Innstilling fra finanskomiteen om Statsrekneskapen 2015

Dette dokument

Til Stortinget

Sammendrag

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2014 til 2015 og overført løyving frå 2015 til 2016. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet og for dei rekneskapsførte tala. Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2015 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 34 S (2015–2016) Ny saldering av statsbudsjettet 2015.

I kapittel 1 er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Dei samla utgiftene vart 1 634,9 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 539,6 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på 95,3 mrd. Dette er postert på kap. 5999 Statslånemidlar, slik at samla inntekter medrekna statslånemidlar òg vert 1 634,9 mrd. kroner.

Avslutningskontoen (eigenkapitalen) auka i 2015 med 1 047,0 mrd. kroner. Det meste av auken skriv seg frå Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen og eigenkapitalen går opp som følgje av at overføringane av unytta løyving til neste budsjettermin minkar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 1–89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet i 2015 vart 185,3 mrd. kroner, medan statsrekneskapen vart gjort opp med eit overskot på 0,8 mrd. kroner.

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 224,2 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 225,0 mrd. kroner i 2015.

Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. I utrekninga av dette underskotet tek ein mellom anna omsyn til at ein del av statens inntekter og utgifter varierer med konjunkturane og med endringar i rekneskapstilhøve.

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2015 er bruken av petroleumsinntekter i 2015 no rekna til 167,2 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er om lag 3,6 mrd. kroner meir enn i saldert budsjett 2015, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 163,7 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2015 er rekna til 257,2 mrd. kroner, eller 90,0 mrd. kroner høgare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarar til 6,4 prosent av no anslått trend-BNP for Fastlands-Noreg i 2015 og til 2,6 prosent av Statens pensjonsfond utland ved inngangen til 2015.

I revidert nasjonalbudsjett 2015 vart anslaget på det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett opp med 5,1 mrd. kroner, til 168,8 mrd. kroner. Dei strukturelle skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 11,3 mrd. kroner, medan budsjettet vart styrkt med netto 6,2 mrd. kroner på andre postar. Frå revidert nasjonalbudsjett 2015 til nysaldert budsjett 2015 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sett ned med 0,4 mrd. kroner, til 168,4 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til å vere 1,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Utviklinga i utgiftene i statsbudsjettet frå år til år kjem til uttrykk ved den reelle, underliggjande veksten. I den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter og petroleumsverksemda og for visse rekneskapstilhøve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet er uttrykk for volumendringar knytte til driftsutgiftene, investeringane og overføringane i statsbudsjettet.

I nasjonalbudsjettet 2015 var den reelle, underliggjande veksten i utgiftene i statsbudsjettet rekna til 2,3 prosent. I revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart han rekna til 2,8 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2015 er veksten rekna til 2,8 prosent.

Samanlikna med rekneskapen for 2014 har finansieringsbehovet auka med 113,7 mrd. kroner, frå ‑18,3 mrd. kroner i 2014 til 95,3 mrd. kroner i 2015. Utlån og aksjeteikning m.m. minka med 13,4 mrd. kroner, medan tilbakebetalingane minka med 89,0 mrd. kroner. Overskotet før lånetransaksjonar betra seg med 4,6 mrd. kroner slik at netto finansieringsbehovet vart 71,0 mrd. kroner høgare enn i 2014. Auka lånebehov må òg sjåast i samanheng med at kapitalen på 100 mrd. kroner i Statens finansfond og Statens obligasjonsfond vart tilbakeført i 2014 og teknisk ført som ei tilbakebetaling til statskassa. Det var ein auke i betalt avdrag på statsgjelda på 42,7 mrd. kroner i 2015 samanlikna med 2014. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng med avdragsprofilen på statsgjelda.

Utgiftene til utlån vart om lag 3,5 mrd. kroner lågare enn venta ved nysalderinga. Endringar i utlån frå nysaldert budsjett går fram av tabell 1.10.

Mindreutgiftene under Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga svarar til 6,6 prosent av løyvinga, og meirutgiftene under Lånekassa svarar til 0,5 prosent av løyvinga. Mindreutgiftene på lån frå Husbanken svarar til 3,5 prosent av løyvinga, medan mindreutgiften utgjer 0,7 og 10,7 prosent for høvesvis Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga.

Tilbakebetalingane vart 1,9 mrd. kroner høgare enn det var venta i nysalderinga.

Netto utlån vart dermed 5,4 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Sidan rekneskapen syner eit overskot på knapt 0,8 mrd. kroner, vart netto finansieringsbehov 6,1 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett.

Ved ein feil vart ikkje budsjettet for avdrag på statsgjelda justert ned i nysalderinga. Avdrag på innanlandsk statsgjeld i 2015 vart difor 1,5 mrd. kroner lågare enn budsjettet, og brutto finansieringsbehov er dermed 7,6 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett. Lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert dekte med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Det vart ikkje rekneskapsført lånetransaksjonar knytte til petroleumsverksemda i 2015.

Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter kan avvike frå finansieringsbehovet. Grunnen er at ein ved utforming av lånefullmakter tek omsyn til einskilde lånetransaksjonar som inngår i lånebehovet, men som ikkje har likviditetseffekt. Det gjeld til dømes ved overføring av kapital til og frå tilskotsfond som infrastrukturfondet. Dette er nærare omtalt i framlegg for Stortinget om fullmakt til å ta opp statslån. Det vart i 2015 overført 40 mrd. kroner i kapital til infrastrukturfondet og 9,3 mrd. kroner til klimafondet.

Statsrekneskapen for 2015 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 892,6 mrd. kroner i 2015, ein auke på 24,4 mrd. kroner eller 2,8 prosent frå året før.

I statsrekneskapen for 2015 vart dei samla skatte- og avgiftsinntektene om lag 29,4 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2015 vart anslaget sett ned 20,0 mrd. kroner. Ved nysalderinga av 2015-budsjettet er berekna skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg sett ned med endå 8,4 mrd. kroner, i hovudsak på grunn av lågare skattar frå føretak. Samla inntekter frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart i statsrekneskapen om lag 1,0 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene frå Fastlands-Noreg på 892,6 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2015 utgjorde skatt på inntekt og formue medrekna arveavgifta 238,3 mrd. kroner. Dette var 1,1 prosent lågare enn i 2014. Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 299,4 mrd. kroner i 2015, ein auke på 5,5 prosent frå året før. Inntektene frå meirverdiavgifta auka med 4,0 prosent, til 252,2 mrd. kroner i 2015. Frå 2014 til 2015 auka andre særavgifter og tollinntekter med 1,8 prosent, frå 100,8 mrd. kroner til 102,6 mrd. kroner.

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i statens direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE). Utgiftene til petroleumsverksemda vart 29,0 mrd. kroner i 2015. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE er for det meste driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta vart 110,2 mrd. kroner i 2015. Inntektene frå SDØE vart 121,7 mrd. kroner, medan utbyte frå Statoil ASA i 2015 vart 15,4 mrd. kroner. Samla inntekter frå petroleumsverksemda vart dermed 247,2 mrd. kroner i 2015, og netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart 218,3 mrd. kroner. Det er 85,7 mrd. kroner mindre enn i saldert budsjett og 10,4 mrd. kroner mindre enn i nysaldert budsjett, jf. tabell 1.12.

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kap. 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda. Netto avsetjing til fondet i 2015 vart 32,2 mrd. kroner.

Ein viser til nærare omtale i meldinga.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, tar omtalen til orientering, og viser for øvrig til Dokument 1 fra Riksrevisjonen som blir behandlet i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Komiteen har ellers ingen merknader.

Komiteens tilråding

Komiteen viser til det ovenstående, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Meld. St. 3 (2015–2016) – om Statsrekneskapen 2015 – vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 27. mai 2016

Hans Olav Syversen

leder og ordfører