Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Komiteen viser til at forslaget til disponering av ramme 18 frå komiteens fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre, er ført opp under Tilråding frå komiteen under kapittel 6 i innstillinga. Dette forslaget summerer seg til kr 167 134 068 000, som er det nettobeløpet som er vedteke for dette rammeområdet ved handsaminga av Innst. 2 S (2015–2016). Nettobeløpet avviker frå regjeringas forslag i Prop. 1 S (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016). Sjå tabell 3a.
Komiteen viser til at medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti ikkje fremmar forslag innanfor den vedtekne ramma, da dei respektive opplegga frå desse fraksjonane for disponering av ramme 1 avvik frå det vedtekne nettobeløpet. Sjå tabell 3a. Det vert vist til Innst. 2 S (2015–2016) hvor dei alternative budsjettforslaga til Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti går fram. Der hvor desse avvik frå Prop. 1 S (2015–2016) og Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016), vil dette bli omtalt under det enkelte kapittel i innstillinga.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil stemme imot forslaget frå fleirtalet til vedtak om løyvingar under ramme 18.