Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Grunnlova § 102 første ledd første punktum slår fast at «[a]lle har rett til respekt for privatlivet og familielivet sitt, for heimen sin og kommunikasjonen sin». Andre ledd slår fast at «[d]ei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten», og omfattar, i motsetnad til første ledd, også den fysiske integriteten.
Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 vernar også om den retten borgarane har til respekt for privatlivet.
Det blir vist til at lovforslaga i proposisjonen gjev forholdsvis vide heimlar for å hente inn, bruke og kontrollere personopplysningar, men at departementet likevel meiner dei ligg godt innanfor rammene av Grunnlova § 102 og EMK artikkel 8. Begge føresegnene krev samsvar mellom kontrolltiltaka og føremålet. Departementet viser til den generelle omtalen av samsvar i kapittel 7 i proposisjonen og til dei pågåande vurderingane av dei konkrete forslaga. Departementet meiner at dei føreslåtte heimlane ikkje går lenger enn det som er nødvendig, med andre ord at det er eit rimeleg samsvar mellom mål og middel.