Samandrag

Kap. 1370 Posttenester

Post 70 Kjøp av post- og banktenester

I 2012 blei det løyvd i alt 179 mill. kroner på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med dette viser eit faktisk behov i 2012 på 302 mill. kroner til kjøp av post- og banktenester. Dette er 123 mill. kroner meir enn det som blei løyvd i 2012. Departementet legg opp til at staten betaler rente på det beløpet som Posten Norge skal ha etterbetalt.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester med 126,7 mill. kroner.

Kap. 1380 Post- og teletilsynet

Post 1 Driftsutgifter

Post- og teletilsynets driftsutgifter vil bli lågare enn lagt til grunn i budsjettet for 2013. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 1 Driftsutgifter, med 4,8 mill. kroner.

Kap. 4380 Post- og teletilsynet

Post 1 Diverse gebyr

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4380 Post- og teletilsynet, post 1 Diverse gebyr med 7,51 mill. kroner. Endringa kjem av, lønnsoppgjeret 2013, av lågare driftsutgifter og lågare gebyrinntekter.

Post 51 Frå reguleringsfondet

Reguleringsfondet består av gebyrinntekter frå tidlegare år som ikkje har vore nødvendige for å finansiere dei årlege utgiftene. Fondet er eit hjelpemiddel for å kompensere for tilfeldige inntekts- og utgiftsvariasjonar, slik at kravet om at Post- og teletilsynet skal vere sjølvfinansiert kan oppfyllast utan store gebyrendringar frå år til år.

Under kap. 4380 post 1 Diverse gebyr, har Post- og teletilsynet berekna at gebyrinntektene vil bli 4 mill. kroner lågare enn budsjettert i 2013. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4380 Post- og teletilsynet, post 51 Frå reguleringsfondet, med 4 mill. kroner.

For 2013 har Samferdselsdepartementet fullmakt til å trekkje inntil 10 mill. kroner til eller frå Post og teletilsynets reguleringsfond. Ein auke i løyvinga på post 51 Frå reguleringsfondet gjer at fullmaktsbeløpet må aukast, jf. forslag til romartalsvedtak.

Komiteens merknader til Post- og telekommunikasjoner

Komiteen slutter seg til forslagene til bevilgninger under programområde 22.10 Post- og telekommunikasjoner.