Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Løyvinga dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.
Justis- og beredskapsdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 og kap. 3430 post 3 med 2 mill. kroner, og løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 og kap. 3430 post 4 med 0,6 mill. kroner.
Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) vart skild ut frå Justis- og beredskapsdepartementet i juni 2013. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013 vart det følgjeleg overført 20 årsverk til direktoratet. Seinare er det bestemt at tre årsverk i tillegg skal overførast KDI.
Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 400 post 1.
Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 3,6 mill. kroner.