Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Mat

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti, Venstre og Senterpartiet noterer seg at meldinga stadfester at helse er eit mål i seg sjølv, og at helsevinstar bidreg til at fleire menneskerettar blir realisert og styrka. Desse medlemene vil påpeike at for å kunne betre folk si helse må ein dekke folk sine basale behov. Det mest grunnleggjande av alt er sikker tilgang på trygg mat og reint vatn.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet merker seg òg at meldinga refererer til Verdas matvareprogram, som stadfestar at svolt og feilernæring er den største helserisikoen på verdsbasis.

Denne medlemen syner til at mellom anna Verdsbanken har stadfesta at den mest effektive måten å redusere fattigdom på er å støtte småbønder i utviklingsland.

Denne medlemen meiner Noreg bør bruke bistand aktivt for å medverke til at det blir produsert nok mat i verda og samstundes redusere klimautsleppa gjennom auka satsing på småskalaproduksjon i landbruket. Landbruksbistand bør i åra som kjem få ein større del av Noregs bistandsmidlar.