Søk

Innhold

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Justis- og beredskapsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet 2016.

Kap. 490 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Driftsutgifter

På bakgrunn av auka refusjonar frå andre etatar knytt til utvikling av IKT-system blir det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på kap. 490, post 1 med 15 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av løyvinga på kap. 3490, post 5.

I statsbudsjettet for 2016 er det planlagt for at Noreg kan ta imot 750 asylsøkjarar gjennom relokaliseringsprogrammet til EU i 2016. Det er gitt ei løyving på 56 mill. kroner til formålet over kap. 490, post 1. Justis- og beredskapsdepartementet har inngått avtaler med greske og italienske myndigheiter og Noreg vil ha 750 plassar tilgjengeleg i 2016. Fordi Hellas og Italia har inntil to månader på seg til å overføre søkjaren er det knytt noko uvisse til når personane kjem til Noreg. Regjeringa har varsla at løyvinga vil bli fordelt på andre kapittel og postar når opplegget for mottak av asylsøkjarar gjennom ordninga er nærare fastsett. Det blir i proposisjonen foreslått å omdisponere 11,3 mill. kroner av beløpet frå posten til kap. 440, post 01 til registrering hos politiet. Utgiftene knytt til mottak og opplæring i norsk og samfunnsfag blir anslått av Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga. Utgiftene knytt til relokalisering på disse postane er dermed tatt høgde for. Når det gjeld utgifter til behandling av saker blir det antatt at UDI først vil behandle desse sakene i 2017 og difor blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga med 44,8 mill. kroner knytt til relokalisering.

Samla blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 41 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, asylmottak

Anslaget for venta mengd asylsøkjarar i 2016 er redusert frå 25 000 til 3 550 samanlikna med anslag i samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2016. Anslaget inkluderer asylsøkjarar gjennom relokaliseringsprogrammet til EU. Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga understrekar uvisse. Som følgje av dei låge innkomstane har mottakskapasiteten blitt redusert. Som følgje av den auka innkomsten av asylsøkjarar hausten 2015 blei det oppretta innkomstsentre i Østfold og i Finnmark. På grunn av færre asylsøkjarar i 2016 blei det i juni bestemt å avvikle drift på innkomstsenteret i Finnmark. Samtidig er driftsutgiftene til innkomstsenteret Østfold redusert.

Løyvingsbehovet på posten er høgare enn ei rein volumjustering av posten på grunn av fleire unytta mottaksplasser enn normalt. Dette kjem i hovudsak av at det inntil hausten 2016 har blitt utvist varsemd med å redusere mottakskapasiteten som følgje av oppseiingstid på eksisterande mottaksplassar. Innkomsten av asylsøkjarar aukar normalt i sommarmånadene, og den sterke auka i mengd asylsøkjarar i 2015 kom først utover hausten frå august. På grunn av dette har ein venta med å bygge ned deler av mottakskapasiteten for å forhindre same krevjande situasjon som hausten 2015, dersom ein liknande utvikling skulle oppstå i 2016. Vidare har utgiftene til innkvartering av asylsøkjarar i påvente av registrering blitt om lag 52 mill. kroner høgare enn tidlegare antatt.

Reduserte utgifter knytt til behov for kapasitet i mottak er anslått til 485,6 mill. kroner og det blir i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten tilsvarande.

Post 22 Særskilde driftsutgifter, tolk og omsetting

På grunn av færre asylsøkjarar, meir effektiv avvikling av intervju og auka forskyving av utbetalingar til 2017 blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,4 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til vertskommunar for asylmottak

Som følge av reduserte asylinnkomstar blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 114,1 mill. kroner.

Post 70 Stønadar til bebuarar i asylmottak

Som følge av reduserte asylinnkomstar blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 71,9 mill. kroner.

Post 75 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, kan overførast

Som følge av lågare utgifter per reise blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,3 mill. kroner.

Kap. 3490 Utlendingsdirektoratet

Post 1 Retur av asylsøkjarar med avslag og tilbakevending for flyktningar, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av auka del returar til ODA-land blir det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på posten med 5,6 mill. kroner.

Post 3 Reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av forslag om reduksjon på kap. 490, post 75, blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 3,3 mill. kroner.

Post 4 Asylmottak, ODA-godkjende utgifter

På bakgrunn av forslag om reduserte løyvingar på kap. 490, post 21, post 60 og post 70, blir det i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 105,6 mill. kroner.

Post 5 Refusjonsinntekter

På bakgrunn av auka refusjonar frå andre etatar knytt til utvikling av IKT-system blir det i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på posten med 15 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 490, post 01.

Kap. 496 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 60 Integreringstilskot

Det blir i proposisjonen vist til at det er behov for å busette færre einslege mindreårige flyktningar i 2016 enn det Integrerings- og mangfaldsdirektoratet oppmoda kommunane om å busette. Departementet er kjent med at nokre kommunar som av denne grunn likevel ikkje skal busette einslege mindreårige, har hatt utgifter knytt til førebuing av busettinga. Regjeringa vil vurdere nærmare desse kommunane sine kostnader knytt til førebuing av busetting av einslege mindreårige flyktningar, og vil kome tilbake til dette i samband med revidert nasjonalbudsjett 2017.

Behovet for 2016 er anslått redusert med 403,9 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak at ein lågare del av år 1-tilskot for busette i 2016 vil bli utbetalt inneverande år samanlikna med gjeldande budsjett 2016.

Det blir i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 403,9 mill. kroner.

Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar

Behovet i 2016 er anslått redusert med 96,7 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen skuldast i hovudsak ein reduksjon i prognosen for busettingsbehovet for einslege mindreårige, og dermed reduksjon i prognosen for talet på busette einslege mindreårige som utløyser særskilt tilskot.

Det blir i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 96,7 mill. kroner.

Post 62 Kommunale innvandrartiltak

Det blir i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 496, post 71, jf. omtale under denne posten.

Post 71 Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd

Det blei i Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett 2016 vedtatt å gi 1 mill. kroner til Just Unity og 2 mill. kroner til Fargespill Bergen frå posten. Løyvinga på posten blei i den samanheng auka med 2,5 mill. kroner. Resterande 0,5 mill. kroner skulle dekkjast innanfor eiga ramme.

Det blir i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på posten med 0,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av kap. 496, post 62.

Kap. 3496 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar

Post 1 Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende utgifter

Løyvinga på posten er anslått auka med 30,6 mill. kroner. Auken kjem av ein auke i prognosen for overføringsflyktningar i 2016 samanlikna med det som ligg til grunn i gjeldande budsjett.

Det blir i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på posten med 30,6 mill. kroner.

Post 2 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter

Løyvinga på posten er anslått redusert med 14,2 mill. kroner. Reduksjonen kjem av ein reduksjon i prognosen for talet på busette einslege mindreårige i 2016 samanlikna med det som ligg til grunn i gjeldande budsjett.

Det blir i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 14,2 mill. kroner.

Kap. 497 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 22 Prøver i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Det har blitt avlagt fleire prøver enn det som låg til grunn for løyvinga.

Det blir i proposisjonen foreslått å auke løyvinga på posten med 0,3 mill. kroner til fleire prøver som er avlagt.

Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Behovet er anslått redusert med 220,3 mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Reduksjonen kjem i hovudsak av ein reduksjon i talet på asylsøkjarar i målgruppa for norskopplæring i mottak for 4. kvartal 2015, samt reduksjon i talet på asylsøkjarar i målgruppa for norskopplæring i mottak for 1.–3. kvartal 2016. I tillegg er det ein reduksjon i talet på personar som utløyser persontilskot for år 1 med ankomstår 2016.

Det blir i proposisjonen foreslått å redusere løyvinga på posten med 220,3 mill. kroner.

Kap. 3497 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar

Post 1 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjente utgifter

Løyvinga på posten er i proposisjonen anslått redusert med 179,2 mill. kroner. Reduksjonen kjem av at prognosen for talet på asylsøkjarar i målgruppa for norskopplæring i mottak er redusert, både for 4.kvartal 2015 og 1.–3. kvartal 2016.