Departementet legg med dette fram eit forslag om
å innføre frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar.
Når ein i det følgjande omtaler utanlandske pensjonsordningar, meiner
ein ordningar som ikkje oppfyller vilkåra for sparing med skatteføremon
etter ein av dei norske pensjonslovene.
Innbetalingar til norske pensjonsordningar gir
på nærare vilkår rett til frådrag, jf. skattelova §§ 6-45, 6-46
og 6-47. Utanlandske pensjonsinnretningar etablert i ein EØS-stat
kan òg tilby pensjonsordningar i den norske marknaden innanfor dei
rammer som følgjer av føretakspensjonslova, innskotspensjonslova,
tenestepensjonslova og lov om individuell pensjonssparing. Oppfyller ordninga
vilkåra etter ei av dei nemnde lovene, har ein rett på frådrag etter
skattelova §§ 6-46 og 6-47, på same vis som om pensjonsinnretninga var
etablert i Noreg.
Ein person som kjem til Noreg for å arbeide
eller utøve verksemd og som er medlem av ei pensjonsordning i eit
anna land, har likevel i praksis ikkje rett til frådrag for innbetalingar
til denne. Det følgjer av at ordninga normalt ikkje vil oppfylla
vilkåra i dei norske pensjonslovene. Innbetalingar frå arbeidsgivar
til ei slik utanlandsk ordning blir òg handsama annleis, og vil
vere skattepliktig inntekt for ein arbeidstakar.
Ved å opne for sparing med skatteføremon i ei utanlandsk
ordning fjernar ein samstundes moglege EØS-rettslege innvendingar
mot gjeldande reglar. Etter avgjerda i sak C-150/04 Kommisjonen
mot Danmark er det uklart om ein kan oppretthalde ei generell avgrensing
i reglane mot utanlandske ordningar.
Departementet foreslår av den grunn at EØS-borgarar
på nærare vilkår skal få frådrag for innbetalingar til utanlandske
pensjonsordningar. Det er eit krav at pensjonsinnretninga er etablert i
ein EØS-stat. Forslaget vil samstundes sikre ei meir nøytral handsaming
av sparing i norske og utanlandske pensjonsordningar.
I tråd med forslaget vert det mellom anna stilt krav
til at vedkomande har vore medlem i ordninga i minst eitt år før
etablering av skatteplikt til Noreg, og at ordningane har gitt rett
til frådrag. På same vis som i dei norske ordningane krev ein at
alderspensjon er hovudytinga i ordninga. Frådraget kan ikkje overstige
dei innskotsgrenser som følgjer av tenestepensjonslova. Viss skattytar
er medlem både i ei norsk og ei utanlandsk ordning, får ein berre
frådrag under den norske ordninga.
Departementet viser til forslag til ny § 6-72
i skattelova.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.