I samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2016 foreslår
regjeringa følgjande lovsaker:
Uttak av næringsmiddel
som blir levert utan vederlag til eit velgjerande føremål, blir
fritatt frå meirverdiavgift (kapittel 2)
Lån frå deltakarlikna selskap til personleg
deltakar blir skattlagd tilsvarande som utbytte (kapittel 7) .
Skatteavgrensingsregelen blir tilpassa
trinnskatten (kapittel 8).
Presiseringar i skattereglane for verdipapirfond (kapittel
9).
Overgangsordninga for skattlegging av skog som
frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, blir endra slik
at skogeigar kan velje å føre gjennomsnittsunderheng på vinst- og
tapskonto (kapittel 10).
Kommunane får moglegheit til å frita fritidseigedomar
frå eigedomsskatt, og må nytte lågaste skattesats på to promille
for bustader og fritidsbustader første året det blir skriven ut
eigedomsskatt på slik eigedom (kapittel 12 og 13).
Verknadstidspunktet for dei nye avskrivingsreglane
om vindkraft blir utsett til 19. juni 2015 (kapittel 14).
Arbeidsgjevarar som gjer lønnstrekk for
å dekke skatten til arbeidstakarar på Svalbard, skal betale skatten
seks gonger i året i staden for to (kapittel 15).
Ein gjer det klart at forskottstrekkordninga
for lønn skal gjelde for alle ytingar som blir skattlagt som løn.
Tidspunktet for når det kan gjerast fritak frå forskotstrekk i pensjonar
mv. blir endra. I berekningsgrunnlaget for forskottstrekk skal ein gjere
frådrag for pensjonsinnskot til utanlandske pensjonsordningar (kapittel
16).
Ein gjer enkelte opprettingar og presiseringar
i lovtekst. Mellom anna får nokre lover på skatte- og avgiftsområdet
offisielle korttitlar (kapittel 17).
Ein viser også til følgjande saker som
er omtalt i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2015‑2016) revidert nasjonalbudsjett
2016:
I samband med budsjettet for 2017 vil det
bli foreslått ei midlertidig og avgrensa ordning med utsett formuesskatt
for eigarar av verksemder som går med rekneskapsmessig underskot.
Ein tek sikte på at ordninga skal gjelde frå og med inntektsåret
2016.
Status for støtte til enøktiltak i private
hushald.
Omtale av den generelle ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon
i kommunesektoren.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Tore Hagebakken, Irene Johansen, Tor Arne Bell Ljunggren, Torstein Tvedt
Solberg, Vegard Grøslie Wennesland og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig
Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde
og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen
og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav
Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre, Terje
Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen,
viser til at regjeringens vurderinger og forslag er omtalt i Prop.
121 LS (2015–2016). Kapitlene nedenfor i denne innstillingen følger
samme kapittelinndeling som proposisjonen. Her er saksomtalene begrenset
til kortere oppsummerende sammendrag. For nærmere omtaler av bakgrunn for
og utfyllende vurderinger knyttet til forlagene vises det til proposisjonen.
Komiteen viser videre til at
sakene omtalt i Meld. St. 2 (2015–2016) og sakene om avgift og toll
i kapitlene 3–6, 11 og 19 i proposisjonen, behandles i Innst. 400
S (2015–2016) hvor også forslag til toll- og avgiftsvedtak behandles.
For de øvrige sakene vises det til merknader under hvert kapittel
nedenfor.
Komiteen viser for øvrig til
brev av 30. mai 2016 fra finansministeren om korrigering av feil i
Prop. 121 LS (2015–2016). Brevet følger som vedlegg til denne innstillingen.