Søk

Sammendrag

Innleiing

I proposisjonen vert det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 9 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2016.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2016 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2016.

Det vert fremja forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 9 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 37,6 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 796,3 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 693 mill. kroner. Samla gjer Arbeids- og sosialdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir sette ned med 1 526,9 mill. kroner.

Det vert fremja å redusere løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 207,4 mill. kroner.