Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. I
2015 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 24,4 mrd.
kroner, som var ny rekord. Det er ikkje sjølvsagt. På verdsbasis
er overfiske og samanbrot i viktige fiskebestandar eit stort problem.
Noreg har dei siste tiåra engasjert seg tungt
i internasjonalt samarbeid for å få ei berekraftig fiskeriforvaltning.
Det handlar både om å ta vare på eigne interesser og å ta eit globalt
ansvar for korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til
bruken av havet utviklar seg.
Vi deler opp mot 90 pst. av havressursane vi haustar
av med andre land. Det er forvaltninga av desse ressursane som er
tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av
fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor basert på uavhengige
vitskaplege råd om kvotar og forvaltningstiltak og inneheld forpliktande føresegner
om kvotefordeling, forvaltningstiltak og kontrollsamarbeid.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn
for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og i
dei internasjonale fora for ressursforvaltning:
Å fremje ei berekraftig
forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege
vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.
Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling
av felles regulerte bestandar.
Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan
dei forvaltningsregima der Noreg tek del.
Dei internasjonale fiskeriavtalane Noreg inngår er
av tre typar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale
fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar).
Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU,
Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er mest
omfattande og gjeld felles forvaltning av dei bestandane vi deler
i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt
gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone, og
byte av kvotar. EU er også formell motpart i avtalane om regulering
av fisket i Skagerrak og Kattegat, og svensk fiske i norsk økonomisk
sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst
kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare
fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i
storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar
dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.
Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk
vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar
mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige
avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden
i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltninga
av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, og er part i prosessen
om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane,
Grønland og Island.
FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane
og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å delta i regionalt
samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer
å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane
i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket,
miljøtiltak og samarbeid om kontroll. RFMOane har mellom anna vore
viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske
(UUU-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane vi deltek
i er nærmare presentert i kapittel 3 i meldinga.
I kapittel 2 har vi ei kort innføring i tema
som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det havrettslege
rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane
legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtalar
dessutan det internasjonale samarbeidet om kampen mot ulovleg fiske.
For 2015 er den samla fangstverdien av fiskeriavtalane
Noreg inngjekk med andre land rekna til 37 mrd. kroner. Noreg sin
del utgjorde drygt ein tredel av totalen, eller 13 mrd. kroner.
I tillegg kjem verdiane som blir skapt av vidareforedling av fangsten.
Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg
nyttar kvotane fullt ut.
Figur 1.2 i meldinga viser korleis den økonomiske
verdien var fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2015. Denne
fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar
i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane.
Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike
avtalane.
Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste
bestanden Noreg har, og den norske kvoten hadde i 2015 ein verdi
på 6 mrd. kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei
samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå avtalen med Russland.
Om lag ein fjerdedel av verdiane skriv seg frå kyststatsavtalane
for dei tre pelagiske bestandane i Norskehavet. Makrellen er for tida
den viktigaste, med ein verdi på 1,6 mrd. kroner. Avtalen med EU
om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for ti pst.
av verdiane. Dette er høgare enn i 2014, fordi dei oppnådde prisane
på torsk, hyse, sei og nordsjøsild var betre i 2015 enn i 2014.
Skagerrak-avtalen med EU stod for 2 pst. av dei samla verdiane.
Figur 1.3 i meldinga viser den avtalte totalkvoten for
viktige bestandar for Noreg i 2015 og 2016, medan figur 1.4 i meldinga
viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane. Dei
endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga,
fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane
er fastsette.
Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2016
på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland
og avsetning til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett
til å delta i fisket i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som
gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.
Både torsken og hysa i Barentshavet har vore
på eit svært høgt nivå dei siste åra. Dei to bestandane blir delt
likt mellom Noreg og Russland, etter at ein har sett av ein kvote
til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre
artar. Torskekvoten er ført vidare på same nivå som i 2015, men
er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit
høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er auka med ni pst. frå 2015.
Hysekvoten vart revidert i juni 2015 og auka frå 178 500 tonn til
223 000 tonn. Bakgrunnen var ein metoderevisjon for bestandsvurdering
som gav ei kraftig oppjustering av hysebestanden.
Noreg og Russland vedtok å vidareføre kvotefleksibilitet
mellom år i fisket etter torsk og hyse. Det inneber at partane kan
overføre inntil ti pst. av kvoten til neste år, eller fiske inntil
ti pst. av eigen kvote på forskot.
På grunn av lav gytebestand vart det vedtatt
å ikkje opne for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2016.
Noreg og Russland er einige om å vidareføre
arbeidet i 2016 i analysegruppa, som er sentral i det gode norsk-russiske
kontrollsamarbeidet. Partane skal sjå nærare på norsk og russisk fiskeriregelverk
om utkast av fisk, og arbeidet med å lage felles retningslinjer
for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet
skal foregå skal avsluttast i 2016.
Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane
i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2016 er kvotane for torsk, hyse
og sild auka, medan det er små endringar i dei andre kvotane. Byteavtalen
vart balansert. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig løyve
til å fiske i den andre parten si fiskerisone.
Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda
og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg
har 29 pst. av sildekvoten og 52 pst. av seikvoten. Medan tilstanden
for nordsjøsilda er god, er gytebestanden på føre-var-grensa for
seien. Dei fastsette kvotane er i tråd med vedtekne forvaltningsplanar.
Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om
fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen
av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak
som er av størst interesse for norske fiskarar. Det har dei siste
åra vore ein prosess med sikte på å endre rammeverket for Skagerrakavtalen,
slik at avtalen blir i tråd med moderne havrett. Det har resultert
i ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak, signert
15. januar 2015.
Makrellbestanden har vore i god forfatning dei siste
åra. I 2014 og 2015 har ein forsøkt å inkludere Island i trepartsavtalen
frå 2014 om makrell. Også Grønland har delteke i forhandlingane,
då det dei siste åra har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk
farvatn. Partane vart ikkje einige om ein felles avtale.
Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015
inngått ein årleg trepartsavtale om forvaltning av makrell, i tråd
med rammeavtalen frå 2014. Partane vart einige om ein totalkvote
på 895 900 tonn for 2016. Den norske kvoten er på 201 663 tonn,
som svarar til 26,67 pst. av delen til dei tre partane i avtalen.
I tillegg er det sett av eit kvantum for fiske av andre land. I
2015 utarbeidde partane ein ny forvaltningsplan for makrell.
Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største sildebestanden
i verda, sjølv om bestanden har minka dei seinare åra. EU, Færøyane,
Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda. Noreg har
sidan 2007 hatt 61 pst. av nvg-silda. Dei siste åra har Færøyane
kravd ein høgare del av den totale kvoten, men dei andre kyststatane ville
ikkje redusere sine delar av totalkvoten til fordel for Færøyane.
Partane har difor ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.
I 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale
med ein kvoteavsetnad til Færøyane basert på deira tradisjonelle
del av silda.
Det er ikkje inngått nokon ny firepartsavtale (utan
Færøyane) for 2015 og 2016. Noreg har likevel fastsett ein kvote
på 193 294 tonn som svarar til vår tradisjonelle del av totalkvoten. Partane
har utarbeidd ein ny rapport som kartlegg sonetilhøyrsla til bestanden,
og det er halde fleire forhandlingsrundar gjennom 2015 for å bli
einige om ei ny fordeling av bestanden. Dette har ikkje lukkast,
og i 2016 vil det bli arbeidd vidare for å komme fram til ein avtale
frå 2017.
Kolmulen er den tredje store pelagiske bestanden
i Nordaust-Atlanteren. Bestanden gikk ned frå 2003 til 2009, men
trenden har snudd og gytebestanden har nær dobla seg. Bestanden
er no i god stand og blir hausta berekraftig. Etter krav frå EU
har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Denne
skal gje grunnlag for forhandlingar om nye delar mellom partane.
Med basis i rapporten har Noreg, EU, Færøyane og Island forhandla om
ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2016. Å bli einige
om fordeling av bestandar er ein tidkrevjande prosess, og ein har førebels
ikkje lukkast i dette.
I mangel på einigheit mellom alle partane inngjekk
Noreg og EU 15. desember 2015 ein bilateral avtale om nvg-sild og
kolmule for 2016. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske
sine tradisjonelle delar av kyststatskvotene i kvarandre sine farvatn.
Det går også fram av avtalen kva slags kvote Noreg og EU har fastsett
for 2016. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige
forhandlingar om delar.
Partane vil halde fram med forhandlingane i 2016
for å bli einige om ein ny avtale frå 2017.
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)
har ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar
som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt
farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og
uer. Som følgje av at kyststatsforhandlingane for kolmule, norsk
vårgytande sild og makrell for 2016 ikkje var avslutta då årsmøtet
fann stad, vart det ikkje fastsett reguleringar for internasjonalt
farvatn på desse artane. Dette vil verte gjort ved postavstemming
i ettertid. For fisket etter uer i Irmingerhavet vart det for 2016
fastsett ei kvote på 8 500 tonn. Dette gir ein norsk kvote på 327 tonn.
Partane vart ikkje einige om ei regulering av uer i Norskehavet.
Den norske kvoten på vågekval blir fastsett
på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen
(IWC) sin vitskapskomité. Kvoten for vågekval i 2016 vert fastsett
i løpet av våren.
Vitskapskomiteen i IWC starta i 2014 ein ny gjennomgang
av det norske fangstgrunnlaget for vågekval. Komiteen konkluderte
med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp
i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet.
Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte vart også i
hovudsak godteke.
Noreg hadde i åra 2007–2013 forbod mot fiske og
landing av makrellstørje. Den internasjonale kommisjonen for bevaring
av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klare indikasjonar på at tilstanden
til bestanden er mykje betre. Komiteen er likevel tilbakehalden
med å tilrå store kvoteaukingar. Totalkvoten for 2016 er sett til
19 370 tonn. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014.
Den norske kvoten var på 30,97 tonn i 2014 og 36,57 tonn i 2015,
men det direkte fisket lukkast ikkje. Det vart i 2015 tatt over
8 tonn makrellstørje som bifangst. Den norske kvoten er auka til
43,71 tonn for 2016.
Kommisjonen for bevaring av dei marine levande
ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke å vidareføre kvotane
på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Tilrådd fangst
er 5,61 millionar tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte
medlemmane. Den norske flåten fiska om lag 60 pst. av den totale
krillfangsten i konvensjonsområdet i sesongen 2014/2015.
Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og
for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så
godt som fullt ut, jf. tabell 1.1 i meldinga. Tilgangen til å fiske
i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg
sonetilgangen vi har i russisk sone lite, fordi vi har god tilgang
i eigen sone på bestandane vi deler med Russland.
Forhandlingane med EU var seint ferdige i 2014. Dette
påverka i særleg grad EU sitt fiske i Nordsjøen i 2014. Noreg nytta
heile den norske sildekvoten, i tillegg var torske- og seikvoten
sør for 62° N brukbart nytta begge åra. Ifølgje offisiell fangststatistikk
har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane
i Nordsjøen.
I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei
pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Norske
linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange
og brosme både i 2014 og 2015. Det norske fisket i Skagerrak har
dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har
fiska mest av artane torsk, hyse, raudspette og reker i Skagerrak. Sverige
fiska store delar av kvotane sine i norsk økonomisk sone.
Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei
pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell. Noreg
nytta heile kvoten sin på lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen
sesongen 2014/2015, då det vart fiska lodde både på sommaren og
på vinteren.
Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører
norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltninga
av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige
avtalar om forvaltninga av bestandar vi deler. I tillegg blir det
inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane
der Noreg deltek.
Det er tre overordna mål som ligg til grunn
for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale
ressursforvaltningsfora:
Å fremje ei berekraftig
forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege
vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming
Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling
av felles regulerte bestandar
Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan
dei forvaltningsregima der Noreg tek del
Det er einigheit mellom dei to landa om ei fast prosentvis
fordeling av fellesbestandane.
Eit element ved den gjeldande kvoteavtalen med EU
er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar
i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane.
Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der
torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka kraftig, medan bestandar EU
gjev Noreg som motyting ikkje har gjort det same. Dette gjer at
Noreg i 2016 har halde tilbake litt over 16 000 tonn torsk.
I arbeidet med å forbetre skattleggingsmønsteret i
Nordsjøen, har utkast av fisk vore ei utfordring. EU har til no
praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg.
EU har vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom
anna inneber forbod mot utkast av fisk. Sjølv om reformvedtaket
inneheld fleire unnatak, er det eit viktig steg i rett retning.
Forbodet skal innførast stegvis, men for mange botnfiskartar i Nordsjøen
tredde det i kraft 1. januar 2016.
Noreg og EU underteikna 4. desember 2015 ein kvoteavtale
for 2016. Kvotane er noko endra i forhold til 2015. Kvotane for
torsk, hyse og sild er auka, medan det er små endringar i dei andre kvotane.
Byteavtalen vart balansert. For Noreg er det kvotane på sei, sild
og torsk som er viktigast.
Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske
i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.
Det er ikkje inngått nokon ny firepartsavtale (utan
Færøyane) for 2015 og 2016. Noreg har fastsett ein kvote på 193 294
tonn som svarar til vår tradisjonelle del av totalkvoten som ICES rådgjev.
Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane
EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltninga av
kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar.
I perioden 2010–2014 møttes Noreg, EU, Færøyane
og Island til 20 forhandlingsrundar utan at partane vart einige
om ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning
av makrell. I mangel på fullverdige kyststatsavtalar, inngjekk Noreg
og EU årlege tosidige avtalar om forvaltning av makrell for åra
2010–2013.
Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren.
Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane
i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta
av fleire statar.
I oktober 2015 vart det halde eit møte under NEAFC
med sikte på å verte einige med ikkje-kyststatane om kor stor del
av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet. Island
støtta det norske og russiske synet, men EU og Færøyane stod framleis
langt frå kyststatanes posisjon, og møtet vart utan resultat. Følgjeleg
vart partane heller ikkje einige om ei regulering for det opne hav
under årsmøtet i NEAFC.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Else-May Botten, Ingrid Heggø, Odd Omland og Knut Storberget, fra
Høyre, Frank Bakke-Jensen, Ingunn Foss, Gunnar Gundersen og Ove
Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Oskar J. Grimstad
og Morten Ørsal Johansen, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette
Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Geir Pollestad, fra Venstre,
Pål Farstad, og fra Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
viser til at dette er en årlig melding fra Fiskeri- og kystdepartementet
som legges frem for Stortinget og som gir nyttig informasjon om fiskeripolitikken.
Komiteen merker seg at fiskeriavtalene
bygger på et langsiktig forvaltningsarbeid som gir grunnlag for
at vi i dag kan høste fra robuste fiskebestander og drive lønnsom
næringsaktivitet i havområdene våre. 90 pst. av norsk fanget fisk
kommer fra bestander som vi deler med andre nasjoner. Komiteen ser
på internasjonalt samarbeid som avgjørende for en vellykket og bærekraftig
fiskeriforvaltning, samt for nedkjemping av fiskerikriminalitet
og uregulert fiske. Komiteen viser til at det er
viktig med en god ressurskontroll og en kompetent forvaltning. I
tillegg viser komiteen til at det er viktig med omforente
avtaler på bestander vi deler med andre land, men at man også må
ivareta norske interesser. Komiteen legger til grunn
at det arbeides for å oppnå best mulige avtaler for Norge.
Komiteen ønsker å trekke frem
det vitenskapelige grunnlaget for avtalene. Både den nasjonale forvaltningen
og de årlige forhandlingene Norge fører med andre land, er i all
hovedsak basert på de faglige rådene fra Det internasjonale råd
for havforskning (ICES). Havforskningsinstituttet bidrar med store
ressurser i ICES’ arbeid med bestandsvurdering og rådgivning.
Komiteen viser til at det generelt
står bra til for mange av bestandene. I Barentshavet finner vi store
mengder voksen torsk (skrei), selv om vi er over toppen, og mengden
vil minke noe de kommende årene. Også hysebestanden står det godt til
med. Rekrutteringen har vært mer normal i de siste årene, og størrelsen
på bestanden er redusert fra det rekordhøye nivået vi har hatt de
siste seks–åtte årene. I avtalen med Russland er torskekvoten ført
videre på samme nivå som i 2015, og hysekvoten er økt med 9 pst.
siden 2015. På grunn av lav gytebestand er det bestemt ikke å åpne
for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2016.
Komiteen merker seg at Norge
og Russland har vedtatt å videreføre kvotefleksibilitet mellom år
i fisket etter torsk og hyse.
Komiteen viser til at Norge og
EU har et felles ansvar for å forvalte fiskeressursene i Nordsjøen. I
kvoteavtalen for 2016 er kvotene for torsk, hyse og sild økt, mens
det er små endringer i de andre kvotene. Av fellesbestandene i Nordsjøen er
det sild og sei som har den største kommersielle verdien for Norge.
Norge har 29 pst. av sildekvoten og 52 pst. av seikvoten.
Komiteen viser til at i 2014
inngikk Norge, EU, Island og Russland en firepartsavtale med en
kvoteavsetning til Færøyene basert på deres tradisjonelle del av
silden. Komiteen merker seg at det ikke er inngått
en tilsvarende firepartsavtale for verken 2015 eller 2016, og håper
arbeidet med å få på plass en avtale til 2017 vil lykkes.
Komiteen er av den oppfatning
at en bærekraftig høsting av fiskeressursene krever at man kan regulere
den totale fiskeriaktiviteten og ha kontroll med det faktiske fisket. Komiteen viser
til at dette er utfordrende og krever stor grad av internasjonalt
samarbeid, fordi fiskefartøy opererer innenfor jurisdiksjonsområdene
til mange ulike land – også i åpne havområder. Komiteen mener
ulovlig fiske er en alvorlig trussel mot fiskeressursene og vil
understreke viktigheten av det internasjonale kontrollsamarbeidet.
Samarbeidet spiller en avgjørende rolle i det videre arbeidet mot
ulovlig, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske), samt fiskerikriminalitet.
Komiteen viser også til at Norges
arbeid i regionale fiskeorganisasjoner og i FN er viktig, fordi
beslutninger som fattes her får betydning for vårt nasjonale fiskeri. Komiteen viser
til at Norge gjennom samarbeid tillater flere andre land å fiske
ulike arter i norsk økonomisk sone basert på felleskvoter med gjensidig
adgang. Dette gir også rom for byttekvoter som viser at norske fiskere
totalt sett har et betydelig fiske i andre lands soner, noe som
skaper verdier for fartøy og fiskere, men også mottaksanlegg langs kysten
vår.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Meld. St. 20 (2015–2016) – Noregs fiskeriavtalar
for 2016 og fisket etter avtalane i 2014 og 2015 – vedlegges protokollen.
Oslo, i næringskomiteen, den 12. mai 2016
Geir Pollestad | Pål Farstad |
leder | ordfører |