600 mill.
kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av Forsvaret si
utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 2 022 720 | 2 064 320 | 2 094 165 |
50 | Overføring Statens pensjonskasse | – | 2 300 | 1 300 |
70 | Renter låneordning | 5 670 | 5 670 | 8 608 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 29,845 mill.
kroner.
Auken skuldast finansiering av meirutgifter
knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn
(41,361 mill. kroner), meirutgifter ved å leige inn befalsforlegningar
i Oslo-området (13,422 mill. kroner), auka reinhaldsutgifter ved
overtaking av befalsforlegningane på Linderud og Huseby (4,267 mill. kroner),
ein auke knytt til årsverk for det framtidige Forsvarets personell-
og vernepliktsenter (3,282 mill. kroner) og ein auke for ein fast
liaisonstilling i USA frå august 2013 (0,715 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon knytt til
endring i betaling av FISBasis H/NS-klienter (4,708 mill. kroner),
ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar
på Helpdesk mv. (1,267 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til
midlertidige øvingslokale for Marinemusikken i Horten (1,000 mill.
kroner). Vidare er det føreslått ein reduksjon knytt til overføring
av stillingar frå kap. 1725 til kap. 1795 som gjeld overføring frå
Oslo garnisonsforvalting til FAKT stab (0,625 mill. kroner), ein
reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,302 mill. kroner)
og ein reduksjon av midlar som vert omprioritert til kap. 1710,
post 1, for dekking av meirutgifter til pensjonsforpliktingar i
Forsvarsbygg (25,300 mill. kroner).
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,000 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast lågare utgifter knytt til førtidspensjon
av sivile enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.
Midlane er føreslått omdisponert til høgare prioritert verksemd.
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 2,938 mill. kroner.
Auken skuldast høgare utgifter knytt til rentestønad
i Befalets låneordning enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga
av budsjettet.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 5 607 269 | 5 708 331 | 5 703 193 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,138 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein
tilsvarande auke av inntektskapitlet (13,100 mill. kroner). Inntektene
har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell
auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle
meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4731, post 1. Vidare er
posten føreslått auka som følgje av meirbehov på grunnlønsutgifter ved
internasjonal teneste (9,300 mill. kroner), dekking av justert inntektskrav
som følgje av tidligare overført eigedom, bygg og anlegg til kap. 1795
der justering av inntektskravet ikkje vart gjort på kap. 4731 (3,800 mill.
kroner) og ein auke knytt til fellesoperative øvingar (1,300 mill.
kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten
som vert overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene
knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (15,841 mill.
kroner). Vidare er det forslått ein reduksjon av posten knytt til
reinhaldsutgifter ved at ansvaret for befalsforlegningane på Linderud
og Huseby er flytta (4,267 mill. kroner), ein reduksjon som følgje
av at ammunisjonskontroll er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering
(4,108 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å
leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (3,210 mill. kroner), ein
reduksjon i samband med personell i internasjonal teneste (2,336 mill. kroner),
ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klienter
(1,626 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til
det framtidige Forsvarets personell- og vernepliktsenter (1,250 mill.
kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 61 642 | 61 642 | 74 742 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 13,100 mill. kroner.
Auken skuldast endring i inntektskravet knytt
til sal ved Hærens messer (10,200 mill. kroner), blindgjengarrydding
på Hjerkinn (3,500 mill. kroner), refusjon etter søkeoperasjon på
Senja (1,200 mill. kroner), refusjon for eigendel ved velferdsturar
(1,300 mill. kroner) og taps-/skademeldingar (0,700 mill. kroner).
Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell
auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si
generelle meirinntektsfullmakt.
Det er vidare føreslått ein reduksjon av inntektskravet
som følgje av tidlegare overført eigedom, bygg og anlegg til kap. 1795
der justering av inntektskrav ikkje vart tatt vare på (3,800 mill.
kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 3 610 045 | 3 678 620 | 3 686 081 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 7,461 mill. kroner.
Auken skuldast meirbehov på fellesoperative øvingar
(1,300 mill. kroner) og ein auke for dekning av høgare drivstoffutgifter
enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (20,000 mill.
kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten
som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene
knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn
(8,332 mill. kroner). Vidare er det ein reduksjon knytt til endring
i betaling av FISBasis H/NS-klientar (2,249 mill. kroner), ein reduksjon
knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv.
(1,651 mill. kroner) og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll
er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (0,958 mill.
kroner), ein reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige
Forsvarets personell- og vernepliktsenter (0,469 mill. kroner) og
ein reduksjon som følgje av overføring av ei stilling frå kap. 1732
til kap. 1734 (0,180 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 4 298 998 | 4 355 431 | 4 600 356 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 244,925
mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein
tilsvarande auke av inntektskapitlet (108,637 mill. kroner). Inntektene
har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell
auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle
meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4731, post 1. Vidare er
det føreslått ein auke knytt til overføring av midlar frå kap. 1790
der midlane vert nytta til operativ testing og evaluering av NH
90 (50,000 mill. kroner), ein auke knytt til vertslandsstøtte på
Ørland i samband med øvingane Artic Tiger og Brilliant Arrow (6,500 mill.
kroner) og ein auke knytt til fellesoperative øvingar (3,100 mill.
kroner). Det er føreslått ein auke for dekking av høgare drivstoffutgifter
enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (58,526 mill.
kroner) og ein auke knytt til meirutgifter ved kjøp av tenester
frå AIM SF Norway (29,749 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten
som er overført til kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene
knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn
(7,024 mill. kroner), ein reduksjon knytt til utgifter ved å leige
inn konsulentar på Helpdesk mv. (1,901 mill. kroner), ein reduksjon
knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (1,305 mill. kroner),
ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført frå
HS-finansiering til løyvingsfinansiering (1,028 mill. kroner) og
ein reduksjon knytt til personell i internasjonal teneste (0,329 mill.
kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 171 363 | 171 363 | 280 000 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 108,637 mill.
kroner.
Auken skuldast inntekter frå samhandlingsavtalen
om drift av flyplassar med AVINOR (52,600 mill. kroner), inntekter
frå Rygge sivile lufthamn AS (26,050 mill. kroner), generelle leigeinntekter
(27,000 mill. kroner) og inntekter frå garnisonstenester (2,987 mill.
kroner). Inntektene har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor
ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet
si generelle meirinntektsfullmakt.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 1 093 503 | 1 150 322 | 1 144 818 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,504 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten knytt til
fellesoperative øvingar (2,450 mill. kroner), ein auke knytt til
HV-09 si deltaking på øving Rein der midlane er overførte frå kap. 1720 (0,750 mill. kroner)
og ein auke som følgje av at ei stilling er overført frå kap. 1732
til kap. 1734 (0,180 mill. kroner).
Det er føreslått ein reduksjon av posten som
er omdisponert til høgare prioritert verksemd i Forsvaret (3,918 mill. kroner),
ein reduksjon som er overført frå kap. 1725 for å dekke deler av
meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus avdelingsbefal
og venteløn (1,313 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter
ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,494 mill. kroner),
ein reduksjon knytt til endring i betaling av FISBasis H/NS-klientar (2,212 mill. kroner),
og ein reduksjon som følgje av at ammunisjonskontroll er overført
frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (0,947 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
21 | Spesielle driftsutgifter | 1 115 214 | 1 136 255 | 1 134 706 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 1,549 mill. kroner.
Reduksjonen er knytt til budsjettekniske omdisponeringar.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 2 044 686 | 2 156 408 | 2 184 465 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 28,057 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein
tilsvarande auke av inntektskapitlet (24,721 mill. kroner). Inntektene
har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor med seg ein parallell
auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si
generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4740, post 1.
Det er vidare føreslått aukingar som følgje av at ammunisjonskontroll
er overført frå HS-finansiering til løyvingsfinansiering (7,137 mill.
kroner), fellesoperative øvingar (0,500 mill. kroner) og AIM SF
Norway (3,349 mill. kroner), der FLO har meirutgifter i samband
med ferdigstilling av testcelle for flymotorar.
Det er føreslått ein reduksjon som er overført
til kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene knytt til avgang
med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn (2,511 mill. kroner), ein
reduksjon av posten knytt til auka utgifter ved leige inn konsulentar
på Helpdesk mv. (3,040 mill. kroner), ein reduksjon knytt til endring
i betaling av FISBasis H/NS-klientar (1,474 mill. kroner) og ein
reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets
personell- og vernepliktsenter (0,625 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 127 577 | 165 812 | 190 533 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 24,721 mill. kroner.
Det er føreslått å auke inntektskravet på kapitlet som
følgje av sal av drivstoff til eksterne og allierte (17,000 mill. kroner),
auka salsinntekter ved kjøkken og leieinntekter på Base Kjeller (3,835 mill. kroner),
sal av ammunisjon til politiet (2,000 mill. kroner), refusjonar
knytt til prosjekt for attraktive våpen og ammunisjon (1,200 mill.
kroner), sal av renovert kvartermateriell (0,500 mill. kroner) og
ved refusjonar frå Statens Landbruksforvalting i høve program ØKO-mat
i Forsvaret (0,186 mill. kroner). Inntektene fører med seg ein parallell
auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. FD si generelle meirinntektsfullmakt.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 881 538 | 1 008 024 | 1 059 583 |
44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, nasjonalfinansiert
del | 31 923 | 37 923 | 41 923 |
45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald | 6 998 359 | 6 897 320 | 6 645 815 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar, fellesfinansiert
del | 67 000 | 67 000 | 67 000 |
75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeidar,Noregs tilskott
til NATOs investeringsprogram for sikkerheit | 88 135 | 82 135 | 74 281 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 51,559 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten knytt til
styrking av investeringsevna gjennom tilsetting av personell (21,000 mill. kroner),
ein auke knytt til kjøp av produksjonskapasitet ved FLO TV MAR til
P6088 Nye fregattar, der utgifta treff post 1 ved horisontal samhandel
(11,000 mill. kroner), og ein auke knytt til justering av Nasjonalt
tryggingsorgan sin del av investeringsbudsjettet (0,700 mill. kroner).
Vidare er det føreslått å auke posten knytt til ei teknisk justering
frå kap. 1760, post 45 (20,000 mill. kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten
som er overført frå kap. 1725 for å dekke deler av meirutgiftene
knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og venteløn
(0,660 mill. kroner), ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å
leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,325 mill. kroner) og ein
reduksjon knytt til overføring av årsverk til det framtidige Forsvarets
personell- og vernepliktsenter (0,156 mill. kroner).
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 4,000 mill. kroner.
Auken er knytt til fleire oppdrag enn det som vart
lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 251,505 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein
tilsvarande auke av inntektskapitlet (60,450 mill. kroner). Inntektene
fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf.
Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt og omtale
under kap. 4760, post 45. Det er føreslått ein auke av posten grunna
auka behov for IT-infrastruktur etter at Statsministerens kontor
flytta inn i Forsvarsdepartementet sitt lokal (2,000 mill. kroner).
Post 45 er føreslått redusert grunna kjøp av produksjonskapasitet
ved FLO til P6088 Nye fregattar der utgifta treff post 1 ved horisontal samhandel,
midlane er føreslått overførte til kap. 1760, post 1 (11,000 mill. kroner).
Vidare er det ein reduksjon for å dekke bl.a. meirutgifter for drivstoff
og meirutgifter ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (162,255 mill. kroner),
og ein teknisk reduksjon for tilpassing av utgifter til Nasjonalt
tryggingsorgan på kap. 1760, post 1 (0,700 mill. kroner). Vidare
er det føreslått å redusere posten knytt til ein teknisk justering til 1760,
post 1 (20,000 mill. kroner) og ved ein reduksjon på 120,000 mill.
kroner for finansiering av utbetalingar til kompensasjonsordninga for
skadde veteranar som ikkje var kjent på budsjetteringstidspunktet,
ref. Prop. 207 (2013–2014).
I behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2012
slutta Stortinget seg til, som eit eingongstiltak, at det ville
vera behov for å halde tilbake midlar på posten frå formål under
kap. 1760, post 45, slik dei var angitt i Prop. 1 S (2011–2012)
for Forsvarsdepartementet. Desse skulle bli omdisponert til kampflyinvesteringa
for etterfølgjande år. For å finansiere ekstraordnært store utbetalingar
forbundne med kompensasjonsordninga i 2013, vert det beløp som er
halde tilbake for kampflyinvesteringa for etterfølgjande år, redusert
med 120 mill. kroner.
Løyvinga på posten vert føreslått netto vidareført.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein
tilsvarande auke av inntektskapitlet (24,400 mill. kroner). Inntektene
fører med seg ein parallell auke av Forsvarets utgiftsramme, jf.
Forsvarsdepartementet si generelle meirinntektsfullmakt og omtale
under kap. 4760, post 44. Posten er vidare føreslått redusert med
24,400 mill. kroner til dekking av meirbehov på kap. 1719, post
78.
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 7,854 mill. kroner.
Utbetalingane på posten er avhengig av den totale
produksjonen i alle dei 28 medlemslanda i NATO, og kan i svært lita
grad verte påverka av Noreg. Prognosen er basert på mindre innbetalingskrav
frå NATO i 2013 enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga
av budsjettet. Midlane er omdisponerte til balansering av budsjettet.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
45 | Store nyskaffingar | – | 25 961 | 86 411 |
48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsinntekter | 67 000 | 67 000 | 91 400 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 60,450 mill. kroner.
Auken gjeld meirinntekter knytt til Royalty (11,698 mill. kroner)
og sal som følgje av oppgradering av Sting Ray mod 0 torpedo (0,128 mill.
kroner), sal av KNM Horten (14,256 mill. kroner), sal av missil
til Chile (24,853 mill. kroner), inntekter knytt til konvensjonalbøter
(1,901 mill. kroner), inntekter knytt til P4387 Multinational Geospatial
Co-production Program (1,359 mill. kroner) og erstatning frå UNITEAM
(6,255 mill. kroner). Inntektene medfører ein parallell auke av
Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle
meirinntektsfullmakt.
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 24,400 mill. kroner.
Auken skuldast sluttoppgjer på gjennomføringa av
Sindre 1 og Sørreisa NATO Air Defence Ground Environment.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 70 000 | 70 426 | 65 169 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 5,257 mill. kroner.
Reduksjonen skuldast mindre reiseutgifter enn det
som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet. Midlane
er føreslått overførte til andre områder for balansering av budsjettet.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 1 001 965 | 1 023 076 | 1 012 945 |
Løyvinga på posten vert føreslått redusert med 10,131 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten grunna meirutgifter
på patruljedøgn for helikopterberande farty (6,774 mill. kroner),
ein auke som følgje av meirutgifter knytt til reparasjon av hovudmotor på
Nornen-klassen (6,500 mill. kroner) og ein auke som følgje av meirutgifter
ved innføring av ny arbeidstidsavtale i Forsvaret (ATF) (6,000 mill.
kroner). Vidare er det føreslått ein auke knytt til høgare drivstoffutgifter
enn det som vart lagt til grunn ved utarbeidinga av budsjettet (21,600 mill.
kroner), og 0,585 mill. kroner knytt til meirutgifter ved kjøp av
tenester frå AIM SF Norway.
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten
som følgje av ein teknisk justering der midlane er førte på kap. 1733
og knytt til operativ testing og evaluering av NH 90 (50,000 mill. kroner).
Vidare ein reduksjon som er overført til kap. 1725 for å dekke delar
av meirutgiftene knytt til avgang med redusert løn, bonus til avdelingsbefal og
venteløn (1,465 mill. kroner) og ein reduksjon knytt til utgifter
ved å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,125 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 573 382 | 849 394 | 867 308 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 17,914 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke på posten grunna meirutgifter
ved kjøp av tenester frå AIM SF Norway (17,914 mill. kroner). Ved
opprettinga av AIM SF Norway vart det føresett at Justis- og beredskapsdepartementet
sin del av utgiftene til drift av redningshelikoptertenesta ikkje
skulle belastas meirutgifter grunna etableringa av AIM SF Norway.
Auken er derfor tillagt Forsvaret sin del av driftsutgiftene.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 511 148 | 785 241 | 787 078 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 1,837 mill. kroner.
Auken gjeld verkinga av lønsoppgjeret i 2013.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 1 162 524 | 1 065 653 | 1 074 291 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 8,638 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein
tilsvarande auke av inntektskapitlet (26,000 mill. kroner). Inntektene
har ei tilsvarande utgiftsside og fører derfor til ein parallell
auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si
generelle meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4792, post 1.
Det er føreslått ein auke av posten knytt til lønsutgifter for personell
i internasjonal teneste (3,235 mill. kroner). Det er gitt tilsegn
om norske bidrag til oppfølging av Sikkerheitsrådsresolusjon 2118
om destruksjon av kjemiske våpen frå Syria. Det er føreslått stillt
til disposisjon eit norsk kommersielt lasteskip som vil kunne vera
tilgjengeleg for transport av syriske kjemikalier ut av Syria og
for evt. seinare transportbehov. Forsvaret stiller til disposisjon ein
fregatt til eskorte av lasteskip, samt diverse støttefunksjonar
som vakt og sikring om bord i lasteskipet. På denne bakgrunn er
det føreslått gitt ei tilleggsløyving på 30,000 mill. kroner til
å dekkje Forsvaret sine meirutgifter i samband med eskorteskip og
vakt og sikring.
Det er òg føreslått ein reduksjon av posten
som følgje av ny innretting i Afghanistan og generell innsparing
på driftsutgiftene (40,452 mill. kroner). Desse frigjorte midlane
er brukt til å finansiere oppfølging av vedtatt ambisjon i langtidsplanen.
I denne regjeringa sin politiske plattform er det lagt opp til at
nye operasjonar i utlandet skal løyvast i tillegg til ordinær ramme samt
at regjeringa vil sørgje for at Forsvaret får tilstrekkelege og
stabile rammer. Posten er føreslått redusert som følgje av auka
grunnlønsutgifter til norsk personell som deltar i internasjonale
teneste (9,300 mill. kroner), ein reduksjon knytt til oppretting
av fast liaisonstilling i USA (0,715 mill. kroner) og ein reduksjon
knytt til å leige inn konsulentar på Helpdesk mv. (0,130 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 10 368 | 10 368 | 36 368 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 26,000 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av inntektskapitlet
som følgje av Noregs Lead Nation-rolle og derav refusjonar frå andre
nasjonar gjennom inngått MOU i Afghanistan knytt til forpleiing,
forlegning og drift (26,000 mill. kroner). Inntektene fører med
seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartement
si generelle meirinntektsfullmakt.
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsutgifter | 260 651 | 267 801 | 271 489 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 3,688 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten mot ein
tilsvarande auke av inntektskapitlet (2,500 mill. kroner). Inntektene
har ei tilsvarande utgiftsside og medfører derfor ein parallell
auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf. Forsvarsdepartementet si generelle
meirinntektsfullmakt og omtale under kap. 4795, post 1. Vidare er
det føreslått ein auke av posten knytt til midlertidige øvingslokale
for Marinemusikken i Horten (1,000 mill. kroner) og ein auke knytt
til overføring av stillingar frå kap. 1725 til kap. 1795 som gjeld
overføring frå FAKT Oslo garnisonsforvalting til FAKT stab (0,625 mill.
kroner).
Det er òg føreslått ein reduksjon som er overført til
kap. 1725 for å dekke delar av meirutgiftene knytt til avgang med
redusert løn, bonus avdelingsbefal og venteløn (0,298 mill. kroner)
og ein reduksjon knytt til auka utgifter ved å leige inn konsulentar
på Helpdesk mv. (0,139 mill. kroner).
| | | | (i 1 000 kr) |
Post | Kategori | Saldert
budsjett 2013 | Løyving før
omgruppering | Løyving etter
omgruppering |
1 | Driftsinntekter | 9 057 | 9 057 | 11 557 |
Løyvinga på posten vert føreslått auka med 2,500 mill. kroner.
Det er føreslått ein auke av posten som følgje
av inntekter ved billettsal og støtte ved arrangering av konsert
knytt til Forsvarets musikk (1,800 mill. kroner) og inntekter ved
guiding og sal i butikken på Akershus slott (0,700 mill. kroner). Inntektene
fører med seg ein parallell auke av Forsvaret si utgiftsramme, jf.
Forsvarsdepartement si generelle meirinntektsfullmakt.
Regjeringa foreslår ein auke av bestillingsfullmakter
i 2013:
Bestillingsfullmakter under kapittel 1732 Sjøforsvaret,
post 1 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 240,000 mill. kroner, frå 810,000 mill. kroner
til 1 050,000 mill. kroner. Auken gjeld inngåing av langsiktige
kontraktar for oppgradering og vedlikehald av dei ulike våpensystema
på Sjøforsvaret sine ulike farty. Dette gjer anskaffinga meir pårekneleg,
gjev høgare prioritering mot leverandøren og lågare kostnader enn
dei tidlegare kortsiktige kontraktane.
Bestillingsfullmakter under kapittel 1733 Luftforsvaret,
post 1 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 100,000 mill. kroner, frå 750,000 mill. kroner til 850,000 mill. kroner.
Auken kjem som følgje av vedlikehaldsavtalar for transportflya C-130J og
dei nye maritime helikoptra NH 90.
Bestillingsfullmakter under kapittel 1791 Redningshelikoptertenesta,
post 1 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 10,000 mill. kroner,
frå 60,000 mill. kroner til 70,000 mill. kroner grunna auke i forpliktingar
med Agusta Westland i samband med prosjektet Sea King 2020. Føremålet
er å halde Sea King operativ fram til 2020.
I Prop. 207 S (2012–2013) er det fremma forslag om
tilleggsløyving til dekking av utgifter etter den særskilte kompensasjonsordninga
for veteranar med psykiske belastningsskadar som følgje av deltaking
i internasjonale operasjonar.
Tilleggsløyvinga skal dekke utgifter etter ordninga
ut 2013. Til saman er det føreslått ein auke på løyvinga på 254 mill. kroner.
Det er opplyst i proposisjonen at det i statsråd 23. august vart gjeve
samtykke til at Forsvarsdepartementet kunne overskride gjeldande
løyving med inntil 100 mill. kroner inntil Stortinget fekk handsama
forslaget om tilleggsløyving. Etter at proposisjonen vart framlagd,
er det i statsråd 25. oktober gjeve samtykke til at Forsvarsdepartementet
kan overskride gjeldande løyving med inntil 254 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre Simensen
og Jens Stoltenberg, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Regina Alexandrova,
Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Fremskrittspartiet,
Kristian Norheim, Per Sandberg og Christian Tybring-Gjedde, fra
Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra Senterpartiet, Liv Signe
Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Bård Vegar Solhjell, viser til at omgrupperingsproposisjonen
for 2013 tar for seg budsjettekniske endringer, og at merinntekter
for 2013 blir foreslått formalisert. Totalt utgjør omgrupperinga
en økning av bevilgningen til Forsvarsdepartementet på 181,847 mill.
kroner.
Komiteen merker seg at målsettingen
med proposisjonen er å skape best mulig samsvar mellom bevilgningene
under de enkelte kapitlene og postene, og endringer i budsjettforutsetningene
som har skjedd siden forsvarsbudsjettet for 2013 ble vedtatt. På
grunn av den komplekse sammensetningen av kapitlene, med svært variable
størrelser, er omgrupperingsproposisjonen et nødvendig verktøy for
å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren.
Komiteen merker seg at regjeringen
også foreslår å øke enkelte bestillingsfullmakter. Komiteen noterer
at tilleggsbevilgningene har gått til blant annet IT-infrastrukturtiltak
og merutgifter i forbindelse med oppdraget i Syria.
Komiteen merker seg at omgrupperingen
omfatter kompensasjonsordningen for veteraner.
Komiteen tar øvrige endringer
til etterretning.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2013 vert det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Føremål | Kroner |
| | | |
Utgifter |
1700 | | Forsvarsdepartementet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 919 000 |
| | frå kr. 379 726 000 til kr. 380 645 000 | |
1710 | | Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 44 500 000 |
| | frå kr. 3 093 434 000 til kr. 3 137 934 000 | |
| 46 | Ekstraordinært vedlikehald og komponentutskifting, kan overførast,
vert redusert med | 2 800 000 |
| | frå kr. 162 980 000 til kr. 160 180 000 | |
1719 | | Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert redusert med
| 10 165 000 |
| | frå kr. 239 212 000 til kr. 229 047 000 | |
| 43 | Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast, vert
redusert
med | 1 729 000 |
| | frå kr. 15 000 000 til kr. 13 271 000 | |
| 71 | Overføringar til andre, kan overførast, vert redusert med | 920 000 |
| | frå kr. 69 435 000 til kr. 68 515 000 | |
| 78 | Noregs tilskot til NATOs driftsbudsjett, kan
overførast, vert auka med | 28 500 000 |
| | frå kr. 240 000 000 til kr. 268 500 000 | |
1720 | | Felles leiings- og kommandoapparat | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 3 655 000 |
| | frå kr. 2 984 462 000 til kr. 2 988 117 000 | |
1723 | | Nasjonalt tryggingsorgan | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 8 800 000 |
| | frå kr. 178 308 000 til kr. 187 108 000 | |
1725 | | Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 29 845 000 |
| | frå kr. 2 064 320 000 til kr. 2 094 165 000 | |
| 50 | Overføring til Statens Pensjonskasse, kan
overførast, vert redusert med | 1 000 000 |
| | frå kr. 2 300 000 til kr. 1 300 000 | |
| 70 | Renter låneordning, kan overførast, vert auka med | 2 938 000 |
| | frå kr. 5 670 000 til kr. 8 608 000 | |
1731 | | Hæren | |
| 1 | Driftsutgifter, vert redusert med
| 5 138 000 |
| | frå kr. 5 708 331 000 til kr. 5 703 193 000 | |
1732 | | Sjøforsvaret | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 7 461 000 |
| | frå kr. 3 678 620 000 til kr. 3 686 081 000 | |
1733 | | Luftforsvaret | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 244 925 000 |
| | frå kr. 4 355 431 000 til kr. 4 600 356 000 | |
1734 | | Heimevernet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert redusert med
| 5 504 000 |
| | frå kr. 1 150 322 000 til kr. 1 144 818 000 | |
1735 | | Etterretningstenesta | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, vert redusert med
| 1 549 000 |
| | frå kr. 1 136 255 000 til kr. 1 134 706 000 | |
1740 | | Forsvarets logistikkorganisasjon | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 28 057 000 |
| | frå kr. 2 156 408 000 til kr. 2 184 465 000 | |
1760 | | Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg | |
| 1 | Driftsutgifter, kan nyttast underkap. 1760, post 45, vert
auka med | 51 559 000 |
| | frå kr. 1 008 024 000 til kr. 1 059 583 000 | |
| 44 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert
del,
kan overførast, vert
auka med | 4 000 000 |
| | frå kr. 37 923 000 til kr. 41 923 000 | |
| 45 | Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, vert
redusert
med | 251 505 000 |
| | frå kr. 6 897 320 000 til kr. 6 645 815 000 | |
| 75 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskot
til NATOs
investeringsprogram for tryggleik, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760, post 44, vert redusert med | 7 854 000 |
| | frå kr. 82 135 000 til kr. 74 281 000 | |
1761 | | Nye kampfly med baseløysing | |
| 1 | Driftsutgifter, vert redusert med
| 5 257 000 |
| | frå kr. 70 426 000 til kr. 65 169 000 | |
1790 | | Kystvakta | |
| 1 | Driftsutgifter, vert redusert med
| 10 131 000 |
| | frå kr. 1 023 076 000 til kr. 1 012 945 000 | |
1791 | | Redningshelikoptertenesta | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 17 914 000 |
| | frå kr. 849 394 000 til kr. 867 308 000 | |
1792 | | Norske styrkar i utlandet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 8 638 000 |
| | frå kr. 1 065 653 000 til kr. 1 074 291 000 | |
1795 | | Kulturelle og allmennyttige føremål | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 3 688 000 |
| | frå kr. 267 801 000 til kr. 271 489 000 | |
| | | |
Inntekter |
4710 | | Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg | |
| 1 | Driftsinntekter, vert auka med | 11 743 000 |
| | frå kr. 3 912 925 000 til kr. 3 924 668 000 | |
4719 | | Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet | |
(Ny) | 1 | Driftsinntekter, løyvast med
| 300 000 |
4723 | | Nasjonalt tryggingsorgan | |
| 1 | Driftsinntekter, vert auka med
| 8 800 000 |
| | frå kr. 2 771 000 til kr. 11 571 000 | |
4731 | | Hæren | |
| | Driftsinntekter, vert auka med
| 13 100 000 |
| | frå kr. 61 642 000 til kr. 74 742 000 | |
4733 | | Luftforsvaret | |
| 1 | Driftsinntekter, vert auka med
| 108 637 000 |
| | frå kr. 171 363 000 til kr. 280 000 000 | |
4740 | | Forsvarets logistikkorganisasjon | |
| 1 | Driftsinntekter, vert auka med
| 24 721 000 |
| | frå kr. 165 812 000 til kr. 190 533 000 | |
4760 | | Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg | |
| 45 | Større nyskaffingar, vert auka med
| 60 450 000 |
| | frå kr. 25 961 000 til kr. 86 411 000 | |
| 48 | Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert
del,
vert auka med | 24 400 000 |
| | frå kr. 67 000 000 til kr. 91 400 000 | |
4791 | | Redningshelikoptertenesta | |
| 1 | Driftsinntekter, vert auka med
| 1 837 000 |
| | frå kr. 785 241 000 til kr. 787 078 000 | |
4792 | | Norske styrkar i utlandet | |
| 1 | Driftsinntekter, vert auka med
| 26 000 000 |
| | frå kr. 10 368 000 til kr. 36 368 000 | |
4795 | | Kulturelle og allmennyttige formål | |
| 1 | Driftsinntekter, vert auka med
| 2 500 000 |
| | frå kr. 9 057 000 til kr. 11 557 000 | |
II
Bestillingsfullmakter
Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2013
kan gjere bestillingar utover dei gjevne løyvingane. Den samla ramma
for nye bestillingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande
beløp:
Kap. | Post | | Samla ramme |
1732 | | Sjøforsvaret | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 240 000 000 |
| | frå kr. 810 000 000 til kr. 1 050 000 000 | |
1733 | | Luftforsvaret | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 100 000 000 |
| | frå kr. 750 000 000 til kr. 850 000 000 | |
1791 | | Redningshelikoptertenesta | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med
| 10 000 000 |
| | Frå kr. 60 000 000 til kr. 70 000 000 | |
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 2. desember 2013
Anniken Huitfeldt
|
Christian Tybring-Gjedde
|
leder
|
ordfører
|