Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Iselin Nybø og Ola Elvestuen fremja 6. april 2016 følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om at dokument knytt til utøving av kongehuset sine offisielle oppgåver vert underlagt reglane i offentleglova.»
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, leiaren Hadia Tajik og Lise Wiik, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og Anders B. Werp, frå Framstegspartiet, Jan Arild Ellingsen og Ulf Leirstein, frå Kristeleg Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og frå Senterpartiet, Jenny Klinge, delar forslagstillarane sitt syn på at openheit er eit av dei berande prinsippa i demokratiet.
Komiteen vil vise til forslaget som vert fremja i representantforslaget:
«Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om at dokument knytt til utøving av kongehuset sine offisielle oppgåver vert underlagt reglane i offentleglova.»
Komiteen vil vise til og stille seg bak statsrådens svarbrev til komiteen i saka (14. oktober 2016), og deler oppfatninga av at unnataka i offentleglova ikkje kan skape noko tvil om rettskildegrunnlaget for at kongehuset ikkje vert omfatta av offentleglova. Komiteen vil streke under det statsråden skriv i sitt svarbrevet, at dokument frå eller til kongehuset eller Det kongelege hoff vil vere omfatta av innsynsretten dersom dokumenta er hjå eit organ som er omfatta av lova, og dei er å rekne som saksdokument hjå dette organet. Her gjeld det same prinsippet som for dokument frå eller til alle andre. Den same vurderinga vil gjelde for dokument der kongehuset eller Det kongelige hoff er omtalt.
Komiteen vil vise til at når det gjeld kongehuset si disponering av midlar som vert tildelte hoffet på statsbudsjettet, er denne saka overlevert til kontroll- og konstitusjonskomiteen, og at saka vert handsama der og ikkje i justiskomiteen.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere slikt
Dokument 8:78 S (2015–2016) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Iselin Nybø og Ola Elvestuen om innsynsrett i kongehuset – vert lagt ved møteboka.
|
Hadia Tajik |
Lise Wiik |
|
leder |
ordfører |