Innstilling frå arbeids- og sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet 2014 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2014)

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Det blir i proposisjonen fremja framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2014 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2014.

Ein syner til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 23. mai 2014 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2014 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpenger.

Grunnbeløpet er auka frå 85 245 kroner til 88 370 kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,67 pst. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 pst.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,67 prosent og deretter fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 pst. frå 1. mai 2014.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 3,67 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 3,16 pst. Satsane er frå 1. mai 2014 sette til 137 768 kroner for låg sats, 160 285 kroner for ordinær sats, 173 274 kroner for høg sats og 270 240 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2014 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 6 470 mill. kroner.

For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til Stortinget, har departementet som utgangspunkt i vedtaksdelen i denne proposisjonen nytta Prop. 93 S (2013–2014) som ble fremma samtidig med revidert nasjonalbudsjett.

Ein syner til kapittel 3 i proposisjonen, som gjer greie for utviklinga i grunnbeløpet, pensjoner og lønn seinare åra.

Når det gjelde skattereglane for pensjonistar i 2014 er dette gjort greie for i kapittel 4 når det gjelde:

  • Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

  • Særskilde reglar for uførepensjonistar

  • Minstefrådraget for pensjonsinntekter

  • Trygdeavgift.

I kapittel 5 og 6 i proposisjonen er det nærare gjort greie for:

  • Pensjonar og ytingar frå folketrygda

  • Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse

  • Avtalefesta pensjon i privat sektor

  • Pensjonstrygda for sjømenn

  • Krigspensjonering

  • Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.

1.2 Nærare om reguleringa

Reglane for regulering

Reglane for regulering for pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova §§ 1-4 og 10-14 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om berekning av lønnsvekst som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygda. Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Det vises til kapittel 2 i proposisjonen der det er gjort detaljert greie for reglane for reguleringane, samt regulering av grunnbeløpet, pensjonar og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2014.

Drøftingar med organisasjonane

Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.

Det er lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,3 pst. i 2014. I trygdeoppgjeret 2013 vart det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,5 pst. Faktisk lønnsauke for 2013 er anslått til 3,9 pst. (frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera av 31. mars 2014). Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,40 prosentpoeng for 2013. I trygdeoppgjeret 2013 vart det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 4,0 pst. i 2012. Faktisk lønnsauke for 2012 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera framleis sett til 4,0 pst. Partane er samde om at det dermed ikkje ligg føre eit avvik for 2012.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen, og Anette Trettebergstuen, frå Høgre, Stefan Heggelund, leiaren Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Venstre, Sveinung Rotevatn, og frå Sosialistisk Venstreparti, Johnny Ingebrigtsen, har merket seg at det til grunn for reguleringen ligger ventet lønnsøkning i 2014 på 3,3 pst. justert for eventuelle avvik mellom ventet og faktisk lønnsøkning de siste to årene. Grunnbeløpet er økt fra 85 245 kroner til 88 370 kroner fra 1. mai 2014. Dette utgjør 3,67 pst.

Komiteen konstaterer at reguleringen av grunnbeløpet i folketrygden og løpende pensjoner er foretatt i tråd med Stortingets vedtak. Grunnbeløpet og pensjoner under opptjening, samt uførepensjoner og ytelser som reguleres gjennom endringer i grunnbeløpet, reguleres med 3,67 pst. Etter at løpende alderspensjoner er oppregulert med lønnsveksten, gjøres et fratrekk på 0,75 pst., slik at dagens alderspensjonister får en årlig økning på 2,89 pst.

Det har vært avholdt drøftingsmøter mellom regjeringen og Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne den 16. og 20. mai 2014, og komiteen har merket seg at partene er enige om reguleringen av grunnbeløpet og pensjoner i folketrygden fra 1. mai 2014.

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag i Prop. 111 S (2013–2014).

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

Arbeids- og sosialdepartementet får fullmakt til å regulere pensjonar frå statskassa på same måten som for statspensjonistar.

II

I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

611

Pensjonar frå statskassa

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med

300 000

frå kr 13 700 000 til kr 14 000 000

612

Tilskott til Statens pensjonskasse

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med

453 000 000

frå kr 8 276 000 000 til kr 8 729 000 000

70

For andre medlemer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving, blir auka med

5 000 000

frå kr 91 000 000 til kr 96 000 000

615

Yrkesskadeforsikring

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med

1 000 000

frå kr 108 000 000 til kr 109 000 000

616

Gruppelivsforsikring

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, blir auka med

4 000 000

frå kr 174 000 000 til kr 178 000 000

660

Krigspensjon

70

Tilskott, militære, overslagsløyving, blir auka med

2 000 000

frå kr 123 000 000 til kr 125 000 000

71

Tilskott, sivile, overslagsløyving, blir auka med

6 000 000

frå kr 300 000 000 til kr 306 000 000

664

Pensjonstrygda for sjømenn

70

Tilskott, blir auka med

1 000 000

frå kr 80 000 000 til kr 81 000 000

666

Avtalefesta pensjon

70

Tilskott, blir auka med

23 000 000

frå kr 1 660 000 000 til kr 1 683 000 000

667

Supplerande stønad til personar over 67 år

70

Tilskott, overslagsløyving, blir auka med

9 000 000

frå kr 420 000 000 til kr 429 000 000

2620

Stønad til einsleg mor eller far

70

Overgangsstønad, overslagsløyving, blir auka med

59 000 000

frå kr 2 410 000 000 til kr 2 469 000 000

2651

Ytingar under arbeidsavklaring

70

Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving, blir auka med

833 000 000

frå kr 34 110 000 000 til kr 34 943 000 000

2655

Uførheit

70

Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med

582 000 000

frå kr 23 810 000 000 til kr 24 392 000 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med

893 000 000

frå kr 36 530 000 000 til kr 37 423 000 000

72

Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med

55 000 000

frå kr 2 250 000 000 til kr 2 305 000 000

76

Yrkesskadetrygd gml. lovgivning, overslagsløyving, blir auka med

2 000 000

frå kr 63 000 000 til kr 65 000 000

2670

Alderdom

70

Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med

1 156 000 000

frå kr 59 220 000 000 til kr 60 376 000 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med

2 188 000 000

frå kr 111 520 000 000 til kr 113 708 000 000

73

Særtillegg, pensjonstillegg mv., overslagsløyving, blir auka med

143 000 000

frå kr 5 670 000 000 til kr 5 813 000 000

2680

Ytingar til gjenlevande ektefellar

70

Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med

30 000 000

frå kr 1 220 000 000 til kr 1 250 000 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med

23 000 000

frå kr 955 000 000 til kr 978 000 000

72

Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med

2 000 000

frå kr 98 000 000 til kr 100 000 000

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 12. juni 2014

Arve Kambe

leder og ordfører