Innstilling frå justiskomiteen om endringar i kjøpsloven og avtaleloven (FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing)

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Justis- og beredskapsdepartementet ber i proposisjonen om samtykkje frå Stortinget til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing. Det vises til eigen innstilling om vedtak om samtykkje til avtalen. I denne innstillinga behandlas lovsaken.

Departementet gjer framlegg om å gjennomføre CISG del II i norsk rett ved ei blankettføresegn i kjøpsloven der det blir slått fast at konvensjonen skal gjelde som norsk lov. I samband med dette føreslår departementet at heile CISG blir gjennomført som norsk lov ved inkorporasjon. CISG er, med unnatak av del II, etter gjeldande rett gjennomført i norsk rett ved transformasjon. CISG er dermed omsett, om systematisert og i nokon grad fortolka inn i ein konsolidert norsk lovtekst (kjøpsloven) som gjeld både for nasjonale og internasjonale kjøp. I kjøpsloven er det gitt somme unnatak og særføresegner for internasjonale kjøp. Dersom konvensjonen fullt ut blir gjennomført ved inkorporasjon, fell behovet for desse særreglane bort, og departementet føreslår at dei blir oppheva.

Lovforslaga i proposisjonen har ikkje noko å seie for nasjonale lausøyrekjøp eller kontraktar om lausøyrekjøp der begge partane har forretningsstad i dei nordiske landa. Dei nordiske landa reserverte seg då dei slutta seg til CISG, mot at konvensjonen skal gjelde for nordiske kjøp, og det er ikkje aktuelt å trekkje denne reservasjonen. Ei anna sak er at det kan vere naudsynt å klårgjere at denne reservasjonen òg skal gjelde for reglane i konvensjonen om avtaleinngåing. Lovforslaga har heller ikkje verknad for forbrukarkjøp, sal på auksjon, sal ved tvangsfullbyrding eller etter lovpåbod, kjøp av aksjar, verdipapir, omsetningspapir eller pengar eller kjøp av skip, fartøy, luftputefartøy, luftfartøy eller elektrisitet. Slike kjøp fell utanfor området konvensjonen gjeld for.

Reglane om avtaleinngåing er neppe i seg sjølve av stor praktisk betyding for partane i internasjonale lausøyrekjøpsforhold. Dessutan er det ikkje vesentlege reelle skilnader mellom reglane i CISG del II og avtaleloven kapittel 1. Framlegget kan likevel ha ein viss positiv effekt ved å redusere transaksjonskostnadene i samband med internasjonale lausøyrekjøp. Det forenklar rettskjeldebildet ved at reglane for avtaleinngåing vil bli dei same uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som skal leggjast til grunn. Lovvalsreglane får dermed ei meir underordna rolle. Vidare kan det at Noreg får reglar for avtaleinngåing i internasjonale lausøyrekjøpsforhold som svarar til dei reglane fleirtalet av handelsstatar opererer med i dag, vere positivt ut frå handels- og næringsomsyn. Framlegget om å gjennomføre CISG ved inkorporasjon framfor transformasjon vil vidare i seg sjølv vere egna til å forenkle rettskjeldesituasjonen, òg med omsyn til dei delane av konvensjonen som allereie er gjennomførte i norsk rett, ettersom partane då kan halde seg direkte til originalteksten i konvensjonen uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som skal nyttast.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, lederen Hadia Tajik og Lene Vågslid, fra Høyre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og Anders B. Werp, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein, fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til Prop. 158 LS (2012–2013) hvor det både fremmes forslag til lovvedtak og stortingsvedtak. I denne innstillingen behandles kun lovvedtaket. Det vises til egen innstilling om stortingsvedtaket.

Komiteen har ingen merknader til de foreslåtte endringene i kjøpsloven og avtaleloven.

Merknader frå utanriks- og forsvarskomiteen

Komiteens utkast til innstilling ble 26. november 2013 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen opplyste i brev av 4. desember 2013 at de sluttet seg til justiskomiteens innstilling, og ikke hadde ytterligere merknader.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i kjøpsloven og avtaleloven

I

I lov 13. mai 1988 nr. 27 om kjøp blir det gjort følgjande endringar:

§ 5 skal lyde:

§ 5 Internasjonalt kjøp

For kjøp som er omfattet av virkeområdet for FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontrakter for internasjonale løsørekjøp, gjelder lovens kapittel XV. Dette gjelder ikke kjøp der selgeren har forretningsstedet i Norge, Danmark, Finland, Island eller Sverige og kjøperen har forretningsstedet i et annet av disse landene (nordisk kjøp).

§ 26 andre punktum blir oppheva.

§ 27 fjerde ledd andre punktum blir oppheva.

§ 40 andre ledd andre punktum blir oppheva.

§ 41 fjerde ledd skal lyde:

(4) For tredjemannskrav som bygger på immaterialrett gjelder reglene i første ledd tilsvarende.

§ 54 fjerde ledd andre punktum blir oppheva.

§ 66 andre ledd andre punktum blir oppheva.

§ 70 overskrifta skal lyde:

§ 70 Plikt til å begrense tap. Lemping av ansvaret

§ 70 tredje ledd blir oppheva.

§ 85 tredje ledd tredje punktum blir oppheva.

Kapittel XV overskrifta skal lyde:

Kapittel XV. Internasjonalt kjøp.

§ 87 skal lyde:

§ 87 FN-konvensjonen om internasjonale løsørekjøp

FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontrakter for internasjonale løsørekjøp gjelder som norsk lov.

§§ 88 til 99 blir oppheva.

Noverande § 100 blir § 88 i kapittel XVI.

II

I lov 31. mai 1918 nr. 4 om avslutning av avtaler, om fuldmagt og om ugyldige viljeserklæringer skal i kapittel 1 ny § 9 a lyde:

§ 9 a. Paragrafene 1 til 9 får ikke anvendelse på inngåelse av kjøpsavtaler som omfattes av kjøpsloven kapittel XV.

III

  • 1. Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

  • 2. Lova gjeld ikkje for avtalar som er inngått før lova trer i kraft.

Oslo, i justiskomiteen, den 10. desember 2013

Hadia Tajik

Kari Henriksen

leder

ordfører