Søk

Vedlegg

Vedlegg

Brev fra Landbruks- og matdepartementet v/statsråd Jon Georg Dale til næringskomiteen, datert 13. januar 2017

Dokument 8:32 S (2016-2017) - Representantforslag frå stortingsrepresentant Rasmus Hansson om eit løft for dyrevelferda i Noreg

Eg viser til brev 10. januar 2017 frå næringskomiteen der ein ber om ei vurdering frå Landbruks- og matdepartementet av representantforslag framsett i Dokument 8:32 S (2016-2017).

Det blir fremja to forslag:

  • 1. Stortinget ber regjeringen oppdatere forskrifter for hold av dyr slik at disse er oppdaterte i henhold til dyrevelferdsloven.

  • 2. Stortinget ber regjeringen utarbeide forskrifter for hold av dyr for de dyrene der forskrifter mangler, og sørge for at disse er i tråd med dyrevelferdsloven.

Eg vil her gjere greie for mi vurdering av dei to forslaga:

Forslag nr. 1

Representanten viser til at forskriftene for hald av dyr vart fastsett før den nye lova om dyrevelferd kom i 2010 og meiner at forskriftene må oppdaterast for å vere i tråd med lova.

Det er ikkje riktig at forskriftene ikkje har vore endra etter at dei blei fastsett. Det har skjedd omfattande endringar i ei rekkje forskrifter for dyrevelferd for å oppdatere og modernisere desse etter at lov om dyrevelferd vart vedteke.

Eg kan mellom anna nemne at det vart fastsett ny forskrift om hald av pelsdyr i 2011. Det er vidare gjort endringar som inneber vesentlege forbetringar av dyrevelferda for slaktekylling gjennom endringar i forskrifta om hald av høns og kalkun i 2013 og 2014. Det er mellom anna innført eit eige program som skal gi betre dyrevelferd for slaktekylling. Eit tilsvarande program er òg foreslått for kalkun, og forslag til forskriftsendring om dette er på offentleg høyring no. Det er òg gjort endringar i forskrift om hald av storfe.

Når det gjeld transport av levande dyr, er dette regulert gjennom oppdatert EØS-harmonisert regelverk som vart fastsett i 2012. Også regelverket for avliving av dyr er modernisert gjennom ei EØS-harmonisert forskrift om avliving som vart fastsett i 2013.

Eg meiner at dei forskriftene vi har i dag for dyrevelferd både når det gjeld hald, transport og avliving av dyr gjennomgåande er godt oppdaterte, og at dei oppfyller krav og intensjonar som er nedfelte i den nye lova og i EØS-regelverket.

Saman med Mattilsynet gjer departementet fortløpande vurdering av behov for endringar, mellom anna basert på oppdatert kunnskap om dyr og deira behov.

Haldforskriftene har difor krav om at dyreeigar skal ha nødvendig kunnskap og kompetanse om dyr og deira behov. Forskriftene har òg ei rekkje andre krav som mellom anna skal bidra til at dyr kan utøva normal åtferd, som til dømes krav om rotemateriale til gris.

Eg kan opplyse om at Mattilsynet i den seinare tid har arbeidd med å gå gjennom dei ulike haldforskriftene med tanke på å presisere og forenkle innhaldet. I den samanhengen vil dei òg vurdere eventuelle ytterlegare behov for endringar.

Forslag nr. 2

Dyrevelferdslova gjeld for alle dyr. Lova har mange gode lovføresegn om korleis dyr skal behandlast og haldast. Mattilsynet har vide fullmakter til å føre tilsyn med alt dyrehald. Lova gir Mattilsynet ei rekkje forskjellege verkemiddel som kan nyttast for å bidra til at dyrevelferdslova blir etterlevd.

Eg ser det ikkje som føremålstenleg å laga eigne forskrifter for hald av alle dyreartar. Forskrifter aleine er ikkje nok for å sikre god dyrevelferd. Spesielt ser eg det ikkje som tenleg å utarbeide detaljert regelverk i forskrifter om korleis ulike artar av kjæledyr skal haldast i private heimar.

Når det gjeld kjæledyr, er det etter mi meinig betre med god informasjon til dyreeigarar. Dette er noko Mattilsynet arbeider mykje med. Mattilsynet har mellom anna laga ein eigen rettleiar om hald av hund. Dei har òg etablert ei gruppe for dyrevelferd for hund, der både dyrevernorganisasjonar og Norsk Kennel Klub deltar. Norsk Kennel Klub arbeider for å hindre avl på hunderasar der medfødde eigenskapar gir uheldige konsekvensar for dyrevelferda.

Når det gjeld dyrevelferd i oppdrettsnæringa, viser eg til at dette saksområdet konstitusjonelt høyrer inn under fiskeriministeren.