14. Avskrivningsregler for vindkraft – virkningstidspunkt

14.1 Sammendrag

Ved lovendring 19. juni 2015 vedtok Stortinget endringar i avskrivingsreglane for vindkraftverk. Etter dei nye reglane kan vindkraftverk avskrivast lineært, med like store beløp over fem år. Dei nye avskrivingsreglane vil ikkje tre i kraft før ETFA sitt overvakingsorgan (ESA) har godkjent ordninga som lovleg statsstøtte.

Opphavleg skulle reglane gjelde for driftsmiddel erverva frå 1. januar 2015 til 31. desember 2020. For å sikre at investeringar i vindkraftverk oppfyller kravet til insentiveffekt i ESA sine retningslinjer for miljøstøtte, bør ikkje driftsmiddel som er erverva før dei nye reglande blei vedtekne av Stortinget vere omfatta av ordninga. Regjeringa foreslår derfor å justere dei nye avskrivingsreglane slik at driftsmiddel som er erverva før 19. juni 2015 ikkje kan bli avskrivne etter dei nye reglane. Samstundes blir det presisert at avskrivingsreglane ikkje gjeld dersom skattytar har byrja å arbeide med prosjektet før 19. juni 2015. Vidare er sluttdatoen for når anlegg som kvalifiserer til elsertifikat utvida til 2021, og i tråd med dette blir òg avskrivingsordninga foreslått utvida til driftsmiddel erverva til og med inntektsåret 2021.

Departementet har i lengre tid vore i ein pre-notifikasjonsprosess med ESA. Formell notifikasjon blei sendt 10. mai i år.

14.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.