3. Uttalelse fra utenriks- og forsvarskomiteen

Utenriks- og forsvarskomiteen har i brev av 2. juni 2016 kommet med følgende uttalelse:

«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til finanskomiteens utkast til innstilling datert 27. mai 2016 vedrørende Prop. 100 S (2015–2016) Samtykke til 1) deltakelse i åtte beslutninger i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av rettsaktene som etablerer EUs finanstilsynssystem og enkelte andre rettsakter, 2) overføring av myndighet til å utøve beføyelser med direkte virkning i Norge til EFTAs overvåkningsorgan og EFTA-domstolen ved fremtidig innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 600/2014, forordning (EU) nr. 1286/2014 og forordning (EU) nr. 2015/2365.

Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til finanskomiteens utkast til innstilling til Prop. 100 S (2015–2016). Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Senterpartiet, har for øvrig ingen merknader.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til Senterpartiet sine merknader i finanskomiteen si innstilling til Prop. 100 S (2015–2016), og slutter seg til desse.

Denne medlemen viser til at det etter mellombels avgjeving frå finansfraksjonen har kome fram ny og vesentleg informasjon som ytterlegare forsterkar alvoret i saka.

Denne medlemen viser til at det er gitt uklare signal frå regjeringa om kva konsekvensar tilknyting til EU sitt finanstilsyn vil ha for Noreg si moglegheit til å innføre strengare reguleringar av finansinstitusjonar i Noreg enn i EU. I eit brev til Stortingets Europautval, datert 31. mai 2016, skriv finansministeren at «hvordan vi skal håndtere eventuelle strengere regler tilpasset norske forhold enn det som følger av rammeverket i kapitalkravsforordningen, vil departementet komme tilbake til når kapitalkravsregelverket skal innlemmes i EØS-avtalen».

Denne medlemen viser til at statssekretær i Finansdepartementet, Tore Vamraak, i Politisk kvarter i NRK måndag 30. mai 2016 gav uttrykk for noko anna. På spørsmål om i kva grad Noreg mister sine nasjonale verktøy til å vere aktive ovanfor norske banker og finansinstitusjonar i ein situasjon som krev det, fortalde statssekretæren at «det å ha felles europeisk regulering er i seg selv positivt, men baksiden av medaljen er jo selvfølgelig at vi ikke står fritt til å innføre fullt så strenge reguleringer som vi ønsker fra norsk side.» På spørsmål om dette kunne gjelde særnorske kapitalkrav til bankane, var svaret at «på kapitalkravssiden så holder vi oss innenfor de felles retningslinjene som EU har trukket opp. Et annet eksempel er da innskuddsgarantiene for norske innskytere, som regjeringen til Vedum var med på å kjempe for at vi skulle få lov til å beholde de norske grensene på 2 mill. kroner pr. innskyter». På spørsmål om innskotsgarantiordningane ikkje ville verte så gode, var svaret at «der fikk man til en overgangsordning frem til 2018. Men det er et område der EU har ønsket en fullharmonisering. Norge har måttet gi fra seg den gode reguleringen».

Denne medlemen viser til at uvissa kring kapitalkrav peikar mot eit behov for utsetjing av saka og at heile regelverkspakka vert handsama samstundes.

Denne medlemen peiker på at fleire av dei mest framståande professorane i rettsvitskap i Noreg åtvarar sterkt mot løysinga for suverenitetsavståing som vert foreslått i Prop. 100 S (2015–2016). Denne medlemen viser mellom anna til at professorane i rettsvitskap, Eirik Holmøyvik og Halvard Haukeland Fredriksen, skriv følgjande i ein kronikk i DN 12. mai 2016:

«Problemet med den skisserte løsningen er at det er pinlig klart at det er en konstruksjon. ESAs vedtak skal baseres på ferdige forslag fra EU-tilsynene. ESA vil ikke bli tilført ressurser som muliggjør en selvstendig vurdering av forslagene. Den reelle saksbehandlingen vil skje i EU. Som departementet selv vedgår i proposisjonen:

‘Det er en underliggende forutsetning i den fremforhandlete modellen at EFTAs overvåkningsorgan, kort tid etter mottak av et slikt utkast fra den relevante EU-tilsynsmyndigheten, vil fatte et likelydende eller tilnærmet likelydende vedtak’. Kort sagt: ESA skal ikke gjøre annet enn å strø sand på EU-tilsynenes innstillinger.»

Denne medlemen viser til at i same kronikk konkluderer professorane med at «dersom Stortinget slutter seg til regjeringens forslag, knesetter man en svært formalistisk tilnærming til medlemskapskriteriet i Grunnloven § 115».

Denne medlemen viser til at i Nationen tysdag 24. mai 2016 åtvarar professor i rettsvitskap ved UiO, Eivind Smith, mot at dette vil medføre ei omgåing av Grunnlova: «Løysinga regjeringa vil ha Stortinget med på er mest ei reint formalistisk omgåing av krava for overføring av mynde i Grunnlova».

Denne medlemen viser til debatten om EU/EØS-utgreiinga torsdag 26. mai 2016. I ei replikkveksling uttala regjeringa sin EU- og EØS-minister at:

«Svein Roald Hansen tar også opp spørsmålet om alle disse byråene som Norge har ytret ønske om å kunne delta i, og hvordan innretningen blir av dem. Nå har vi funnet en løsning på finanstilsynet, som retter seg mot både offentlige og private. Når det gjelder ACER, derimot, snakker vi om offentlige regulatorer. Så det er nødvendigvis ikke slik at en løsning passer for alle typer byråer».

Denne medlemen peiker på at det i Nationen måndag 30. mai 2016 like fullt kom fram at EU no ynskjer seg same modell for norsk tilknyting til EUs energibyrå, ACER. Nationen skriv at i følgje Geelmuyden Kiese Brussel stadfestar kjelder i EU si utanriksteneste no at Noreg har gått med på det. «ESA vil dermed få styresmakt til å handheve ACER sine avgjerder ovanfor Noreg», skriv kommunikasjonsbyrået i sitt nyhendebrev.

Denne medlemen viser til at i e-post til Nationen skriv EU- og EØS-ministeren på spørsmål om suverenitetsoverføring til ACER at «det ligg vel kanskje i korta at når vi har knekt ei viktig nøtt i forhold til finanstilsyna, så er det ei oppskrift vi kan bruke i fleire samanhengar». Denne medlemen understreker at det under høyringa til Prop. 100 S (2015–2016) ikkje vart kommunisert frå regjeringa at EU og regjeringa no ser ut til å verte samde om å kunne nytte modellen frå Prop. 100 S (2015–2016) for suverenitetsoverføring til andre EU-byrå.

Denne medlemen viser til at det i saka har vore argumentert med at Noreg er avhengig av å vedta Prop. 100 S (2015–2016), om norske bankar og finansinstitusjonar skal ha tilgjenge til EUs finansmarknad. Denne medlemen peiker på at det i særs lita grad er dokumentert korleis finansinstitusjonar frå ei rekkje andre land like fullt har tilgjenge til EUs marknad, utan at desse landa har gitt frå seg suverenitet over tilsyn og kontroll med nasjonal finansmarknad. Denne medlemen peiker på at det mellom anna frå Finans Noreg har vore argumentert med at land som Sveits og USA har bilaterale avtalar med EU som sikrar marknadstilgang. Denne medlemen viser til at et burde vore klargjort kva for avtalar dette er, og på kva desse avtalane omfattar. På same måte ville det vore trong for å vite om det finst land med eventuelle bilaterale avtalar innan finanstenester, som like fullt har tilgjenge til EU sin finansmarknad.

Denne medlemen peiker på at ABC Nyheter i ein artikkel laurdag 28. mai 2016 viste at juristen Per Christian Bærøe alt er tilsett i den eine stillinga som overvakingsorganet ESA utvidar staben med i påvente av Noreg si forventa tilknyting til EU sitt tilsynssystem for finansvesenet. Bærøe gjer det klart at ein ikkje no kan seie kva som blir konsekvensane av suverenitetsoverføringa: «(…) ingen vet jo hvordan dette vil fungere i fremtiden», fortel Bærøe til ABC Nyheter.

Denne medlemen viser til saka sin kompleksitet har gjort at ho har vore til handsaming hjå regjeringa i mange år, noko finansministeren sjølv understreka under høyringa til saka. Saka sin kompleksitet, kombinert med det faktum at fleire opplysningar er komne fram etter at saka var mellombels avgitt frå finanskomiteen, gjer samla sett at utanriks- og forsvarskomiteen treng meir tid til nøye å gå gjennom alle sider ved denne saka. Denne medlemen ber difor om at handsaminga av Prop. 100 S (2015–2016) vert utsett til neste sesjon.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti anbefaler på dette grunnlaget følgjande:

Utanriks- og forsvarskomiteen utset handsaminga av Prop. 100 S (2015–2016) til representantane i komiteen får forsvarleg tid til å setje seg inn i dei moglege konsekvensane av Prop. 100 S (2015–2016), både utifrå saka sine konstitusjonelle implikasjonar og ut frå konsekvensane dei føreslåtte endringane vil ha for Noreg sitt handlingsrom til å føre tilsyn med og regulere finansnæringa i Noreg.»