Under programområde 2 Utanriksforvaltning blir
det gjort framlegg om auka løyvingar til kontingentar i internasjonale
organisasjonar som Noreg er medlem i. Det er m.a. eit mindrebehov knytta
til FN-kontingentar, men eit meirbehov til fredsbevarande operasjonar
og NATO.
Under programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp
blir det gjort framlegg om auka løyving til hjelpetiltak på Filippinane,
auka løyving til opphaldsutgifter m.m. for asylsøkjarar og flyktningar
i Noreg og enkelte omfordelingar.
Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir
det gjort framlegg om tilleggsløyvingar på netto 97,3 mill. kroner,
relatert til følgjande område:
I samband med etablering av ei spesialrådstilling for
forsvarssaker ved ambassaden i Madrid vart det i 2002 overført midlar
til dekking av lønns- og driftsutgifter frå Forsvarsdepartementet
til Utanriksdepartementet. Stillinga vart avvikla med verknad frå
1. september 2013, og det blir difor foreslått å tilbakeføre 919 000
kroner til Forsvarsdepartementet, jf. omtale i proposisjonen til
Forsvarsdepartementet.
Det blir gjort framlegg om reduksjon i løyvinga på
posten med 919 000 kroner.
I saldert budsjett 2013 er det løyvd 1249,041 mill.
kroner til pliktige kontingentar i internasjonale organisasjonar
Noreg er medlem i. Etter at 2013-budsjettet vart vedteke er det kome
enkelte endringar i kontingenten for 2013, m.a. grunna endra valutakurs
m.m.:
Det er eit mindrebehov på 15,620 mill. kroner
til FNs regulære bidrag, medan det er eit meirbehov på 106,978 mill.
kroner til FNs fredsbevarande operasjonar.
Løyvingane til FNs fredsbevarande operasjonar vart
redusert i 2012 som følgje av fastlåste forhandlingar om budsjettet,
og fleire utbetalingar knytta til budsjettåret 2012 kom først til
utbetaling i 2013. Endring i utbetalingstidspunkt skuldast også
at finansieringa av operasjonane er knytta opp mot tidspunktet for
vedtak av operasjonsmandata – som er fordelt over heile året.
For NATO er det eit samla meirbehov på 9,342 mill.
kroner, i hovudsak knytta opp til at deler av 2012-kontingenten
først kom til utbetaling i 2013 og at det er eit mindrebehov i 2013 knytta
til bygging av NATO sitt nye hovudkvarter.
Det blir gjort framlegg om ei tilleggsløyving
på 98,203 mill. kroner.
I Prop. 191 S (2012–2013) Endringer i statsbudsjettet
2013 under Utenriksdepartementet (humanitær bistand til Syria, Sør-Sudan
og området rundt de store sjøer i Afrika) er det foreslått 350 mill.
kroner i auka løyving. Auka tilstrøyming av asylsøkjarar og flyktningar
til Noreg i år gjer at det er behov for ei tilleggsløyving på 127,1
mill. kroner for å dekke dei ODA-godkjende opphaldsutgiftene, jf.
omtale under kap. 167 Flyktningtiltak i Norge, godkjende som utviklingshjelp.
103,6 mill. kroner av tilleggsbehova nemde ovanfor blir foreslått
dekka ved omdisponering innanfor utviklingsbudsjettet, jf. nærmare
omtale nedanfor.
Som følgje av naturkatastrofa på Filippinane
blir det gjort framlegg om ei tilleggsløyving på 120 mill. kroner,
jf. omtale under kap. 163 Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar.
Budsjettet for utviklingshjelp for 2013 blir dermed,
jf. endringane omtalt ovanfor, foreslått auka med netto 493,5 mill.
kroner til 30 701,7 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om følgjande endringar under
programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp:
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga
på 50 mill. kroner pga. forseinking i enkelte prosjekt.
Det er behov for stor hjelpeinnsats på Filippinane
som følgje av øydeleggingane etter tyfonen Haiyans. Styrken til
tyfonen var 3,5 gonger styrken til orkanen Katrina. Det er rekna
med at 11,8 millionar menneske er ramma og 920 000 er fordrivne
frå heimane sine, og nærmare 250 000 hus er øydelagde. Mangel på
infrastruktur er ei stor utfordring for hjelpe- og kartleggingsarbeidet.
Den mest akutte hjelpa er til vatn og sanitær, helse og mat.
Myndigheitene og FN lanserte 12. november den
første konkrete appellen om støtte. Det blir bede om USD 301 mill.
til mat, vatn, sanitær, husly, logistikk og opprydding. Appellen
er for 6 månader – fram til mai 2014. I tillegg har det internasjonale
Raudekross-systemet lansert ein eigen appell på USD 100 mill. Denne
er tett koordinert med myndigheiter og FN.
Behova er svært store og det er viktig å hjelpe
til raskt. Regjeringa har hittil gitt 60 mill. kroner i hjelp. Regjeringa
foreslår å yte ytterlegare 120 mill. kroner i hjelp. Det blir difor
i denne proposisjonen gjort framlegg om 120 mill. kroner i tilleggsløyving.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga
på 3,6 mill. kroner. Etter dette er disponibel løyving på posten
i år 40,9 mill. kroner.
I denne proposisjonen vert det gjort framlegg
om å overføre 200 mill. kroner frå kap. 166 post 73 Klima og skogsatsinga
til kap. 166 post 72 Internasjonale miljøprosessar og berekraftig
utvikling, 100 mill. kroner til Den globale stiftelsen for avlingsmangfald
(Global Crop Diversity Trust/GCDT) sitt Endowment Fund, 40 mill.
kroner til eit benefit-sharing fond under Plantetraktaten og 60 mill.
kroner til eit fond for kortliva klimagassar.
Når det gjeld GCDT Endowment Fund, ligg det i
fondets natur at det berre er avkasting av fondet (inntil 4 pst.)
som kan brukast. Det blir difor gjort framlegg om forslag til romartalsfullmakt for
å kunne betale dette ut til GCDT Endowment Fund i år, jf. forslag
til romartal II.
Det blir gjort framlegg om auke i løyvinga på 200
mill. kroner.
Det blir vist til omtale på post 72 ovanfor.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga på 200 mill.
kroner.
Det blir gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga
på 50 mill. kroner, pga. forseinking i enkelte prosjekt.
Som følgje av auka tilstrøyming av asylsøkjarar og
flyktningar til Noreg er det behov for auka løyvingar til opphaldsutgifter
m.m. Det blir i denne samanhengen vist til omtale i proposisjonane
til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne-, likestillings- og
inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet som har ansvaret
for dette feltet.
Etter OECD/DAC sitt regelverk kan visse førsteårs
opphaldsutgifter m.m. knytta til asylsøkjarar og flyktningar i Noreg
klassifiserast som offisiell utviklingshjelp og finansierast over bistandsbudsjettet.
Det blir i denne proposisjonen gjort framlegg om ei tilleggsløyving
på 127,125 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre Simensen
og Jens Stoltenberg, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Regina Alexandrova,
Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Fremskrittspartiet,
Kristian Norheim, Per Sandberg og Christian Tybring-Gjedde, fra
Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra Senterpartiet, Liv Signe
Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Bård Vegar Solhjell, noterer seg at korrekt post i proposisjon
for endringer under kap. 150 Bistand til Afrika skal være «post 78
Regionbevilgning for Afrika, kan overføres».
Komiteen slutter seg til de foreslåtte
endringer i statsbudsjettet for 2013 under Utenriksdepartementet.
Komiteen har for øvrig ingen
merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | | |
Utgifter |
100 | | Utanriksdepartementet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert redusert med
| 919 000 |
| | frå kr 1 826 422 000 til kr 1 825 503 000 | |
116 | | Deltaking i internasjonale organisasjonar | |
| 70 | Tilskot til internasjonale organisasjonar, vert auka med | 98 203 000 |
| | frå kr 1 249 041 000 til kr 1 347 244 000 | |
150 | | Bistand til Afrika | |
| 78 | Regionbevilgning for Afrika, kan
overførast, vert redusert med
| 50 000 000 |
| | frå kr 2 097 300 000 til kr 2 047 300 000 | |
163 | | Naudhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar | |
| 70 | Naudhjelp, kan overførastblir auka med | 120 000 000 |
| | frå kr 500 000 000 til kr 620 000 000 | |
166 | | Miljø og berekraftig utvikling m.m. | |
| 71 | Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m., kan overførast, vert
redusert med | 3 600 000 |
| | frå kr 31 000 000 til 27 400 000 | |
| 72 | Internasjonale miljøprosessar og berekraftig utvikling, kan overførast, vert auka med
| 200 000 000 |
| | frå kr 168 400 000 til kr 368 400 000. | |
| 73 | Klima- og skogsatsinga, kan overførast, vert redusert med | 200 000 000 |
| | frå kr 2 847 600 000 til kr 2 647 600 000 | |
| 74 | Fornybar energi, kan overførast, vert redusert med | 50 000 000 |
| | frå 1 377 300 000 til kr 1 327 300 000 | |
167 | | Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp
(ODA) | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, blir auka med
| 127 125 000 |
| | frå kr 1 459 558 000 til kr 1 586 683 000 | |
II
Stortinget samtykkjer i at Utanriksdepartementet i
2013 kan fråvike stortingsvedtak av 8. november 1984 ved utbetaling
av 100 mill. kroner i tilskot til Global Crop Diversity Trust (GCDT).
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 2. desember 2013
Anniken Huitfeldt
|
Kåre Simensen
|
leder
|
ordfører
|