Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Saka om bygging i strandsona

Komiteen viser til at byggeforbodet i strandsona vart innført ved lov i 1965, og intensjonen frå lovgjevar kjem klart fram i forarbeida til dagens plan- og bygningslov. Komiteen viser til at bakgrunnen for byggeforbodet er eit ønske om å sikre at strandsonen er tilgjengeleg for fri ferdsel og friluftsliv for allmennheten og i god naturtilstand.

Komiteen viser vidare til at strandsona er eit pressområde. Betydelege område er allereie bygd ned eller påverka av menneskelege inngrep. Strandsoneareal tilgjengeleg for friluftsliv krympar, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Presset på strandsona er ulikt i ulike delar av landet. Tettast utbygd er det langs Oslofjorden, der heile 73 pst. av arealet er påverka av utbygging. Komiteen viser til at Stortinget med plan- og bygningslova frå 2008 gjennom regulering ønskte å hindre ei uønskt utvikling der presset og nedbygginga av strandsona vart for stort.

Komiteen viser vidare til at saka om oppføring av lysthus i strandsonen i Buskerud reiser spørsmålet om kva regelverk som gjeld dersom arealet er regulert av ein reguleringsplan eldre enn 2008, som var tidspunktet noverande plan- og bygningslov vart gjeldande.

Komiteen registrerer at Sivilombodsmannen framhevar at etter plan- og bygningslova frå 2008 § 1-8 tredje ledd gjeld byggeforbodet i 100-metersbelte med mindre anna byggegrense er fastsett i arealdelen til kommuneplanen eller i reguleringsplan. Sivilombodsmannen viser så til at området i Buskerud i reguleringsplanen frå 1985 er regulert til bustadformål. Verken denne reguleringsplanen eller kommuneplanens arealdel har fastsett noko byggegrense mot sjøen.

Komiteen viser vidare til at Kommunal- og moderniseringsdepartementet på si side framhevar at:

«Av § 1-8 tredje ledd følger at forbudet gjelder så langt ikke annen byggegrense er fastsatt i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan. Departementet har tolket denne bestemmelsen slik at den ikke gjelder for reguleringsplaner som er vedtatt etter tidligere plan- og bygninglov, men bare får betydning for planer vedtatt etter loven av 2008.»

Departementet viser også til overgangsbestemmelsen i plan og bygningsloven § 34-2 fjerde ledd om at gjeldande arealdel av kommuneplan, reguleringsplan og bebyggelsesplan gjeld inntil dei vert endra, oppheva eller erstatta eller sett til side av ny plan etter den nye lova.

Komiteen merker seg at Sivilombodsmannen meiner det avgjerande er om tiltaket er i strid med det alminnelege byggeforbodet i plan- og bygningsloven § 1-8. Når det ikkje gjennom reguleringsplan eller kommuneplan er fastsett noko eiga byggegrense mot sjøen, meiner Sivilombodsmannen at byggeforbodet i § 1-8 andre ledd kjem til bruk. Dette gjeld sjølv om reguleringsplanen er eldre enn 2008. Sivilombodsmannen skriv også:

«Bestemmelsen innebærer en innstramming av rettstilstanden sammenlignet med plan- og bygningsloven av 1985. Etter 1985-loven § 17-2 annet ledd gjaldt byggeforbudet i 100-metersbeltet ikke for områder som var omfattet av reguleringsplan, uavhengig av om reguleringsplan hadde egen byggegrense mot sjøen eller ikke.»

Komiteen merker seg også at Sivilombodsmannen viser til spesialmerknaden til bestemmelsen i Ot.prp. nr 32 (2007–2008) s. 175:

«Tredje ledd slår fast at den generelle forbudsregelen kan fravikes gjennom planer etter loven. Dette er dels en videreføring, dels en viss innstramming av dagens unntaksregel i § 17-2 andre ledd. Bestemmelsen klargjør at det i kommuneplanens arealdel må være fastsatt en byggegrense i områder hvor det skal tillates utbygging dersom byggeforbudet i § 1-8 skal falle bort. I reguleringsplaner vil en slik byggegrense normalt inngå. I planer som bare angir arealbruk til byggeformål, vil byggeforbudet i 100-metersbeltet fortsatt gjelde inntil annen byggegrense er fastsatt. Dette vil også gjelde for områder som er angitt for spredt bebyggelse etter § 11-11 nr 1. og 2.»

Komiteen registrerer at Sivilombodsmannen meiner standpunktet til departementet ikkje er i samsvar med ordlyden i loven. Etter ordlyden i plan- og bygningsloven gjeld byggeforbodet så lenge ikkje anna byggegrense er fastsett. Kravet til byggegrense i plan gjeld generelt, og tek ikkje atterhald om at kravet berre gjeld for planar etter 2008-lova. Heller ikkje forarbeida i lova tek noko slikt atterhald. Fleirtaletmerkar seg at Ombodsmannen viser til støtte i juridisk teori, jf. Frode Innjord (red.), Plan- og bygningsloven med kommentarer (Gyldendal 2010) bind 1 s. 31 og Fredrik Holth og Nikolai K. Winge: Byggeforbudet langs sjø, og forholdet til eldre planer, Kart og plan, nr. 1 2014. I denne artikkelen skriv Holth og Winge at i saka om byggeforbodet i strandsonen har departementet med ei forståing som

«strider mot bestemmelsens klare ordlyd og intensjoner, og som heller ikke har tilstrekkelig forankring i lovens overgangsbestemmelse. Departementets syn er, med andre ord, uten rettslig forankring.»

Komiteen viser til at Sivilombodsmannen skriv at heller ikkje Pedersen m.fl. Plan- og bygningsrett (2. utg. 2010) s. 376–377 skil mellom planer vedteke før eller etter 2008-lova vert gjeldande.

Komiteen vil understreke at denne komitéhandsaminga ikkje omhandlar kor vidt ein ønskjer å opne for meir bygging i strandsona eller ikkje. Denne saka omhandlar ei melding frå Ombodsmannen til Stortinget som meiner at eit departement i si forvaltning ikkje held seg innanfor dei lover Stortinget har fastsett.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, meiner at dersom handlemåten til departementet eigentleg uttrykker eit politisk ønske om å liberalisere bygginga i strandsona, er den riktige måten å gjere dette på å endre lovverket framfor å utfordre lovtolkinga til Stortingets ombodsmann. Fleirtalet reagerer også på at Kommunal- og moderniseringsdepartementet 15. april 2015 sende brev til samtlege fylkesmenn der dei heldt fast på lovforståinga frå fråsegna til Miljøverndepartementet 13. februar 2013, trass i at Sivilombodsmannen ved avslutning av saken 27. februar uttalte at lovforståinga til departementets ikkje kunne vere riktig.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at departementet har redegjort for at departementets tolkning har ligget fast helt fra loven trådte i kraft 1. juli 2009. Den samme lovforståelsen har vært lagt til grunn både av forrige og nåværende regjering. Det er følgelig ikke grunnlag for å si at lovtolkningen uttrykker et politisk ønske om å liberalisere bygging i strandsonen. Brevet fra departementet til fylkesmennene 15. april 2015 ble sendt for å informere om hvordan departementet ville forholde seg etter uttalelsen fra Sivilombudsmannen for å sikre kontinuitet og en mest mulig ensartet praksis.

Komiteen kjenner til at departementet har sendt ut på høyring forslag til endringar i plan- og bygningsloven (15. november 2015) der ein føreslår endringar i overgangsbestemmelsen i plan- og bygningsloven i § 34-2 fjerde ledd for å presisere rettsoppfatninga til departementet om at det ikkje skal krevjast dispensasjon frå byggeforbodet i 100-metersbeltet for å gjennomføre bygging i samsvar med planer vedtatt før plan- og bygningsloven av 2008. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner varsla i høyring om den særskilde meldinga til Sivilombodsmannen at forslaget om lovendringa vil leggast fram for Stortinget før sommaren. Komiteen meiner dette ikkje endrar spørsmålet komiteen skal ta stilling til, nemleg den særskilte meldinga frå Sivilombodsmannen om at Kommunal- og moderniseringsdepartementet ikkje følgjer lovtolkinga til Sivilombodsmannen.

Fleirtalet ikomiteen, alle unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, meiner det er viktig å vente med endra forvaltningspraksis til lovverk er endra.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet mener at det er viktig å vente med å endre forvaltningspraksis til loven er endret og viser til at departementet nettopp derfor har lagt vekt på å opprettholde en etablert forvaltningspraksis frem til lovendringen. Det ville skape uryddighet dersom departementet skulle endre sin praksis i en mellomperiode frem til loven endres og tolkningsspørsmålet avklares.