Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2.10 Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

I Saldert budsjett 2014 blei det anslått at inntektene på posten ville vere 13,9 mill. kroner. Prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet vil ha meirinntekter på 9 mill. kroner på posten.

BLD føreslår å auke kap. 3855 post 1 med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855 post 22.

I Saldert budsjett 2014 blei det anslått at inntektene på posten ville vere 1 079 mill. kroner. Posten viser inntekter frå kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjonar, fosterheimar og tiltak i heimen. Nye prognosar for 2014 viser at det statlege barnevernet vil ha meirinntekter på 9 mill. kroner på posten.

BLD føreslår å auke kap. 3855 post 60 med 9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap. 855 post 22.