Søk

Vedlegg 2

Vedlegg 2

Brev frå Landbruks- og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til næringskomiteen, datert 3. februar 2017

Dokument 8:11 S (2016-2017) - Representantforslag om forbod mot import av gatehundar til Noreg

Eg viser til brev frå Næringskomiteen datert 1.2.2017 vedrørande komiteen si handsaming av Dokument 8:11 S (2016-17) Representantforslag om eit forbod mot import av gatehundar til Noreg. Eg viser òg til mitt tidlegare svar til Næringskomiteen datert 31.10.2016.

Hundar utan tilfredsstillande helsestatus vert tekne inn til Noreg. Dette er ei utfordring som opptek både meg og forvaltninga. Mattilsynet har difor på oppdrag frå meg, foreslått tiltak vedrørande import av gatehundar til Noreg.

Bakgrunnen for oppdraget til Mattilsynet er det store omfanget av import av gatehundar til Noreg. Auken skuldast ei liberalisering av innførselskrava og forvaltninga av desse, slik at det no til dømes er vorte vanleg å skaffe dyr frå utlandet på bakgrunn av annonsar på internett, sosiale medium osb. Omfanget skuldast òg eit engasjement for å hjelpe hundar som lever under dårlege tilhøve i utlandet.

Mattilsynet foreslår følgjande tiltak:

  • Ikkje-kommersiell forflytning av gatehundar vert i praksis forbode ved at ein strammar inn på tolkinga av kva som er ikkje-kommersiell forflytning av kjæledyr i kjæledyrforskrifta.

  • Kommersiell innførsel av gatehundar frå EØS-området vert i praksis forbode ved at det vert lagt til grunn at gatehundar, ut frå det ukjende opphavet sitt og helsemessige status, ikkje kan sjåast på å vere dyr som kan vere gjenstand for samhandel. Dei kan difor ikkje seljast eller omsetjast over landegrensene.

Dersom ein hundeeigar i utlandet ynskjer å reisa med den tidlegare gatehunden sin til Noreg, vil det kunna reisast spørsmål ved kor lenge ein gatehund må ha vore i privat eige i utlandet før han kan transporterast til Noreg. Mattilsynet ser på ei minimumslengd på eigartilhøvet på minst seks månader som akseptabel, ut frå dyrehelsemessige betraktningar.

Konsekvensar av dei foreslåtte tiltaka

Nordmenn, som har vore i utlandet, må kunne dokumentere at dei reiste saman med hunden sin ut frå Noreg, dersom dei skal kunna returnere med ein hund etter regelverket for ikkje-kommersiell innførsel.

Som ein konsekvens av endra forvaltingspraksis, vil det ikkje verta mogleg å innføre gatehundar, men det vil òg verte vanskelegare å innføre ein ordinær kvalp frå oppdrettarar i utlandet, sidan ein slik innførsel må vere i samsvar med krava som gjeld for kommersiell innførsel av dyr.

Det inneber m.a. at den aktuelle oppdrettaren må vere ein registrert aktør med kontroll på hundane i oppdrettet. Dyra bør mellom anna ha kjent historikk frå fødsel, ikkje ha vore i kontakt med andre dyr utanfor oppdrettet, eller dyr som representerer fare for smitte. Oppdrettarar må vidare kunne vise til gjennomført tilsyn mv.

Hundeeigarar må difor i større grad belage seg på innførsel av sæd, eller reise med avlsdyr til utlandet for paring. Dette vil framstå som byråkratiserande og kostnadsdrivande for mange hundeeigarar.

Eg vurderer det slik at den praksisendringa som vert foreslege ovanfor, er innanfor det handlingsrommet EØS-regelverket gjev. Ein kan likevel ikkje utelukke at innstramminga vil verte innklaga til ESA, og det kan ikkje gjevast nokon garanti for utfallet av ei evt. slik klage.