Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Senterpartiet vil styrke dei offentlige sjukehusa. Vi vil ha ei ny og betre organisering og finansiering av norske sjukehus, og stoppe den sentraliseringa og privatiseringa av spesialisthelsetenesta som no skjer. Beredskap er eit offentleg ansvar, og eit desentralisert sjukehustilbod er naudsynt for å sikre det. Senterpartiet aukar sjukehusbevillingane med 850 mill. kroner ut over regjeringas forslag i sitt alternative budsjett. Dette medlem meiner at innføring av ordninga med Fritt behandlingsval vil kunne svekke dei offentlige sjukehusa og pasientrettigheitene, sentralisere tilbod og redusere myndighetenes muligheit til å kontrollere og prioritere helsetilbod etter befolkninga sitt behov. Den same risikoen gir gjennomføring av Pasientrettigheitsdirektivet, jf. Prop. 135 S (2013–2014). Senterpartiet er difor imot fritt behandlingsval og Pasientrettigheitsdirektivet. Senterpartiet vil setje krav om betre leiing, med stadleg leiing ved alle sjukehus og større sjukehusavdelingar, for slik å sikre effektivitet og kvalitet i behandlinga. Senterpartiet arbeider for mindre marknadsstyring og ein økonomi for auka pasientbehandling, fagleg utvikling og nødvendig fornying av utstyr og bygningar ved alle norske sjukehus. Dette medlem vil redusere grad av innsatsstyrt finansiering til 30 prosent i 2015, med mål om rammefinansiering innan fem år. Dette medlem vil avvikle ordninga med kvalitetsbasert finansiering etter at prøveperioden er over. Senterpartiet øyremerkar prosjektmidlar på til saman 90 mill. kroner over tre år for oppretting av Rjukan spesialistsenter og «friklinikk», jf. Dokument 8:17 S (2014–2015). Det øyremerkast tilskot til etablering av desentralisert lysbehandling med 10 mill. kroner og 50 mill. kroner til sjukehusa sitt arbeid med skadde flyktningar. For pasientar som på grunn av lange reiseavstandar må overnatte før og etter poliklinisk undersøking eller behandling, aukar Senterpartiet overnattingsgodtgjersla for å skape mest mulig likeverdig tilgang til sjukehusbehandling, uansett kor ein bur eller kven ein er.