5.1 Sammendrag

5.1.1 Kap. 4370 Posttenester (nytt)

Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester

I 2013 blei det løyvd i alt 353 mill. kroner til kjøp av post- og banktenester på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Samferdselsdepartement foreslår å løyve 2,055 mill. kroner på kap. 4370 Posttenester, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.

5.1.2 Kap. 1380 Post- og teletilsynet

Post 71 Tilskott til breibandsutbygging – tilføying av stikkord

For 2014 er det m.a. løyvd 50 mill. kroner over kap. 1380 post 71 Tilskott til breibandsutbygging. For å sikre at ev. ubrukte tilskott kan nyttast i 2015, foreslår departementet at kap. 1380 post 71 Tilskott til breibandsutbygging, får tilføydd stikkordet «kan overførast».

5.1.3 Kap. 4380 Post- og teletilsynet

Post 1 Diverse gebyr

Post- og teletilsynet har no berekna at gebyrinntektene i 2014 vil bli 4,4 mill. kroner lågare enn løyvinga, og departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4380 post 1 Diverse gebyr, med 4,4 mill. kroner.

Post 51 Frå reguleringsfondet

Som omtalt under kap. 4380 post 1 Diverse gebyr, vil gebyrinntektene bli 4,4 mill. kroner lågare enn budsjettert i 2014, og dette beløpet må i staden trekkjast frå reguleringsfondet. I samband med lønnsoppgjeret 2014 blei Post- og teletilsynet tildelt 2,389 mill. kroner over kap. 1380 post 1 Driftsutgifter. Departementet foreslår at løyvinga på kap. 4380 post 51 Frå reguleringsfondet, blir auka med 6,789 mill. kroner.

Ein auke i løyvinga på post 51 Frå reguleringsfondet, gjer at fullmakta må aukast, jf. forslag til romartalsvedtak.

5.2 Komiteens merknader til post- og telekommunikasjon

Komiteen har registrert at etterregningsmodellen viser at Posten Norge AS skal tilbakebetale 2 mill. kroner pluss renter for 2013, i tillegg til at det blir gjort mindre endringer i gebyrinntektene og reguleringsfondet for 2014.