Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2016.
Som følgje av rentestrukturen på statspapira til dei nye låna som SIVA har tatt opp i 2016, er det grunnlag for å auke renteinntektsløyvinga med 5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet i proposisjonen framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner, frå 17,9 til 22,9 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen og Eirin Sund, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, handsamar i innstillinga Prop. 25 S (2016–2017), budsjettkapittel 5613 og har elles ingen merknader.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:
|
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
Inntekter |
|||
|
5613 |
|
Renter frå Siva SF |
|
|
|
80 |
Renter, blir auka med |
5 000 000 |
|
|
|
frå kr 17 900 000 til kr 22 900 000 |
|
|
Helge André Njåstad |
|
leiar og ordførar |