Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.6 Vurderingar av rimeleg samsvar

Departementet peiker i proposisjonen på at det er vanskeleg å vege kontrollbehovet til det offentlege opp mot personvernomsyn.

I bustøttesaker er det sjeldan tale om å handsame sensitive personopplysningar, men ein kan tenkje seg unntak der til dømes bustadsadressa kan røpe eit underliggjande sensitivt forhold, slik som at søkjaren held til på ein institusjon eller i eit fengsel. Likevel er det i slike tilfelle lite truleg at søkjaren har rett til bustøtte, og derfor også lite truleg at nokon vil komme til å søke. Det vil heilt sjeldan vere aktuelt å hente inn opplysningar om helsa til søkjaren. Husbanken treng uansett som den store hovudregelen berre opplysningar av økonomisk karakter.

Departementet føreslår å lovfeste at Husbanken kan hente inn opplysningar om andre enn bustøttemottakaren. Departementet viser til at det er den samla inntekta til husstanden som avgjer om og kor mykje bustøtte ein søkjar har krav på. Opplysningane er som hovudregel ikkje sensitive, og departementet meiner at personverninteresser ikkje bør vere til hinder for ei slik presisering.

Departementet meiner samla sett at fordelane ved meir kontroll klart veg opp for ulempene ved inngrepet i personvernet.