1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S. Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i denne innstillinga forslag om løyvingar på statsbudsjettet for 2015 under dei kapitla og postane som er fordelte til komiteen under rammeområda 1, 6 og 18.

Komiteen har ved vedtak i Stortinget 16. oktober 2014 fått tildelt kapittel under rammeområde 1 (Statsforvaltning), rammeområde 6 (Innvandring, regional utvikling og bustad) og rammeområde 18 (Rammeoverføringar til kommunesektoren mv.), jf. Innst. 1 S (2014–2015). Ved Stortingets vedtak 1. desember 2014 er netto utgiftsramme for rammeområde 1 fastsatt til kr 6 173 469 000, for rammeområde 6 fastsatt til kr 15 841 077 000 og for rammeområde 18 fastsatt til kr 160 868 380 000, jf. Innst. 2 S (2014–2015) og Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015).

Komiteen viser til at i samsvar med Stortingets forretningsorden § 43 femte ledd skal berre dei forslaga som summerer seg til ramma for rammeområda 1, 6 og 18, og som er vedteken ved handsaminga av Innst. 2 S (2014–2015) og Innst. 2 S Tillegg 1 (2014–2015), bli tatt opp til votering ved handsaminga av denne innstillinga.