Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Justis- og beredskapsdepartementet

Dette dokument

  • Innst. 141 S (2016–2017)
  • Kildedok: Prop. 30 S (2016–2017), kap. 456, 3456
  • Dato: 12.12.2016
  • Utgiver: transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetall: 2
Til Stortinget

Samandrag

Kap. 456 Direktoratet for nødkommunikasjon

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga dekker staten sine utgifter knytt til drift av Direktoratet for nødkommunikasjon (DNK) og staten sine plikter som følgje av utbygging og drift av Nødnett.

Løyvinga knytt til utbygging av Nødnett blir justert i tråd med realistisk løyving i fastsett styringsramme (P50). Ein del av styringsramma for 2016 skal flyttast til 2017. Behov for tilleggskjøp frå brukarane har auka, noko som har ført til auka utgifter knytt til drift, vedlikehald og linjeleie. Dette medfører også auke av løyvinga på kap. 3456 post 3 Faste refusjonar. I tillegg har omfanget av utgifter til etablering av basestasjonar auka, jf. omtale på kap. 3456 post 2 Variable refusjonar.

Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 18 mill. kroner.

Post 45 Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast

Investeringane knytt til å implementere dei frivillige organisasjonane i Nødnett har blitt lågare enn venta, i hovudsak av den grunn at prisen per radioterminal har blitt lågare gjennom forhandlingar. Det blir foreslått å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner.

Kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon

Post 2 Variable refusjonar

Det er behov for å auke løyvinga som følgje av tilleggskjøp frå etatar og andre brukarar. Omfanget av utgifter til etablering av basestasjonar har auka. I tillegg er det behov for å redusere løyvinga som følgje av feilpostering av refusjonar. Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 45 mill. kroner.

Post 3 Faste refusjonar

Behov for tilleggskjøp frå brukarane har auka, noko som har ført til meir utgifter knytt til drift, vedlikehald og linjeleige. I tillegg er det behov for å auke løyvinga som følgje av feilpostering av refusjonar. På denne bakgrunn blir det foreslått å auke løyvinga med 26 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Kjell-Idar Juvik, Sverre Myrli, Magne Rommetveit, Eirik Sivertsen og Karianne O. Tung, frå Høgre, leiaren Nikolai Astrup, Torill Eidsheim, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Åse Michaelsen og Morten Stordalen, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, frå Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og frå Venstre, Abid Q. Raja, merkar seg at endring i milestolpar for utbetaling av driftsutgifter, samt auka utgifter til drift, vedlikehald, linjeleige og basestasjonar gir ein samla reduksjon i løyvinga på post 1 Driftsutgifter med 18 mill. kroner.

Komiteen merkar seg vidare at investeringane knytt til å implementere dei frivillige organisasjonane i Nødnett har blitt lågare enn venta på grunn av lågare pris per radioterminal, og at løyvinga på post 45 Større innkjøp og vedlikehald er føreslått redusert med 3,8 mill. kroner.

Komiteen viser til at Direktoratet for nødkommunikasjon krev inn variable og faste refusjonar frå brukarane av Nødnett, og at som følgje av auke i utgiftene og omposteringar blir løyvingane på post 2 Variable refusjonar auka med 45 mill. kroner og løyvingane på post 3 Faste refusjonar auka med 26 mill. kroner.

Komiteen sluttar seg til dei føreslåtte endringane i løyvingane.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir fremja av ein samla komité.

Komiteen syner til proposisjonen og merknadene, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

456

Direktoratet for nødkommunikasjon

1

Driftsutgifter, blir redusert med

18 000 000

frå kr 568 221 000 til kr 550 221 000

45

Større innkjøp og vedlikehald, kan overførast, blir redusert med

3 800 000

frå kr 502 747 000 til kr 498 947 000

Inntekter

3456

Direktoratet for nødkommunikasjon

2

Variable refusjonar, blir auka med

45 000 000

frå kr 48 062 000 til kr 93 062 000

3

Faste refusjonar, blir auka med

26 000 000

frå kr 29 936 000 til kr 55 936 000

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 12. desember 2016

Nikolai Astrup

Helge Orten

leder

ordfører