Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

Dette dokument

  • Innst. 23 L (2015–2016)
  • Kildedok: Prop. 157 L (2014–2015)
  • Dato: 13.10.2015
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Regjeringa gjer framlegg om lovregulering av ERIC-organisasjonsforma i ei særskild lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova).

ERIC-forordninga vart bindande for Noreg ved EØS-komiteen sitt vedtak 20. mars 2015 om innlemming i protokoll 31 til EØS-avtalen, jf. Stortinget sitt vedtak 21. mai 2015 på grunnlag av Prop. 80 S (2014–2015) Samtykke til godkjennelse av EØS-komiteens beslutning nr. 72/2015 av 20. mars 2015 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 723/2009 om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC-konsortium).

I proposisjonen syner regjeringa til at innlemminga av forordninga gir eit rettsleg rammeverk for norsk deltaking i det europeiske forskingsinfrastruktursamarbeidet, på lik linje med dei andre statane som tek del i EUs rammeprogram for forsking (Horisont 2020). Europeiske forskingsinfrastrukturar er – og vil bli – etablerte i mange land i Europa. Mange av desse brukar – eller vil ta i bruk – ERIC som organisasjonsform. For å kunne nytte ERIC-forma også i Noreg trengst det lovgjeving som gjennomfører forordninga i norsk rett.

Forordninga etablerer ein ny type organisasjonsform, som skal vere eit alternativ til det tunge instrumentet som internasjonal organisasjon etablert ved traktat er. Dette vil vere ei nyskaping òg i norsk rett. Eit ERIC skal vere eit eige rettssubjekt med rettsleg handleevne.

Eit viktig kjenneteikn ved eit ERIC er at det er sterkt knytt til det offentlege som eit verkty i den offentlege forskingspolitikken. Det skal berre nyttast for offentleg initierte og eigde felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar. Medlemmene i eit ERIC er i all hovudsak statar, og det er Noreg som stat som vil vere norsk medlem. Eit ERIC i Noreg vil bli oppretta etter søknad frå Noreg. Det norske bidraget til finansieringa vil kome frå offentlege midlar.

Kunnskapsdepartementet ønskjer å tilby bruk av ERIC-forma for organisering av – for tida – to felleseuropeiske infrastruktursamarbeid der Noreg har tilbode vertskap. Bruk av ERIC-forma vil lette samarbeidet mellom Noreg og EU-statar. Slik vil norske deltakarar (forskingsinstitusjonar) i samarbeidet få same rammevilkår som samarbeidspartar i andre land, og høve til å posisjonere Noreg som vertsstat for felleseuropeisk forskingsinfrastruktur. Det å kunne tilby vertskap for infrastrukturar er viktig for å vere ein fullverdig partnar og bidragsytar til samarbeidet.

Regjeringa foreslår at det blir vedteke ei eiga ERIC-lov. Når det gjeld lovstruktur, er det ikkje heldig med små lover. På den andre sida er det ikkje bra å leggje saman lover som ikkje har noko felles. Det fins inga generell «organisasjonslov», heller ikkje ei «forskingslov».

Det vert i den samanhengen peika på at organisasjonsforma ERIC, fordi det har medlemer og ikkje eigarar, kanskje best kan verte samanlikna med eit samvirke. Det skal arbeide til beste for medlemene, men har ikkje eit økonomisk føremål. Den sterke tilknytinga til det offentlege er ein vesentleg forskjell frå samvirka. Det er ikkje naturleg å regulere ERIC i same lov som samvirke. Det er derfor behov for ei eiga lov.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser til proposisjonen.

Komiteen viser til tidlegare handsaming av forskingssamarbeidet i ERIC og meiner det er bra for Noreg at vi tek aktivt del i europeisk forskingssamarbeid. Forskingsinfrastruktur i form av databaser, samlingar, laboratorium eller annan type anlegg er nødvendig for å kunne drive forsking, og det vil vere til stor vinning for mange land i Europa om vi klarer å samarbeide godt om dette.

Eit slikt samarbeid krev eit juridisk rammeverk, og lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova) sikrar dette i Noreg.

Komiteen stør samrøystes lovframlegget.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)

§ 1 ERIC-forordninga

EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning (EF) nr. 723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC) gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av protokoll 31 og avtalen elles.

§ 2 Verkeområde

Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 3 Registrering

Eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur skal meldast til Foretaksregisteret seinast tre månader etter kunngjering av stiftingsvedtaket, jf. forordninga artikkel 6 nr. 2.

§ 4 Avvikling

Vedtak etter forordninga artikkel 16 nr. 2 om å avvikle eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur skal meldast til Foretaksregisteret innan 10 dagar. Foretaksregisteret skal registrere meldinga og deretter kunngjere vedtaket i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane til konsortiet varslast om at dei må melde krava sine til konsortiet innan seks veker frå kunngjeringa. Adressa til konsortiet skal gå fram av kunngjeringa.

Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg varslast særskilt av konsortiet.

Når eit konsortium under avvikling gir melding til Kommisjonen etter forordninga artikkel 16 nr. 3, skal det samtidig gi melding til Foretaksregisteret.

§ 5 Forskrifter

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar for gjennomføring av EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning (EF) nr. 723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC) og om tilhøvet til anna lovgiving.

§ 6 Ikraftsetjing

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 13. oktober 2015

Trond Giske

Marianne Aasen

leiar

ordførar