Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.7.4 Vurderingar frå departementet

Det er, slik departementet vurderer det, ikkje tilfredsstillande at innhenting og bruk av opplysningar er avhengig av at søkjaren samtykkjer. Reelt sett har ikkje søkjaren noko anna alternativ enn å samtykkje dersom vedkommande skal få søknaden handsama.

Frå 1. januar 2015 blei a-ordninga innførd. Rapportering av lønns- og tilsetjingsforhold til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå (SSB) vil bli samla i den nye a-meldinga og skal sendast inn kvar månad av alle som betalar ut lønn, pensjon og andre ytingar. Når den tekniske løysinga som er omtalt i proposisjonen i andre avsnittet i 5.2 er klar, kan Husbanken få tilgang til ferske registeropplysningar frå Skatteetaten om inntekt som er innrapportert gjennom a-ordninga. Heimelen for dette vil bli § 8 første ledd.

Departementet viser til at nesten alle høyringsinstansene har vore positive til forslaget i høyringsnotatet. BerreBærum kommune og Fellesorganisasjonen meiner at samtykke framleis bør vere rettsleg grunnlag for å hente inn og handsame slike opplysningar. Bærum kommune grunngjev standpunktet sitt med at innhenting av opplysningar verkar stigmatiserande. Det går fram av proposisjonen at departementet har forståing for at bustøttemottakarar er ei sårbar gruppe, men at det likevel meiner at det er rett, når samtykke uansett ikkje kan seiast å vere frivillig, å fjerne samtykkekravet og innføre lovheimel som handsamingsgrunnlag.

Fellesorganisasjonen meiner at forslaget er i strid med Grunnlova § 102, og at unntak derfor må vere heimla i det andre leddet i føresegnene, men grunngjev ikkje standpunktet nærare. Departementet meiner det er rett å lovfeste at Husbanken kan hente inn opplysningar som verkar inn på rettar og plikter etter bustøtteregelverket, utan samtykke frå den det gjeld. Det er ikkje tilfredsstillande at innhenting og bruk av opplysningar til sakshandsaminga er avhengig av at søkjaren samtykkjer når søkjaren ikkje har noko anna alternativ enn å samtykkje dersom vedkommande skal få søknaden handsama. Departementet er heller ikkje einig med Fellesorganisasjonen i at det er i strid med Grunnlova å erstatte samtykkekravet med lovheimel. Departementet nemner elles at det ikkje, slik Fellesorganisasjonen skriv, er nokon unntaksregel i andre leddet i føresegna. Departementet er likevel einig med Fellesorganisasjonen i at det er viktig med kontakt med søkjaren og rettleiing i kva som blir kravd for å få innvilga bustøtte.

Departementet er einig med Husbanken i at Posten, sidan han er organisert som eit AS, ikkje er omfatta av omgrepet «offentleg styresmakt» i § 8 første ledd i høyringsutkastet. Det er viktig for Husbanken å få tilgang til opplysningar frå adresseregisteret til Posten, «Postoperatør» er derfor teke med i tilrådinga i proposisjonen.

Innspelet frå Husbanken om at heimelen må utformast slik at han også omfattar tilbakelagde periodar, er innarbeidd.

Departementet er einig med Justis- og beredskapsdepartementet i at § 8 i forslaget har fått ei lite tenleg utforming når han gjev heimel for å hente inn opplysningar «kvar månad», og har sløyfa «kvar månad» i ordlyden.

Departementet er einig med Justis- og beredskapsdepartementet i at det bør gå fram om reglane om informasjonsplikt i personopplysningslova § 20 skal gjelde.

Departementet har, etter høyringsinnspel frå Justis- og beredskapsdepartementet, gjort ei tilføying i lovteksten om at den som pliktar å levere ut opplysningar, ikkje kan krevje betaling.

Justis- og beredskapsdepartementet har etterlyst ei vurdering av om ein burde ta inn fleire føresegner enn det høyringsnotatet la opp til, etter mønster av dei tilsvarande reglane i folketrygdlova. Mellom anna gjaldt dette reglane om bevisfritak for nærståande og bevisfritak for belastande personopplysningar i tvistelova. Desse reglane er i folketrygdlova § 21-4 c femte ledd gjevne tilsvarande bruk. Departementet har komme til at det er naturleg og rimeleg at dei nemnde fritaksreglane skal gjelde på same måten i bustøttesaker.

Helse- og omsorgsdepartementet føreset § 8 ikkje kan komme til bruk for helseopplysningar som ligg under teieplikt etter helsepersonellova. Til dette viser departementet til at det i forslaget til § 8 første ledd positivt er rekna opp kvar Husbanken kan hente opplysningar frå. Ordlyden dekkjer ikkje innhenting av opplysningar frå helsepersonell.

Utlendingsdirektoratet meiner ein må spesifisere kva for personkrins som er omfatta av føresegna. Departementet kan ikkje sjå at det skulle vere nødvendig.