Under programområde 2 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om auka løyvingar til kontingentar i internasjonale organisasjonar som Noreg er medlem i. Det er m.a. eit mindrebehov knytta til FN-kontingentar, men eit meirbehov til fredsbevarande operasjonar og NATO.

Under programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om auka løyving til hjelpetiltak på Filippinane, auka løyving til opphaldsutgifter m.m. for asylsøkjarar og flyktningar i Noreg og enkelte omfordelingar.

1.1 Forslag til løyvingar

Programområde 2 Utanriksforvaltning

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om tilleggsløyvingar på netto 97,3 mill. kroner, relatert til følgjande område:

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

I samband med etablering av ei spesialrådstilling for forsvarssaker ved ambassaden i Madrid vart det i 2002 overført midlar til dekking av lønns- og driftsutgifter frå Forsvarsdepartementet til Utanriksdepartementet. Stillinga vart avvikla med verknad frå 1. september 2013, og det blir difor foreslått å tilbakeføre 919 000 kroner til Forsvarsdepartementet, jf. omtale i proposisjonen til Forsvarsdepartementet.

Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på posten med 919 000 kroner.

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjoner

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

I saldert budsjett 2013 er det løyvd 1249,041 mill. kroner til pliktige kontingentar i internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i. Etter at 2013-budsjettet vart vedteke er det kome enkelte endringar i kontingenten for 2013, m.a. grunna endra valutakurs m.m.:

FN og fredsbevarande operasjonar

Det er eit mindrebehov på 15,620 mill. kroner til FNs regulære bidrag, medan det er eit meirbehov på 106,978 mill. kroner til FNs fredsbevarande operasjonar.

Løyvingane til FNs fredsbevarande operasjonar vart redusert i 2012 som følgje av fastlåste forhandlingar om budsjettet, og fleire utbetalingar knytta til budsjettåret 2012 kom først til utbetaling i 2013. Endring i utbetalingstidspunkt skuldast også at finansieringa av operasjonane er knytta opp mot tidspunktet for vedtak av operasjonsmandata – som er fordelt over heile året.

NATO

For NATO er det eit samla meirbehov på 9,342 mill. kroner, i hovudsak knytta opp til at deler av 2012-kontingenten først kom til utbetaling i 2013 og at det er eit mindrebehov i 2013 knytta til bygging av NATO sitt nye hovudkvarter.

Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 98,203 mill. kroner.

Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp

I Prop. 191 S (2012–2013) Endringer i statsbudsjettet 2013 under Utenriksdepartementet (humanitær bistand til Syria, Sør-Sudan og området rundt de store sjøer i Afrika) er det foreslått 350 mill. kroner i auka løyving. Auka tilstrøyming av asylsøkjarar og flyktningar til Noreg i år gjer at det er behov for ei tilleggsløyving på 127,1 mill. kroner for å dekke dei ODA-godkjende opphaldsutgiftene, jf. omtale under kap. 167 Flyktningtiltak i Norge, godkjende som utviklingshjelp. 103,6 mill. kroner av tilleggsbehova nemde ovanfor blir foreslått dekka ved omdisponering innanfor utviklingsbudsjettet, jf. nærmare omtale nedanfor.

Som følgje av naturkatastrofa på Filippinane blir det gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 120 mill. kroner, jf. omtale under kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar.

Budsjettet for utviklingshjelp for 2013 blir dermed, jf. endringane omtalt ovanfor, foreslått auka med netto 493,5 mill. kroner til 30 701,7 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om følgjande endringar under programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp:

Kap. 150 Bistand til Afrika

Post 78 Regionbevilgning for Afrika, kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 50 mill. kroner pga. forseinking i enkelte prosjekt.

Kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naturkatastrofar, kan overførast

Det er behov for stor hjelpeinnsats på Filippinane som følgje av øydeleggingane etter tyfonen Haiyans. Styrken til tyfonen var 3,5 gonger styrken til orkanen Katrina. Det er rekna med at 11,8 millionar menneske er ramma og 920 000 er fordrivne frå heimane sine, og nærmare 250 000 hus er øydelagde. Mangel på infrastruktur er ei stor utfordring for hjelpe- og kartleggingsarbeidet. Den mest akutte hjelpa er til vatn og sanitær, helse og mat.

Myndigheitene og FN lanserte 12. november den første konkrete appellen om støtte. Det blir bede om USD 301 mill. til mat, vatn, sanitær, husly, logistikk og opprydding. Appellen er for 6 månader – fram til mai 2014. I tillegg har det internasjonale Raudekross-systemet lansert ein eigen appell på USD 100 mill. Denne er tett koordinert med myndigheiter og FN.

Behova er svært store og det er viktig å hjelpe til raskt. Regjeringa har hittil gitt 60 mill. kroner i hjelp. Regjeringa foreslår å yte ytterlegare 120 mill. kroner i hjelp. Det blir difor i denne proposisjonen gjort framlegg om 120 mill. kroner i tilleggsløyving.

Kap. 166 Miljø- og bærekraftig utvikling m.m.

Post 71 Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m., kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 3,6 mill. kroner. Etter dette er disponibel løyving på posten i år 40,9 mill. kroner.

Post 72 Internasjonale miljøprosessar og berekraftig utvikling, kan overførast

I denne proposisjonen vert det gjort framlegg om å overføre 200 mill. kroner frå kap. 166 post 73 Klima og skogsatsinga til kap. 166 post 72 Internasjonale miljøprosessar og berekraftig utvikling, 100 mill. kroner til Den globale stiftelsen for avlingsmangfald (Global Crop Diversity Trust/GCDT) sitt Endowment Fund, 40 mill. kroner til eit benefit-sharing fond under Plantetraktaten og 60 mill. kroner til eit fond for kortliva klimagassar.

Når det gjeld GCDT Endowment Fund, ligg det i fondets natur at det berre er avkasting av fondet (inntil 4 pst.) som kan brukast. Det blir difor gjort framlegg om forslag til romartalsfullmakt for å kunne betale dette ut til GCDT Endowment Fund i år, jf. forslag til romartal II.

Det blir gjort framlegg om auke i løyvinga på 200 mill. kroner.

Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast

Det blir vist til omtale på post 72 ovanfor. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 200 mill. kroner.

Post 74 Fornybar energi, kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 50 mill. kroner, pga. forseinking i enkelte prosjekt.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Som følgje av auka tilstrøyming av asylsøkjarar og flyktningar til Noreg er det behov for auka løyvingar til opphaldsutgifter m.m. Det blir i denne samanhengen vist til omtale i proposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet som har ansvaret for dette feltet.

Etter OECD/DAC sitt regelverk kan visse førsteårs opphaldsutgifter m.m. knytta til asylsøkjarar og flyktningar i Noreg klassifiserast som offisiell utviklingshjelp og finansierast over bistandsbudsjettet. Det blir i denne proposisjonen gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 127,125 mill. kroner.