2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen, og Anette Trettebergstuen, frå Høgre, Stefan Heggelund, leiaren Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Venstre, Sveinung Rotevatn, og frå Sosialistisk Venstreparti, Johnny Ingebrigtsen, viser til at dei føreslegne endringane i ferieloven er eit resultat av EU sitt arbeidstidsdirektiv, som er innlemma i EØS-avtala. Her blir det fastsett krav om at arbeidstakar skal sikrast ein årleg betalt ferie på minst fire veker. EU-domstolen har dei siste åra avsagt fleire dommar om artikkel 7 i direktivet, og dette gjer det naudsynt å endre ferieloven.

Komiteen viser til at vilkåret i gjeldande norsk rett om minst seks dagar arbeidsuførheit for å få utsett ferie, ikkje er i tråd med arbeidstidsdirektivet sin artikkel 7 nr. 1. EU-domstolen er klar på at retten til fire veker betalt ferie kvart år er absolutt, og at arbeidstakar ikkje skal tape denne retten ved sjukdom, uansett om dette oppstår i forkant av eller i løpet av ferien. Komiteen er difor av den oppfatning at å endre ferieloven § 9 nr. 1 andre ledd vil styrkje arbeidstakarane sine rettar til ferie, og i endå større grad enn i dag underbyggje ferieloven sitt føremål om restitusjon og kvile.

Komiteen viser til at nokre arbeidsgjevarorganisasjonar meiner manglande særregulering for lovbestemt ferie utover direktivet sitt krav inneber ei unødvendig «overoppfylling» av direktivet. Komiteen vil understreke at det er viktig å ikkje lage meir kompliserte regelverk enn naudsynt, og støttar difor regjeringa si haldning om å ikkje innføre særreglar for ulike typar lovbestemt ferie.

Komiteenviser til at ferieloven i dag gjev større moglegheiter til å få utbetalt feriepengar enn det er høve til etter arbeidstidsdirektivet artikkel 7. ESA har konkludert med at dette er i strid med nemnde artikkel. Komiteen seier seg difor samd med regjeringa i at moglegheita til å få utbetalt feriepengar framfor å avvikle ferie må falle bort, også når det skuldast sjukdom eller foreldrepermisjon. Også her er det viktig med eit enkelt og føreseieleg regelverk, og komiteen ønskjer difor ikkje å foreslå særreglar for utbetaling av feriepengar for lovfesta ferie utover direktivet sitt krav.

Komiteen viser til behovet for å forenkle og klargjere reglane i ferieloven om overføring av ferie både ved sjukdom og foreldrepermisjon. Difor føreslår ein å endre § 7 for å få fram at også ferie som ikkje er avvikla grunna sjukdom eller foreldrepermisjon, skal overførast til det påfølgjande året. I samsvar med dette blir det føreslege å oppheve § 9 nr. 1 tredje ledd.

Komiteenviser til framlegget om å opne for avtalebaserte konsernordningar. Ei konsernordning vil i utgangspunktet innebere ei utviding av dei tilsette sin representasjon, ettersom dei får rett til representasjon i morselskapet sitt styre i tillegg til eventuell representasjon i eige selskap sitt styre. Etter komiteen si oppfatning er det ikkje naudsynt at slik felles representasjonsordning skal godkjennast i Bedriftsdemokratinemnda dersom konsernet og eit fleirtal av dei tilsette er samde om at dei ønskjer ei slik ordning. Komiteenviser til at dei aller fleste søknader om slike ordningar der partane er samde, i dag blir godkjende av Bedriftsdemokratinemnda, som då legg avgjerande vekt på at det er semje om ordninga. Komiteen meiner difor at framlegget frå regjeringa vil bidra til reduserte administrative kostnader for dei selskapa som ønskjer å etablere ei slik ordning.

Komiteen vil understreke at søknader om ei slik ordning for berre delar av konsernet, også med dette framlegget vil måtte godkjennast av Bedriftsdemokratinemnda. På denne måten sikrar ein seg mot å avtale ordningar som utelet delar av konsernet, noko som teoretisk kan bli misbrukt.

Komiteenlegg vidare til grunn at sjølv om ein gjev moglegheit til å inngå ein avtale om konsernordning, inneber ikkje dette at partane også kan avtale seg bort frå dei andre reglane i representasjonsregelverket. Eventuelle unntak frå desse reglane vil framleis føresetje godkjenning av Bedriftsdemokratinemnda.

Vidare støttar komiteen framlegget om endra representasjonsgrad for fagforeiningar. Dagens krav om at fagforeiningane må representere to tredjedelar av dei tilsette, meiner komiteener noko strengt, all den tid representasjonsregelverket stiller ulike krav til kor stor del av dei tilsette dei lokale fagforeiningane må omfatte. Spesielt i og med at alle krav og søknadar uansett kan fremjast av eit fleirtal av dei tilsette. Med dette vil ein kunne inngå avtale om innføring av ei konsernordning mellom konsernet eller gruppa og eit fleirtal av dei tilsette eller lokale fagforeiningar som representerer eit fleirtal av dei tilsette. Komiteen meiner dette vil gje eit meir samsvarande og harmonerande regelverk.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til at det i proposisjonen vert føreslått at lovendringane i ferieloven mv. skal gjelda frå 1. juli 2014. Når det blir føreslått at denne endringa skal gjelda frå midt i eit kalenderår, vil det for 2014 ikkje vera samsvar mellom den perioden arbeidstakar skal ta ut ferien og tidspunktet for kor tid dei nye endringane skal gjelda for. Denne medlemen meiner dette er uheldig då endringane for einskilde arbeidstakarar berre vil gjelda for deler av ferien den enkelte tek ut i 2014.

Denne medlemen føreslår difor at endringar i ferieloven mv. fyrst vert gjeldande frå 1. januar 2015. Denne medlemen fremjar difor følgjande forslag til vedtak:

«VIII

Loven trer i kraft 1. juli 2014. Punkt I trer i kraft fra 1. januar 2015. Punkt VII trer i kraft straks.»

Denne medlemen vil vidare visa til at forslaga til endringar i ferieloven kjem som følgje av at artikkel 7 i Europaparlamentets og Rådets direktiv 03/88/EF om visse aspekter ved organiseringen av arbeidstiden (arbeidstidsdirektivet) er innlemma i EØS-avtalen og at fleire orskurder frå EU-domstolen dei siste åra har gjort at departementet ser det som naudsynt å fremja forslag til enkelte endringar i ferieloven for å styrka retten arbeidstakarane har til ferie. Denne medlemen meiner ferieloven ikkje har vore til hinder for at arbeidstakarar i Noreg har og har hatt ei god og sikker ordning når det gjeld uttak av ferie. Denne medlemen kan ikkje sjå kvifor Noreg ikkje kunne halda fram med dagens reglar. Denne medlemen meiner dei føreslåtte endringane i ferieloven vil medføra auka kostnader både for arbeidsgjevar og for det offentlege. Samstundes vil dei føreslåtte endringane fjerna høvet den einskilde arbeidstakar har til å få utbetalt feriepengar framfor å avvikla ferie, sjølv om direktivet opnar for nasjonale reglar for framleis rett til utbetaling av feriepengar i staden for overføring av ferie når det gjeld ferie utover direktivets minimumskrav på 24 virkedagar. Denne medlemen merkar seg at departementet med statsråden frå Framstegspartiet her har valt ei ordning som inneber redusert valfridom for den einskilde.