I eigedomsskattelova er det sett grenser for
kor høg skattesatsen kan vere første året kommunen skriv ut eigedomsskatt.
Slik regelen blir tolka, er det ikkje rekna som første gongs utskriving
når kommunen skiftar utskrivingsalternativ og dette medfører at
nye typar eigedom blir omfatta av eigedomsskattegrunnlaget. Til
dømes gjeld dette når kommunen går over frå å skrive ut eigedomsskatt
på «verk og bruk» til å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen.
Særleg for eigarar av bustader og fritidsbustader kan dette gi ei
brå økonomisk belasting. Departementet gjer framlegg om at den lågaste
skattesatsen på to promille må nyttast for bustader og fritidsbustader første
året det blir skrive ut eigedomsskatt på slik eigedom, òg ved overgang
til nytt utskrivingsalternativ.
Departementet viser til forslag til endring
i eigedomsskattelova § 13.
Departementet legg til grunn at endringa ikkje vil
medføre administrativt meirarbeid for kommunane.
Forslaget vil kunne få verknad for kommunar som
allereie har eigedomsskatt, men ikkje på bustad- og fritidseigedom.
I 2016 gjeld dette om lag 98 av 362 kommunar med eigedomsskatt. Isolert
sett vil forslaget redusere dei potensielle inntektene frå eigedomsskatten
for kommunar som utvidar eigedomsskattegrunnlaget. Inntektsbortfallet
gjeld berre dei første åra inntil ein innanfor lovens rammer har
auka satsen til det maksimale. Det vil òg vere slik at kommunane ved
bruk av botnfrådrag kan regulere storleiken på utlikna eigedomsskatt.
Departementet har ikkje grunnlag for å seie noko meir presist om
kor mange kommunar som blir råka av endringa eller dei økonomiske
konsekvensane for den einskilde kommunen eller samla for alle kommunar.
Departementet foreslår at endringa tek til å
gjelde frå 1. januar 2017.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk
Venstreparti, slutter seg til regjeringens forslag.