Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. I 2015 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 24,4 mrd. kroner, som var ny rekord. Det er ikkje sjølvsagt. På verdsbasis er overfiske og samanbrot i viktige fiskebestandar eit stort problem.

Noreg har dei siste tiåra engasjert seg tungt i internasjonalt samarbeid for å få ei berekraftig fiskeriforvaltning. Det handlar både om å ta vare på eigne interesser og å ta eit globalt ansvar for korleis det internasjonale samfunnet sitt forhold til bruken av havet utviklar seg.

Vi deler opp mot 90 pst. av havressursane vi haustar av med andre land. Det er forvaltninga av desse ressursane som er tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor basert på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltningstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltningstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og i dei internasjonale fora for ressursforvaltning:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Dei internasjonale fiskeriavtalane Noreg inngår er av tre typar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er mest omfattande og gjeld felles forvaltning av dei bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone, og byte av kvotar. EU er også formell motpart i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat, og svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn å delta i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og samarbeid om kontroll. RFMOane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane vi deltek i er nærmare presentert i kapittel 3 i meldinga.

I kapittel 2 har vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtalar dessutan det internasjonale samarbeidet om kampen mot ulovleg fiske.

Verdiane vi forhandlar om

For 2015 er den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land rekna til 37 mrd. kroner. Noreg sin del utgjorde drygt ein tredel av totalen, eller 13 mrd. kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapt av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 i meldinga viser korleis den økonomiske verdien var fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2015. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år, som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden Noreg har, og den norske kvoten hadde i 2015 ein verdi på 6 mrd. kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå avtalen med Russland. Om lag ein fjerdedel av verdiane skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane i Norskehavet. Makrellen er for tida den viktigaste, med ein verdi på 1,6 mrd. kroner. Avtalen med EU om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for ti pst. av verdiane. Dette er høgare enn i 2014, fordi dei oppnådde prisane på torsk, hyse, sei og nordsjøsild var betre i 2015 enn i 2014. Skagerrak-avtalen med EU stod for 2 pst. av dei samla verdiane.

1.1 Fiskeriavtalane for 2016

Figur 1.3 i meldinga viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i 2015 og 2016, medan figur 1.4 i meldinga viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane. Dei endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga, fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane er fastsette.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2016 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetning til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett til å delta i fisket i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.

Både torsken og hysa i Barentshavet har vore på eit svært høgt nivå dei siste åra. Dei to bestandane blir delt likt mellom Noreg og Russland, etter at ein har sett av ein kvote til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Torskekvoten er ført vidare på same nivå som i 2015, men er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er auka med ni pst. frå 2015. Hysekvoten vart revidert i juni 2015 og auka frå 178 500 tonn til 223 000 tonn. Bakgrunnen var ein metoderevisjon for bestandsvurdering som gav ei kraftig oppjustering av hysebestanden.

Noreg og Russland vedtok å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Det inneber at partane kan overføre inntil ti pst. av kvoten til neste år, eller fiske inntil ti pst. av eigen kvote på forskot.

På grunn av lav gytebestand vart det vedtatt å ikkje opne for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2016.

Noreg og Russland er einige om å vidareføre arbeidet i 2016 i analysegruppa, som er sentral i det gode norsk-russiske kontrollsamarbeidet. Partane skal sjå nærare på norsk og russisk fiskeriregelverk om utkast av fisk, og arbeidet med å lage felles retningslinjer for korleis inspeksjon av fiskefartøy i Barentshavet og Norskehavet skal foregå skal avsluttast i 2016.

Avtalane med EU

Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2016 er kvotane for torsk, hyse og sild auka, medan det er små endringar i dei andre kvotane. Byteavtalen vart balansert. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 pst. av sildekvoten og 52 pst. av seikvoten. Medan tilstanden for nordsjøsilda er god, er gytebestanden på føre-var-grensa for seien. Dei fastsette kvotane er i tråd med vedtekne forvaltningsplanar.

Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar. Det har dei siste åra vore ein prosess med sikte på å endre rammeverket for Skagerrakavtalen, slik at avtalen blir i tråd med moderne havrett. Det har resultert i ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak, signert 15. januar 2015.

Kyststatsavtalane

Makrell

Makrellbestanden har vore i god forfatning dei siste åra. I 2014 og 2015 har ein forsøkt å inkludere Island i trepartsavtalen frå 2014 om makrell. Også Grønland har delteke i forhandlingane, då det dei siste åra har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn. Partane vart ikkje einige om ein felles avtale.

Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått ein årleg trepartsavtale om forvaltning av makrell, i tråd med rammeavtalen frå 2014. Partane vart einige om ein totalkvote på 895 900 tonn for 2016. Den norske kvoten er på 201 663 tonn, som svarar til 26,67 pst. av delen til dei tre partane i avtalen. I tillegg er det sett av eit kvantum for fiske av andre land. I 2015 utarbeidde partane ein ny forvaltningsplan for makrell.

Norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største sildebestanden i verda, sjølv om bestanden har minka dei seinare åra. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda. Noreg har sidan 2007 hatt 61 pst. av nvg-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten, men dei andre kyststatane ville ikkje redusere sine delar av totalkvoten til fordel for Færøyane. Partane har difor ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale. I 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvoteavsetnad til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda.

Det er ikkje inngått nokon ny firepartsavtale (utan Færøyane) for 2015 og 2016. Noreg har likevel fastsett ein kvote på 193 294 tonn som svarar til vår tradisjonelle del av totalkvoten. Partane har utarbeidd ein ny rapport som kartlegg sonetilhøyrsla til bestanden, og det er halde fleire forhandlingsrundar gjennom 2015 for å bli einige om ei ny fordeling av bestanden. Dette har ikkje lukkast, og i 2016 vil det bli arbeidd vidare for å komme fram til ein avtale frå 2017.

Kolmule

Kolmulen er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Bestanden gikk ned frå 2003 til 2009, men trenden har snudd og gytebestanden har nær dobla seg. Bestanden er no i god stand og blir hausta berekraftig. Etter krav frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Denne skal gje grunnlag for forhandlingar om nye delar mellom partane. Med basis i rapporten har Noreg, EU, Færøyane og Island forhandla om ein kyststatsavtale om forvaltninga av kolmule for 2016. Å bli einige om fordeling av bestandar er ein tidkrevjande prosess, og ein har førebels ikkje lukkast i dette.

I mangel på einigheit mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 15. desember 2015 ein bilateral avtale om nvg-sild og kolmule for 2016. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotene i kvarandre sine farvatn. Det går også fram av avtalen kva slags kvote Noreg og EU har fastsett for 2016. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.

Partane vil halde fram med forhandlingane i 2016 for å bli einige om ein ny avtale frå 2017.

Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Som følgje av at kyststatsforhandlingane for kolmule, norsk vårgytande sild og makrell for 2016 ikkje var avslutta då årsmøtet fann stad, vart det ikkje fastsett reguleringar for internasjonalt farvatn på desse artane. Dette vil verte gjort ved postavstemming i ettertid. For fisket etter uer i Irmingerhavet vart det for 2016 fastsett ei kvote på 8 500 tonn. Dette gir ein norsk kvote på 327 tonn. Partane vart ikkje einige om ei regulering av uer i Norskehavet.

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) sin vitskapskomité. Kvoten for vågekval i 2016 vert fastsett i løpet av våren.

Vitskapskomiteen i IWC starta i 2014 ein ny gjennomgang av det norske fangstgrunnlaget for vågekval. Komiteen konkluderte med at nye genetiske analysar ikkje gjev grunnlag for å dele opp i underområde for Barentshavet, Svalbardområdet og Norskehavet. Bestandsvurderinga som norske forskarar presenterte vart også i hovudsak godteke.

Noreg hadde i åra 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klare indikasjonar på at tilstanden til bestanden er mykje betre. Komiteen er likevel tilbakehalden med å tilrå store kvoteaukingar. Totalkvoten for 2016 er sett til 19 370 tonn. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. Den norske kvoten var på 30,97 tonn i 2014 og 36,57 tonn i 2015, men det direkte fisket lukkast ikkje. Det vart i 2015 tatt over 8 tonn makrellstørje som bifangst. Den norske kvoten er auka til 43,71 tonn for 2016.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke å vidareføre kvotane på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Tilrådd fangst er 5,61 millionar tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmane. Den norske flåten fiska om lag 60 pst. av den totale krillfangsten i konvensjonsområdet i sesongen 2014/2015.

1.2 Fisket etter avtalane i 2014 og 2015

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1 i meldinga. Tilgangen til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen vi har i russisk sone lite, fordi vi har god tilgang i eigen sone på bestandane vi deler med Russland.

Forhandlingane med EU var seint ferdige i 2014. Dette påverka i særleg grad EU sitt fiske i Nordsjøen i 2014. Noreg nytta heile den norske sildekvoten, i tillegg var torske- og seikvoten sør for 62° N brukbart nytta begge åra. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Norske linefartøy fiska ein god del av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme både i 2014 og 2015. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har fiska mest av artane torsk, hyse, raudspette og reker i Skagerrak. Sverige fiska store delar av kvotane sine i norsk økonomisk sone.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell. Noreg nytta heile kvoten sin på lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen sesongen 2014/2015, då det vart fiska lodde både på sommaren og på vinteren.

1.3 Fiskeriavtalane for 2016

1.3.1 Oversikt over avtalane

Med bakgrunn i det havrettslege rammeverket fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land om forvaltninga av felles fiskeriressursar. Noreg inngår både tosidige og fleirsidige avtalar om forvaltninga av bestandar vi deler. I tillegg blir det inngått avtalar i dei internasjonale fiskeriforvaltningsorganisasjonane der Noreg deltek.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessar og internasjonale ressursforvaltningsfora:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del

1.4 Tosidige avtalar

1.4.1 Noreg – Russland

Det er einigheit mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane.

1.4.2 Noreg – EU

Fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland

Eit element ved den gjeldande kvoteavtalen med EU er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane.

Dei seinare åra har det utvikla seg ein situasjon der torskekvoten Noreg tilbyr EU har auka kraftig, medan bestandar EU gjev Noreg som motyting ikkje har gjort det same. Dette gjer at Noreg i 2016 har halde tilbake litt over 16 000 tonn torsk.

I arbeidet med å forbetre skattleggingsmønsteret i Nordsjøen, har utkast av fisk vore ei utfordring. EU har til no praktisert eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. EU har vedteke ein reform av sin felles fiskeripolitikk som mellom anna inneber forbod mot utkast av fisk. Sjølv om reformvedtaket inneheld fleire unnatak, er det eit viktig steg i rett retning. Forbodet skal innførast stegvis, men for mange botnfiskartar i Nordsjøen tredde det i kraft 1. januar 2016.

2016-avtalen

Noreg og EU underteikna 4. desember 2015 ein kvoteavtale for 2016. Kvotane er noko endra i forhold til 2015. Kvotane for torsk, hyse og sild er auka, medan det er små endringar i dei andre kvotane. Byteavtalen vart balansert. For Noreg er det kvotane på sei, sild og torsk som er viktigast.

Fisket i Skagerrak/Kattegat

Ein ny avtale om norsk, dansk og svensk fiske i Skagerrak vart endeleg signert 15. januar 2015.

1.5 Kyststatsavtalar og andre fleirsidige avtalar

1.5.1 Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Det er ikkje inngått nokon ny firepartsavtale (utan Færøyane) for 2015 og 2016. Noreg har fastsett ein kvote på 193 294 tonn som svarar til vår tradisjonelle del av totalkvoten som ICES rådgjev.

1.5.2 Forvaltninga av kolmule

Etter fleire år med forhandlingar inngjekk kyststatane EU, Noreg, Island og Færøyane ein rammeavtale om forvaltninga av kolmule 16. desember 2005. Dette har vore følgt opp med årlege kvoteavtalar.

1.5.3 Forvaltninga av makrell

I perioden 2010–2014 møttes Noreg, EU, Færøyane og Island til 20 forhandlingsrundar utan at partane vart einige om ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell. I mangel på fullverdige kyststatsavtalar, inngjekk Noreg og EU årlege tosidige avtalar om forvaltning av makrell for åra 2010–2013.

1.5.4 Forvaltninga av uer

Det finst fleire artar av uer i Nordaust-Atlanteren. Det er størst kommersiell interesse knytt til snabeluerbestandane i Irmingerhavet, i Barentshavet og i Norskehavet. Desse blir utnytta av fleire statar.

Snabeluer i Barentshavet og Norskehavet

I oktober 2015 vart det halde eit møte under NEAFC med sikte på å verte einige med ikkje-kyststatane om kor stor del av kvoten som skal setjast av til fiske på det opne hav i Norskehavet. Island støtta det norske og russiske synet, men EU og Færøyane stod framleis langt frå kyststatanes posisjon, og møtet vart utan resultat. Følgjeleg vart partane heller ikkje einige om ei regulering for det opne hav under årsmøtet i NEAFC.