Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2.14 Riksrevisjonens vurdering

Delen flyktningar som tek til i jobb eller utdanning etter at dei er ferdige med introduksjonsprogrammet, fall i perioden 2006–2010, men har stige noko att sidan 2010. Det er framleis under halvparten av deltakarane som går direkte til jobb eller utdanning etter avslutta program. Eitt år etter avslutta program er delen personar i jobb eller utdanning knapt 60 prosent. Både ved avslutning av programmet og eitt år etter er resultata svakare enn dei resultatkrava departementet har stilt.

Introduksjonsprogrammet er eit sentralt verkemiddel for å kvalifisere deltakarane til ordinært arbeid eller utdanning, og Riksrevisjonen meiner det er positivt at departementet har innført tilsyn med dette. Men gjennomførte tilsyn viser manglar og veikskapar i introduksjonsprogrammet i fleire kommunar, blant anna at programmet ikkje er heilårleg, ikkje er på fulltid, og at det ikkje blir utarbeidd individuelle planar i samsvar med introduksjonslova.

Riksrevisjonen har merka seg at IMDi no disponerer kommunale utviklingsmidlar, og dette tiltaket vil kunne forbetre introduksjonsprogrammet og norskopplæringa i kommunane. Riksrevisjonen merkar seg også at Vox har auka kurstilbodet sitt for lærarar i norsk og samfunnskunnskap.

Sjølv om det er stor variasjon mellom kommunane når det gjeld kor stor del av deltakarane som gjennomfører avsluttande prøve kvart år, har ikkje departementet analysert nærare kva som kan vere årsaka til desse forskjellane. Riksrevisjonen meiner at departementet har for lite systematisk informasjon om kvaliteten på opplæringa utover kor stor del som består prøvene. Riksrevisjonen har merka seg at departementet har innført obligatoriske avsluttande prøver i norsk og samfunnskunnskap for dei som fekk rett og plikt til denne undervisninga etter 1. september 2013. Dette vil, etter kvart som denne gruppa fullfører opplæringsløpet sitt, gi departementet og IMDi eit betre grunnlag for å vurdere arbeidet kommunane gjer med opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

Vidare har departementet i liten grad kartlagt informasjon om utdanningsbakgrunnen til flyktningane, dels på grunn av måten forskrift om Nasjonalt introduksjonsregister er utforma på, og dels fordi registeret i seg sjølv gjer det vanskeleg å samle inn slike opplysningar. Riksrevisjonen meiner det er viktig for korleis departementet skal styre dette området, og for korleis IMDi skal følgje opp kommunane, at det nye NIR og gjeldande reguleringar legg til rette for innsamling og omarbeiding av sentrale opplysningar om ferdigheitsnivået til flyktningane og kva utbytte dei har av undervisninga.

Deltakarane i norskopplæring byrjar på og fullfører i stor grad innanfor dei målkrava som departementet har sett på området. Ein stor del av deltakarane består dei munnlege prøvene i norsk, og ein noko mindre del består dei skriftlege prøvene.

Resultata varierer mellom kommunane, og kvalitetsforskjellane i opplæringa i norsk og samfunnskunnskap er framleis store. Undersøkinga viser at i nye busetjingskommunar er delen flyktningar som består prøvene, i gjennomsnitt lågare enn i kommunar med lengre erfaring med å busetje og integrere flyktningar. Samtidig er det ein del kommunar som ikkje har klart å auke delen som består prøvene sjølv etter fleire års erfaring med opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Dette indikerer både at det er behov for å styrkje støtta til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i nye busetjingskommunar, og at det bør rettast inn tiltak mot kommunar med svake resultat over tid. I den samanhengen bør departementet vurdere korleis ein kan betre overføringa av erfaring frå kommunar med gode resultat på dette området.

Riksrevisjonen har merka seg at departementet vil evaluere ordninga med introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og at departementet no vil be IMDi om å utvikle statistikk der ein kan sjå resultata opp mot forkunnskapane til deltakarane. Riksrevisjonen har vidare merka seg at departementet har bede SSB om å undersøkje samanhengen mellom opplæring i norsk og samfunnskunnskap og overgangen til arbeid.

Departementet har sett i verk og skal setje i verk fleire tiltak for å betre kvaliteten i introduksjonsprogrammet og opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. Fleire av dei tiltaka som er sette i verk, har berre verka i kort tid, og vidare tiltak er anten planlagde eller under oppstart. Riksrevisjonen har merka seg at dei fleste av tiltaka er retta inn mot å skaffe informasjon og ikkje direkte mot å forbetre resultatet i kommunane. Riksrevisjonen meiner det er behov for tiltak for kommunar med svake resultat.

Riksrevisjonen følgjer saka vidare.