Lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane
inneheld fleire ulike utskrivingsalternativ som skil mellom kva
typar eigedom som kan ha eigedomsskatt. Fleire av utskrivingsalternativa
omfattar bustad- og fritidseigedom. I eigedomsskatten blir bustad-
og fritidseigedom handsama saman.
Departementet gjer framlegg om at kommunane skal
kunna frita fritidsbustader for eigedomsskatt. Det vil då vere opp
til den einskilde kommunen å avgjere om eigedomsskatten òg skal
omfatte fritidsbustader.
Departementet viser til forslag til ny § 7 bokstav e
i eigedomsskattelova.
Gjer kommunestyret vedtak om fritak for fritidsbustader,
vil kommunen måtte skilje ut slik eigedom frå dei andre eigedomane
som går inn under utskrivingsalternativet. Departementet legg til grunn
at mengda meirarbeid som følgje av dette er avgrensa ettersom opplysningane
som skal liggje til grunn for fritaket kan hentast i matrikkelen.
Vedtak om fritak vil redusere kommunens eigedomsskatteinntekter.
Departementet har ikkje grunnlag for å seie noko om kor mange kommunar
som vil nytte seg av den nye moglegheita til ikkje å skrive ut eigedomsskatt
på fritidseigedom, og kan derfor heller ikkje seie noko om provenyverknadene
for den einskilde kommunen eller samla sett. Departementet har heller
ikkje grunnlag for å seie noko om i kva grad ei slik endring kan
bidra til auka økonomisk aktivitet i den einskilde kommunen som
følgje av at kommunen blir meir attraktiv for hytteeigarar.
Departementet foreslår at endringa tek til å
gjelde frå 1. januar 2017.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at
regjeringens forslag gir kommunene økt fleksibilitet i utskrivingen
av eiendomsskatt. Forslaget er således et steg i riktig retning.
Det er imidlertid fremdeles behov for å øke kommunenes handlingsrom
i eiendomsskattespørsmål, blant annet bør muligheten til å differensiere
mellom ulike skatteobjekter utvides ytterligere. Disse medlemmer mener kommunene
for eksempel bør kunne skille mellom verker og bruk og næringseiendom,
og at det også bør være mulig å skille mellom eiendomsskatt på ulike
typer verker og bruk.