Innstilling frå arbeids- og sosialkomiteen om Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover (Samleproposisjon hausten 2017)

Søk

Innhold

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen blir det fremja forslag om endringar i følgjande lover:

  • lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn (sjømannspensjonslova)

  • lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten (trygderettslova)

  • lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringslova)

  • lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdlova)

  • lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova)

  • lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltninga (arbeids- og velferdsforvaltningslova).

Dei følgjande endringsforslaga blir fremja for å følgje opp forslag som er fremja i Prop. 1 S (2017–2018) Statsbudsjettet for 2018:

  • oppheving av redusert forskottssats (endring av forskotteringslova §§ 5 og 7)

  • berre arbeidsinntekt frå det sist avslutta kalenderåret skal gi opptening til dagpengar, og sjukepengar og pleiepengar mv. skal reknast som arbeidsinntekt (endring av folketrygdlova § 4-4)

  • berre inntekt frå det sist avslutta kalenderåret tel med i dagpengegrunnlaget (endring av folketrygdlova § 4-11)

  • ein dagpengemottakar kan berre få ein stønadsperiode på 104 veker når inntekta har vore på meir enn 2 gonger grunnbeløpet i folketrygda det sist avslutta kalenderåret (endring av folketrygdlova § 4-15)

  • rett til grunnstønad til hald av servicehund (endring av folketrygdlova § 6-3)

  • oppheving av hjelpestønad sats 0 (endring av folketrygdlova § 26-2)

Vidare blir følgjande endringar føreslått:

  • avvikling av grunnfondet i pensjonstrygda for sjømenn og å overføre midlane til reguleringsfondet (endring av sjømannspensjonslova § 14)

  • visse endringar i trygderettslova, mellom anna å lovfeste høvet til å innhente politiattest ved tilsettingar i Trygderetten og å leggje til rette for å kunne sende elektronisk melding om orskurdar og vedtak

  • retting i folketrygdlova kapittel 9 – oppheving av folketrygdlova § 9-11 a

  • retting av ei tilvising i folketrygdlova § 23-3 andre leddet

  • retting av tilvisingar i folketrygdlova § 2-5 andre leddet

  • oppretting i føresegna om rett til uføretrygd når kravet blir sett fram etter fylte 62 år

  • oppretting i føresegna om avrekning av feilutbetalingar som skuldast for høg inntekt

  • endringar i arbeids- og velferdsforvaltningslova og folketrygdlova som følgje av ny folkeregisterlov

  • retting av feil i arbeidsmiljølova § 18-6 om påleggskompetansen til Arbeidstilsynet.

Merknader til dei einskilde lovendringsforslaga blir gjort nærare greie for i kapittel 8 i proposisjonen.

1.2 Behandlinga i komiteen

Medan komiteen handsama proposisjonen, blei det 22. november 2017 inngått ei budsjettavtale mellom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, og Venstre og Kristeleg Folkeparti som har fått innverknad på dei temaa som blir fremja i kapittel 4 Endringar i forskotteringslova §§ 5 og 7 og kapittel 5.1 Endringar i opptjeningperioden for rett til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15 i proposisjonen.

1.3 Innleiande merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Arild Grande, Svein Roald Hansen og Hadia Tajik, frå Høgre, Margret Hagerup, Heidi Nordby Lunde og Kristian Tonning Riise, frå Framstegspartiet, Atle Simonsen og leiaren Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Sosialistisk Venstreparti, Solfrid Lerbrekk, syner til Prop. 7 L (2017–2018) Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover (Samleproposisjon hausten 2017).

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til budsjettavtalen mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti. Avtalen endrer enkelte punkter omtalt i denne lovproposisjon. Enkelte lovendringer som er foreslått av regjeringen, er ikke lenger nødvendige, jf. lovforslagets romertall III, §§ 5 og7, og Romertall IV, §§ 4-4, 4-11 og 4-15.

1.4 Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn

1.4.1 Innleiing

Det blir fremmja forslag om endringar i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn (sjømannspensjonslova) § 14.

Forslaget går ut på å avvikle grunnfondet i pensjonstrygda for sjømenn og overføre midlane til reguleringsfondet. Bakgrunnen for dette er å styrke bufferkapitalen i ordninga og dermed redusere risikoen for at statsgarantien blir utløyst dersom økonomien i ordninga skulle svikte. Tiltaket gjer det òg mogeleg med betre avkastning enn i dag.

Framlegget er tufta på forslag frå styret for Pensjonstrygda for sjømenn.

I proposisjonens kapittel 2 blir det gjort nærare greie for:

  • Bakgrunn – Pensjonstrygda for sjømenn.

  • Nærmare om grunnfondet.

Eit framlegg om endringar i sjømannspensjonslova § 14 har vore på høring med fristen 1. oktober 2017.

1.4.2 Departementet sitt forslag

Det blir foreslått å avvikle grunnfondet på 186 mill. kroner og overføre midlane til reguleringsfondet for å mogeleggjere betre avkastning på dei aktuelle midlane enn i dag. Tiltaket vil òg styrke bufferkapitalen i ordninga og dermed gjere faren mindre for at statsgarantien blir utløyst dersom økonomien i ordninga skulle svikte.

Det blir foreslått at avviklinga av grunnfondet lovteknisk blir gjort ved at sjømannspensjonslova § 14 nr. 1 blir oppheva.

1.4.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at lovendringane setjast i kraft når Kongen bestemmer.

Avviklinga av grunnfondet og overføringa til reguleringsfondet skjer innanfor den same økonomiske ramma. Forslaget vil derfor ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

1.4.4 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.5 Endringar i trygderettslova

1.5.1 Lovfesting av høve til å innhente politiattest ved tilsettingar i Trygderetten

1.5.1.1 Innleiing

I tillegg til dei formelle krava som er stilt, ligg det eit ulovfesta krav til tilfredsstillande vandel i vurderinga av om søkjaren er skikka, før han eller ho blir tilsett, i Trygderetten. Kravet er hovudsakleg grunngjeve med reelle omsyn og behovet for ålmentas tillit til Trygderetten.

Det er på denne bakgrunnen eit behov for at Trygderetten skal kunne krevje dokumentasjon for tilfredsstillande vandel og ha høve til å kontrollere vilkåret i § 3 femte ledd om at søkjaren ikkje er frådømd røysteretten.

Det er i proposisjonens kapittel 3.1 gjort nærare greie for bakgrunn.

1.5.1.2 Departementet sitt forslag

Det blir fremja forslag om at det blir tatt inn ei tilvising til domstollova § 55 fjerde leddet i trygderettslova § 3 sjuande leddet.

1.5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til at det vert føreslått lovfesting av at Trygderetten, på same måte som domstolane, skal ha høve til å innhente uttømmande politiattest ved tilsetjingar. Komiteen er samd i at Trygderetten skal kunne krevja dokumentasjon for tilfredsstillande vandel og ha høve til å kontrollera vilkåret om at søkjaren ikkje er frådømd røysteretten. Komiteen har elles ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.5.3 Lovfesting av departementet sitt høve til å overta utøvinga av staten si partsstilling i søksmål om Trygderetten sine orskurdar – trygderettslova § 26

1.5.3.1 Innleiing

Partane kan ved søksmål bringe Trygderetten sine orskurdar inn for lagmannsretten. Når det blir reist søksmål for offentleg myndigheit, skal søksmålet reisast mot det organet som var ankemotparten i saka som Trygderetten handsama, jf. trygderettslova § 26.

Forslaget har ikkje vore på alminneleg høyring, da endringa er ei lovfesting av gjeldande rett og dessutan av organisatorisk karakter.

I kapittel 3.2.2 i proposisjonen blir det gjort nærare greie for gjeldande rett og bakgrunn.

1.5.3.2 Departementet sitt forslag

Det blir foreslått at det blir presisert i trygderettslova § 26 at departementet kan overta utøvinga av partsstillinga i einskilde saker. Myndigheita vil liggje til Arbeids- og sosialdepartementet eller Barne- og likestillingsdepartementet på respektive område i saker der Arbeids- og velferdsdirektoratet i utgangspunktet var rett saksøkt eller saksøkjar, og Arbeids- og sosialdepartementet i saker frå Statens pensjonskasse og Pensjonstrygda for sjømenn. I saker som sorterer under Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, vil myndigheita liggje til Helse- og omsorgsdepartementet. I praksis er det berre aktuelt for vedkommande departementet å gå inn i saker som er prinsipielt viktige eller av stor økonomisk tyding.

Det blir vist til lovforslaget, trygderettslova § 26 nytt femte ledd.

1.5.4 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.5.5 Oppretting av ein inkurie i trygderettslova § 26

Den nemnde føresegna om kven som kan opptre som saksøkjar i saker der Arbeids- og velferdsetaten var ankemotpart i saka for Trygderetten, blei utelatt ved ein inkurie i samband med ei lovendring som blei sett i verk 1. april 2016. Trygderettslova § 26 første ledd gir nå inntrykk av at det er Arbeids- og velferdsetaten som kan gå til søksmål. Det har ikkje vore tilsikta. Det blir difor foreslått at den tidlegare regelen blir tatt inn i trygderettslova § 26 fjerde leddet som nytt tredje punktum.

Det blir vist til lovforslaget, trygderettslova § 26 fjerde leddet.

1.5.6 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.5.7 Lovfesting av retten til å sende elektronisk melding om orskurdar og vedtak

1.5.7.1 Innleiing

Etter trygderettslova § 31 første leddet skal melding til den ankande parten om orskurdar og visse vedtak i Trygderetten bli gitt ved rekommandert brev.

Kravet om rekommandert brev blei berre oppretthaldt for melding om orskurdar i ny § 31 i lova, og det blei avgrensa til å gjelde den ankande parten, sjå Prop. 139 L (2014–2015) pkt. 15.5. Kravet om rekommandert sending av hevingsvedtak blei samstundes lovfesta i samsvar med Trygderetten sin praksis.

Kravet om at ankemotparten, under førebuinga av saka, skal sende oversendingsbrevet til den ankande parten rekommandert, blei ført vidare. Kravet om rekommandert sending gjeld ikkje lenger for ankemotparten sitt ekspedisjonsbrev til Trygderetten. Desse reg-lane går fram av trygderettslova § 13 femte leddet.

1.5.7.2 Departementet sitt forslag

Trygderetten vil nå leggje til rette for ein overgang til elektronisk sakshandsaming og elektronisk sending av saksdokument, brev og avgjerder.

Eit viktig omsyn bak vilkåret om rekommandert sending er sikkerheit og at ein kan dokumentere tidspunktet meldinga kjem fram, slik at ein kan berekne fristar for søksmål mv. Desse omsyna må også varetakast ved ei elektronisk løysing.

Det er i dag ikkje på plass eit ferdig system for elektronisk sending mellom Trygderetten og ankemotpartane. Det blir no jobba med å etablere eit slikt system. Elektronisk sending kan i denne samanhengen òg vere ei portalløysing. Etter departementet si vurdering er det viktig å sikre at det blir lagt til rette for dette også i lova.

Det blir vist til lovforslaget, trygderettslova § 31.

1.5.8 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.5.9 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at endringane i §§ 3 og 31, jf. punkt 9.5.1 og 9.5.4, trer i kraft frå 1. januar 2018. Forslaga om endring i § 26 i punkt 9.5.2 og 9.5.3 gjeld høvevis ei presisering av det som er gjeldande rett, og oppretting av ein inkurie. Det blir derfor foreslått at desse to endringane trer i kraft straks.

Forslaga har ingen nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

1.6 Endringar i forskotteringslova

1.6.1 Innleiing

Det er foreldra som har ansvaret for å forsørgje barna sine. Staten har teke på seg eit ansvar for å forskottere manglande eller forseinka underhaldsbidrag når bidragsmottakaren har ei inntekt under eit visst nivå.

Det er ønskeleg å spisse ordninga i enda større grad mot dei forsørgjarane som har dei lågaste inntektene, og det blir foreslått å avvikle det reduserte forskottet frå 1. januar 2018. Dette inneber at einslege mottakarar med eitt barn og med ei inntekt over 408 200 kroner ikkje skal ha rett til bidragsforskott. Netto utgiftsreduksjon av tiltaket utgjer om lag 50 mill. kroner i 2018.

I kapittel 4.1 i proposisjonen blir det gjort nærare greie for bakgrunn for forslaget.

1.6.2 Departementet sitt forslag

Det blir foreslått å avvikle redusert forskottssats frå 1. januar 2018, og at forskotteringslova § 5 første ledd blir justert i tråd med dette. Det blir vist til lovforslaget.

Det vil samtidig bli gjort nødvendige endringar i forskrift 6. februar 2003 nr. 125 om gjennomføringa av reglane om inntektsprøving av forskott.

1.6.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at lovendringa trer i kraft frå 1. januar 2018 med verknad både for nye og løpande saker.

Forslaget gjev ei innsparing på rundt 75 mill. kroner i heilårseffekt, men fører til ein korresponderande inntektsreduksjon av refusjonar frå dei bidragspliktige på om lag 25 mill. kroner, og netto utgiftsreduksjon utgjer om lag 50 mill. kroner i 2018, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Forslaget inneber einskilde mindre administrative konsekvensar, mellom anna å oppdatere informasjonsskriv og gjere endringar i systema.

1.6.4 Merknader frå komiteen

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til budsjettavtalen mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, der regjeringens foreslåtte reduksjon for foreldregruppen med høyest inntekt blir tilbakeført, slik at budsjettet økes med 50 mill. kroner ut over regjeringens forslag. Lovforslagets romertall III vil i praksis bortfalle.

Som følge av dette er det ikke grunnlag for å gi tilslutning til lovforslagets romertall III om endringer i forskotteringsloven §§ 5 og 7. Dermed faller også de økonomiske og administrative konsekvenser av forslaget bort.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til Arbeiderpartiets alternative statsbudsjett, som går imot regjeringens foreslåtte kutt i bidragsforskudd, og tar til etterretning at kuttforslaget er bortfalt som følge av budsjettavtalen 2018 mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti stiller seg svært kritisk til regjeringens ønske om å «spisse ordningane i enda større grad mot dei forsørgjarane som har dei lågaste inntektene». Vi vet at enslige forsørgere i langt større grad enn familier med to inntekter er rammet av fattigdom. Å sørge for at familier mottar de bidrag de skal ha er et effektivt virkemiddel for å begrense omfanget av at barn vokser opp i fattigdom.

Dette medlem viser til Stortingets anmodningsvedtak nr. 381, 19. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere regelverket for utbetaling av bidragsforskudd med mål om å sikre et mer rettferdig system, samt utrede nye ordninger som sikrer at flere kan motta bidragsforskudd, og komme tilbake til Stortinget med forslag som gjør at barn ikke blir skadelidende med manglende foreldrebidrag.»

Dette medlem finner det meget spesielt at regjeringen konkluderer med en slik innsparing, som vil føre til nettopp det motsatte av Stortingets vedtak. Dette medlem stiller også spørsmål ved utfallet av denne innsparingen, med tanke på de siste års økning i antall barn som vokser opp i fattigdom.

Dette medlem synes det er underlig at regjeringens forståelse av ordet «rettferdighet» i anmodningsvedtak nr. 381 fører til forslaget om innsparing.

1.7 Endringar i folketrygdlova

1.7.1 Endringar i oppteningsperioden for rett til dagpengar under arbeidsløyse – folketrygd-lova §§ 4-4, 4-11 og 4-15

1.7.1.1 Innleiing

Det blir vurdert slik at ein kortare oppteningsperiode for minsteinntektskravet vil bidra til at dagpengeordninga i større grad blir retta inn mot dei som har hatt ein fast og aktuell tilknyting til arbeidslivet. Ei kortare oppteningstid vil t.d. hindre nokon i å få dagpengar på grunnlag av inntekter frå arbeidsforhold dei frivillig har valt å trappe ned frå eller har avslutta lenge før dei søkjer om dagpengar. Vidare kan ei kort oppteningstid bidra til at færre frå EØS-området får rett til norske dagpengar på grunnlag av arbeidsforhold som ligg relativt langt tilbake i tid, etter kortvarig arbeid i Noreg. Ved å rette dagpengeordninga mot personar med ei nær tilknyting til arbeidslivet vil ordninga betre insentiva til kontinuerleg yrkesdeltaking.

Dagpengane har som formål å kompensere for inntektsbortfall for dei som har mista inntekta si som følgje av arbeidsløyse. Derfor bør det komme klart fram at det er eit krav at dei trygdeytingane som kan gi rett til dagpengar, må vere tent opp som arbeidstakar. Sjukepengar som ein har fått som sjølvstendig næringsdrivande, bør t.d. ikkje gi rett til dagpengar, sidan heller ikkje inntekt frå sjølvstendig næringsverksemd er omfatta av «arbeidsinntekt» etter folketrygdlova § 4-4.

I kapittel 5.1.1 i proposisjonen blir det gjort nærare greie for bakgrunn for forslaget.

1.7.1.2 Departementet sitt forslag

Det blir foreslått å endre reglane som gjer det mogleg å tene opp rett til dagpengar på grunnlag av inntekt som ligg lenger tilbake enn det sist avslutta kalenderåret, jf. folketrygdlova § 4-4. Samstundes blir det foreslått at sjukepengar etter folketrygdlova kapittel 8 og pleiepengar m.m. etter folketrygdlova kapittel 9 skal telje med i den inntekta som gir rett til dagpengar. Oppteningsperioden for den inntekta som ligg til grunn for berekninga av dagpengane, jf. folketrygdlova § 4-11, blir endra tilsvarande.

Som følgje av at det ikkje lenger blir høve til å leggje til grunn inntekta frå tidlegare år enn det sist avslutta kalenderåret etter folketrygdlova §§ 4-4 og 4-11, blir det foreslått at også folketrygdlova § 4-15 blir endra, slik at berre inntekt på 2 G eller meir det sist avslutta kalenderåret gir ein dagpengeperiode på 104 veker. Dette sikrar ein god samanheng i regelverket.

Det blir vist til det vedlagte lovforslaget, folketrygdlova §§ 4-4, 4-11 og 4-15.

1.7.1.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2018, men at dei ikkje får verknad for dei som har søkt om dagpengar og fyller vilkåra før ikraftsetjinga. For stønadsmottakarar som søkjer om å få dagpengane berekna på nytt i samband med at dei tek opp att stønadsperioden etter reglane i folketrygdlova § 4-16 første leddet andre punktum, blir det foreslått at endringane først blir gjort gjeldande frå eit seinare tidspunkt. Det blir foreslått å gi eigne føresegner med overgangsreglar om dette.

Når oppteningsperioden for minsteinntekt for dagpengar blir endra, vil færre få rett til dagpengar. Endringa vil gjelde for nye tilfelle, og den berekna effekten fordeler seg over tre år. For 2018 gir endringa ein venta reduksjon i gjennomsnittstalet på av dagpengemottakarar på om lag 1 300. Vidare kan ein leggje til grunn at endringa vil gi ein ytterlegare reduksjon i gjennomsnittstalet på dagpengemottakarar på om lag 900 i 2019 og ein ytterlegare reduksjon på om lag 300 i 2020. Endringane i oppteningsperioden vil vidare gi lågare dagpengeutbetalingar til delar av dagpengemottakarane. Forslaget om at det berre er ei inntekt på minst 2G det sist avslutta kalenderåret som kan gi rett til ein lang dagpengeperiode (104 veker), fører dessutan til at færre vil få innvilga ein lang dagpengeperiode. Eit usikkert anslag er ein samla reduksjon i gjennomsnittstalet på dagpengemottakarar med lang periode på om lag 540. Endringa vil først få ein effekt frå 2019.

Kor lenge ein får dagpengar, varierer frå person til person. Det inneber at talet på personar som blir råka av endringane, vil vere høgare enn det gjennomsnittstalet som er lagt til grunn for berekninga av løyvinga i 2018. Eit anslag tilseier at om lag 3 500 personar ikkje vil fylle kravet til minsteinntekt i 2018 som følgje av endringa. Basert på tal frå 2016 svarar dette til om lag 4,5 pst. av det totale talet på dagpengemottakarar.

Dei økonomiske konsekvensane er innarbeidde i Prop. 1 S (2017–2018) for Arbeids- og sosialdepartementet, og det er lagt til grunn at endringane inneber at dagpengeutbetalingane i 2018 blir reduserte med om lag 305 mill. kroner.

Endringane vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.

1.7.2 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til framlegget frå regjeringa om å endra reglane som gjer det mogleg å tena opp rett til dagpengar på grunnlag av inntekt som ligg lenger tilbake enn det siste avslutta kalenderåret. Komiteen viser vidare til at regjeringa føreslår at sjukepengar etter folketrygdlova kapittel 8 og pleiepengar m.m. etter folketrygdlova kapittel 9 skal telja med i den inntekta som gjev rett til dagpengar.

Fleirtalet i komiteen, medlemene fråArbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til sine respektive partier sine alternative statsbudsjett, der desse partia går imot svekkinga av dagpengeordninga som følgjer av å endra oppteningsreglane for rett til dagpengar. Fleirtalet sluttar seg på denne bakgrunnen ikkje til framlegget om endringar av dagpengeordninga.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til budsjettavtalen mellom Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, der 305 mill. kroner tilbakeføres til overslagsbevilgningen for dagpenger i forhold til budsjettproposisjonen fra regjeringen. Lovforslagets romertall IV vil i praksis bortfalle.

Komiteen viser til at det som følge av dette ikke er grunnlag for å gi tilslutning til lovforslagets romertall IV om endringer i folketrygdloven §§ 4-4, 4-11 og 4-15. Dermed faller også de økonomiske og administrative konsekvenser av forslaget bort.

1.7.3 Rett til grunnstønad til hald av servicehund – folketrygdlova § 6-3

1.7.3.1 Departementet sitt forslag

Det blir foreslått at det blir etablert ei permanent ordning for servicehundar frå 1. januar 2018. Ordninga skal bidra til at personar med nedsett fysisk funksjonsevne får hjelp til praktiske gjøremål. Servicehunden skal gjere brukaren meir sjølvhjulpen og bidra til å redusere behovet for andre hjelpemiddel og kommunale pleie- og omsorgstenester. Ordninga vil bli regulert i ei eiga forskrift om stønad til servicehund til personar med nedsett funksjonsevne, og ho vil bli administrert av Arbeids- og velferdsetaten, jf. Prop. 1 S (2017–2018) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Det blir foreslått at personar som får stønad til servicehund etter den nye ordninga, skal få grunnstønad til hald av servicehund på same måten som for førarhundar.

Det blir i kapittel 5.2.1 i proposisjonen gjort greie for bakgrunn for forslaget.

Det blir vist til lovforslaget, folketrygdlova § 6-3.

1.7.3.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at endringa trer i kraft frå 1. januar 2018. Forslaget er rekna å gi ei meirutgift på i overkant av 160 000 kroner. Dei økonomisk konsekvensane er innarbeidde i Prop. 1 S (2017–2018) for Arbeids- og sos-ialdepartementet. Endringa vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.

1.7.4 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til at det med verknad frå 1. januar 2018 blir foreslått å etablera ei permanent ordning for servicehundar for personar med nedsett funksjonsevne. Det blir vidare foreslått at personar som får stønad til servicehund etter den nye ordninga, skal få grunnstønad etter sats 3 på same måten som for naudsynt hald av førarhund. Komiteen har elles ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.7.5 Oppretting i føresegna om rett til uføretrygd når kravet blir sett fram etter fylte 62 år – folketrygdlova § 12-4

1.7.5.1 Departementet sitt forslag

Det følgjer av ordlyden i folketrygdlova § 12-4 andre leddet at tilleggsvilkåret gjeld «medlemmet», medan det i første ledd er nytta «person». Dei ulike nemningane kan gi inntrykk av at tilleggsvilkåret om føregåande inntekt, når krav om uføretrygd blir sett fram etter fylte 62 år, berre gjeld personar som er medlem i folketrygda. Ved innføringa av dei nye føresegnene i andre og tredje leddet var det ikkje intensjonen å avgrense det strengare vilkåret for rett til uføretrygd til berre å gjelde medlemmer. Det blir foreslått at omgrepet «medlemmet» blir erstatta med «person».

I kapittel 5.3.2 blir det gjort nærare greie for gjeldande rett og bakgrunn for lovforslaget.

Det blir vist til lovforslaget, folketrygdlova § 12-4 andre og tredje leddet.

1.7.5.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at endringa trer i kraft straks. Endringa vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

1.7.6 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.7.7 Avrekning av feilutbetalingar som skuldast for høg inntekt i uføretrygd – folketrygdlova § 22-16

1.7.7.1 Departementet sitt forslag

Ei rekkje ytingar frå folketrygda blir forholdsmessig reduserte dersom mottakaren har ei høgare inntekt enn det som blei lagt til grunn ved innvilginga. Dette gjeld mellom anna uføretrygd. Vidare er tillegga til fleire av ytingane behovsprøvde, som til dømes barnetillegg og ektefelletillegg.

Etter innføringa av uføretrygd er barnetillegget regulert i folketrygdlova § 12-16. Ektefelletillegget til uføretrygda blei regulert i forskrift av 3. juli 2014 nr. 947 om omrekning av uførepensjon til uføretrygd § 8, og blir berre gitt til dei som hadde rett til slikt tillegg før 2015. Medan etterlatne uføre tidlegare fikk den avdøde sine pensjonsrettar rekna som ein del av uførepensjonen, er dette no gitt som eit tillegg til uføretrygda. Dette følgjer av folketrygdlova § 12-18 og av forskrift om omrekning av uføretrygd § 7 for personar som per 31. desember 2014 hadde uførepensjon til attlevande ektefelle.

Ved ein inkurie blei ikkje § 22-16 endra slik at ordlyden femnar om desse tillegga i tråd med gjeldande rett. Det blir foreslått ei oppretting i tilvisinga i føresegna som inneber at andre ledd bokstav c blir endra til «uføretrygd etter kapittel 12». Med uføretrygd meiner ein her både uføretrygd, barnetillegg, ektefelletillegg og gjenlevandetillegg til uføretrygda.

Gjeldande føresegner om etteroppgjer i folketrygdlova § 12-14 fjerde ledd og forskrift om uføretrygd §§ 4-1 og 4-2 gjeld avrekning dersom uføretrygda eller dei ovannemnde tillegga er utbetalte med for høge beløp fordi mottakaren har hatt ei inntekt som er høgare enn føresett.

Det blir vist til lovforslaget, folketrygdlova § 22-16.

1.7.7.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Endringa vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Det blir foreslått at endringa trer i kraft straks.

1.7.8 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.7.9 Oppheving av hjelpestønad sats 0 – folketrygdlova § 26-2

1.7.9.1 Departementet sitt forslag

Det blir foreslått å oppheve overgangsordninga for hjelpestønad til hjelp i huset (sats 0).

Hjelpestønad sats 0 går i dag ikkje fram av folketrygdlova. Overgangsordninga gikk fram av folketrygdlova av 1966 § 8-2 bokstav b. Da den nye folketrygdlova blei innført i 1997 og 1966-lova oppheva, blei føresegna om hjelpestønad til hjelp i huset for krav satt fram før 1992 ikkje ført vidare. Sjølv om ordninga i dag ikkje er rettsleg regulert i folketrygdlova, har ordninga vore basert på ein rett med ei klar lovforankring i 1966-lova. Det vil derfor vere mest ryddig at opphevinga av overgangsordninga skjer gjennom eit lovvedtak. Det blir foreslått at det blir tatt inn ei føresegn i folketrygdlova § 26-2 (overgangsregler) om at hjelpestønad til hjelp i huset ikkje blir ytt etter 1. juli 2018.

Det blir vist til lovforslaget, folketrygdlova § 26-2.

1.7.9.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at endringa trer i kraft frå 1. juli 2018. Forslaget er rekna å gi ei innsparing på om lag 73 mill. kroner i 2018. Dei økonomiske konsekvensane er innarbeidde i Prop. 1 S (2017–2018) for Arbeids- og sosialdepartementet. Forslaget vil ikkje ha nemneverdige administrative konsekvensar.

1.7.10 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til framlegget om å oppheva hjelpestønad sats 0 med verknad frå 1. juli 2018. Framlegget inneber ei innsparing for staten på om lag 73 mill. kroner i 2018.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til at sats 0 for mottakere av hjelpestønad ble opphevet av regjeringen Brundtland i 1992, men en overgangsordning løper fortsatt uten angitt tidsperiode.

Disse medlemmer mener 25 år burde gi de fleste rimelig tid på å tilpasse seg. De som i dag bruker stønaden til å dekke privat hjelp i huset, vil kunne søke kommunen om hjelp, og kommunen plikter å tilby nødvendige helse- og omsorgstjenester, herunder praktisk bistand til hjelp i huset. At regjeringen iverksetter endringer fra 1. juli 2018, vil gi både dagens mottakere og kommunene ytterligere mulighet til å tilpasse seg endringene.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet viser til Senterpartiets alternative statsbudsjett, der Senterpartiet går imot framlegget om å oppheva hjelpestønad sats 0.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil visa til at hjelpestønad sats 0 med verknad frå 1. januar 2018 er foreslått justert med 1,1 pst. og auka frå å utgjera 13 404 i 2017 til å utgjera 13 560 kroner i 2018. Desse medlemene sluttar seg ikkje til framlegget om å oppheva hjelpestønad sats 0.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti frykter at avviklingen av hjelpestønad sats 0, som dreier seg om hjelp i hjemmet, vil føre til at de 12 009 personene som i dag omfattes, ikke lenger får nødvendig hjelp. Regjeringens forventing om at disse tjenestene skal ivaretas kommunalt, overser den ytterligere belastningen det fører til for en allerede presset kommuneøkonomi.

1.7.11 Retting av tilvisingar i folketrygdlova § 2-5 andre leddet

Folketrygdlova § 2-5 gir reglar om kven som er medlem i folketrygda ved opphald utanfor Noreg.

Ved lov 12. august 2016 nr. 77 om verneplikt og tjeneste i Forsvaret m.m. (forsvarslova), som trådde i kraft 1. juli 2017, blei mellom anna folketrygdlova § 2-5 første leddet bokstav d oppheva. Ved ein inkurie blei det ikkje samstundes gjort endringar i § 2-5 andre leddet. Tilvisinga i andre leddet første punktum til bokstavane a til f i første leddet har derfor ikkje blitt endra. Tilvisinga skal vere til bokstavane a til e. Vidare har ikkje tilvisinga i andre leddet andre punktum til bokstavane c til f i første leddet blitt endra. Tilvisinga skal vere til bokstavane c til e.

Det blir foreslått at denne rettinga nå blir gjort, og at endringa trer i kraft straks.

1.7.12 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.7.13 Retting i folketrygdlova kapittel 9 – oppheving av § 9-11 a

Nye reglar om pleiepengar ved sjuke barn i folketrygdlova kapittel 9 del III tredde i kraft 1. oktober 2017 samstundes som dei tidlegare reglane om pleiepengar i kapittel III blei oppheva, jf. lov om endringer i folketrygdloven mv. (pleiepenger ved pleie av syke barn) 11. mai 2017 nr. 25. Mellom anna skal reglane for gradering av pleiepengar no bli regulerte i folketrygdlova § 9-11, mot tidligare § 9-11 a.

I Prop. 48 L (2016–2017) var lovforslaget utforma slik at ein foreslo å endre heile kapittel 9 del III med nye føresegner om pleiepengar.

I Innst. 246 L (2016–2017) blei lovforslaget endra til «Kapittel 9 romertall III overskriften skal lyde:», og etter det følgde dei nye paragrafane frå § 9-10 til § 9-17. Reint lovteknisk endra ein då berre overskrifta til del III og dei nemnde paragrafane, og ikkje heile del III. Når ein på den måten endra dei einskilde paragrafane, og ikkje heile del III, måtte ein også særskilt ha oppheva § 9-11 a for at denne paragrafen ikkje lenger skulle gjelde. Dette blei ikkje gjort, og det blir nå foreslått retta opp, og at endringa trer i kraft med verknad frå 1. oktober 2017.

Det blir vist til lovforslaget, oppheving av folketrygdlova § 9-11 a.

1.7.14 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.7.15 Retting av ei tilvising i folketrygdlova § 23-3

Folketrygdlova § 23-3 gjeld trygdeavgifta som blir rekna av personinntekter etter skattelova. Av § 23-3 andre leddet nr. 2 bokstav g går det fram at trygdeavgifta skal blir rekna med mellomsats av overgangsstønad etter kapittel 15 i folketrygdlova. Her blir det vist til folketrygdlova § 15-6. I samband med at det blei vedteke ei rekkje endringar i folketrygdlova kapittel 15 i juni 2015, blei denne tilvisinga ved ein inkurie ikkje endra. Tilvisinga skal vere til § 15-5, som etter endringane svarar til den tidlegare § 15-6.

Det blir foreslått at tilvisinga i folketrygdlova § 23-3 blir endra til den rette paragrafen, og at endringa trer i kraft straks.

1.7.16 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.8 Endringar i arbeids- og velferdsforvaltningslova og folketrygdlova som følgje av ny folkeregisterlov

1.8.1 Departementet sitt forslag

Det blir foreslått at Arbeids- og velferdsetaten får tilgang til opplysningar omfatta av teieplikt i Folkeregisteret, og at føresegna blir lovfesta i arbeids- og velferdsforvaltningslova. Heimelen er utforma med sikte på å dekke Arbeids- og velferdsetaten sitt behov for tilgang til opplysningar for å løyse dei oppgåver etaten til ei kvar tid er pålagt, uavhengig av om oppgåvene er gitt i medhald av lov eller anna rettsgrunnlag.

Det er i tillegg naudsynt å endre prosedyrane for å hente inn opplysningar i folketrygdlova § 21-4 c fjerde leddet. Det blir tilrådd at det i føresegna blir gjort unntak frå kravet om å oppgi heimel og formål ved førespurnad om opplysningar til kontrollformål frå offentlege register. Desse krava passar ikkje med direkte tilgangsløysingar. Heimel for å hente opplysningar til kontrollformål går fram av folketrygdlova § 21-4.

Det blir i kapittel 6.1 gjort nærare greie for bakgrunnen for forslaget.

Det blir vist til lovforslaget, folketrygdlova § 21-4 c og arbeids- og velferdsforvaltningslova ny § 7 a.

1.8.2 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at lovendringane trer i kraft frå 1. januar 2018. Endringane vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

1.8.3 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

1.9 Retting av feil i arbeidsmiljølova § 18-6 om påleggskompetansen til Arbeidstilsynet

31. mars 2017 vedtok Stortinget endringar i lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. (arbeidsmiljølova). Endringane skulle bidra til å gjennomføre handhevingsdirektivet (Råds- og parlamentsdirektiv 2014/67/EU om håndhevingen av direktiv 96/71/EF om utsending av arbeidstakere innenfor rammen av tjenesteytelser, og om endring av forordning (EU) nr. 1024/2012 om administrativt samarbeid gjennom Indre marked Informasjonssystem) i norsk rett. Ei av endringane var å utvide påleggskompetansen til Arbeidstilsynet, noko som innebar ei endring av § 18-6 første ledd.

Denne lovendringa har blitt oppheva ved ei seinare lovendring av same paragraf. Stortinget vedtok endringar i arbeidsmiljølova § 18-6 første leddet ved to ulike høve våren 2017.

Første gongen var ved lov 31. mars 2017 nr. 12 om endringer i arbeidsmiljøloven (gjennomføring av håndhevingsdirektivet mv.). Ved denne endringslova blei både § 1-7 og § 14-15 femte ledd tatt inn i opplistinga i § 18-6 slik at Arbeidstilsynet fekk heimel til å handheve føresegner i utsendingsforskrifta samt plikta for arbeidsgjevarane til å gi arbeidstakarane skriftleg oppgåve over måten lønna er rekna ut på, grunnlaget for feriepengar og trekk som er gjort.

Andre gongen § 18-6 første leddet blei endra, var ved lov 16. juni 2017 nr. 42 om endringer i arbeidsmiljøloven (varsling og arbeidstid). Ved ein feil var ikkje den allereie vedtekne lovendringa om påleggskompetansen til Arbeidstilsynet tatt inn i departementet sitt forslag til endring av same paragraf i Prop. 72 L (2016–2017) om varsling og arbeidstid. Feilen førte til at endringa av § 18-6 om å utvide påleggskompetansen til Arbeidstilsynet, som allereie var vedteken av Stortinget, blei utelaten i lov 16. juni 2017 nr. 42.

Det blir foreslått at arbeidsmiljølova § 18-6 første leddet blir endra slik at lovendringa Stortinget vedtok i lov 31. mars 2017 nr. 12 om endringer i arbeidsmiljøloven (gjennomføring av håndhevingsdirektivet mv.), blir gjennomført.

Det blir vist til lovforslaget, arbeidsmiljølova § 18-6 første ledd.

1.9.1 Merknader frå komiteen

Komiteen har ikkje nokon merknader og sluttar seg til framlegget.

2. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ikkje nokon merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak til lov

om endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover

I

I lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn skal desse endringane gjerast:

§ 14 nr. 1 blir oppheva.

§ 14 noverande nr. 2 og nr. 3 blir nr. 1 og nr. 2.

II

I lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til trygderetten skal desse endringane gjerast:

§ 3 sjuande ledd skal lyde:

(7) Domstolloven § 53, § 55 fjerde ledd og § 60 gjelder for rettsmedlemmene og rettsfullmektigene.

§ 26 fjerde og nytt femte ledd skal lyde:

(4) Når søksmålet reises mot offentlig myndighet, skal det reises mot det organ som var ankemotpart ved sakens behandling for Trygderetten. Dersom Arbeids- og velferdsetaten var ankemotpart, skal søksmålet rettes mot Arbeids- og velferdsdirektoratet. Direktoratet skal også anses som part etter bestemmelsen i første ledd.

(5) Departementet kan i enkeltsaker overta utøvelsen av statens partsstilling.

Noverande femte ledd blir nytt sjette ledd.

§ 31 første og andre leddet skal lyde:

(1) Trygderettens melding til den ankende part om rettens kjennelse og beslutning som hever en sak som bortfaller uten realitetsavgjørelse, gis gjennom rekommandert brev. Andre meldinger gis på den måten retten finner hensiktsmessig. Trygderettens meldinger kan gis ved bruk av elektroniske løsninger.

(2) Meldingen anses for mottatt to uker etter innlevering til postoperatør, hvis ikke vedkommende har fått brevet tidligere. Ved bruk av elektronisk kommunikasjon anses melding kommet fram ved avsendelse til riktig elektronisk postadresse.

III

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal desse endringane gjerast:

§ 2-5 andre leddet skal lyde:

Ektefelle og barn som forsørges av og oppholder seg i utlandet sammen med en person nevnt i første ledd bokstavene a til e er pliktige medlemmer i trygden. Ektefellen til en person som nevnt i første ledd bokstav a eller b, må være norsk statsborger. Ektefellen til en person som nevnt i første ledd bokstav c til e, må ha vært medlem i trygden i minst tre av de siste fem kalenderårene.

§ 6-3 første leddet ny bokstav h skal lyde:
  • h) til hold av servicehund gitt med hjemmel i forskrift.

§ 9-11 a blir oppheva.
§ 12-4 andre og tredje leddet skal lyde:

Dersom krav om uføretrygd settes fram etter at personen har fylt 62 år, er det et vilkår for rett til uføretrygd at vedkommende hadde en pensjonsgivende inntekt på minst folketrygdens grunnbeløp i året før uføretidspunktet (se § 12-8) eller minst tre ganger folketrygdens grunnbeløp i løpet av de tre siste årene før dette tidspunktet. Dette gjelder likevel ikke dersom uføretrygden er gitt med virkning fra et tidspunkt før personen fylte 62 år.

Vilkåret i andre ledd første punktum skal likevel ikke gjelde dersom personen ikke

  • a) mottar ytelser som gjenlevende ektefelle etter kapittel 17 på nivå med minste pensjonsnivå etter § 19-8 eller garantipensjon etter § 20-9 beregnet med full trygdetid, eller

  • b) har rett til uttak av hel alderspensjon etter kapitlene 19 og 20.

§ 21-4 c tredje leddet skal lyde:

Det innhentende organ skal oppgi formålet med opplysninger og erklæringer mv. som innhentes etter § 21-4 eller § 21-4 a første ledd. Det skal videre opplyses om hjemmelen for innhentingen og om klageadgangen, se forvaltningsloven § 14. Dersom det i saker som nevnt i andre ledd i paragrafen her er fare for at kontrollhensyn motvirkes, kan formålet oppgis etter at opplysningene er utlevert. Bestemmelsene i dette leddet gjelder ikke når Arbeids- og velferdsetaten henter opplysninger fra offentlige registre.

§ 22-16 andre leddet bokstav c skal lyde:
  • c) uføretrygd etter kapittel 12.

§ 23-3 andre leddet nr. 2 bokstav g skal lyde:
  • g) overgangsstønad etter folketrygdloven § 15-5.

§ 26-2 første leddet nytt tredje punktum skal lyde:

Hjelpestønad til hjelp i huset (sats 0) som er innvilget etter lov 17. juni 1966 nr. 12 om folketrygd § 8-2 bokstav b, ytes ikke etter 1. juli 2018.

IV

I lov 17. juni 2005 nr. 62 om arbeidsmiljø, arbeidstid og stillingsvern mv. skal § 18-6 første leddet lyde:

(1) Arbeidstilsynet gir de pålegg og treffer de enkeltvedtak ellers som er nødvendig for gjennomføringen av bestemmelsene i og i medhold av § 1-7, kapittel 2 til kapittel 11, samt §§ 14-1 a, 14-5 til 14-8, 14-9 første ledd bokstav f andre punktum og første ledd siste punktum, 14-12 andre ledd andre punktum, 14-12 tredje ledd, 14-15 femte ledd, 15-2 og 15-15. Dette gjelder likevel ikke §§ 2 A-1, 2 A-2, 10-2 andre til fjerde ledd og § 10-6 tiende ledd.

V

I lov 16. juni 2006 nr. 20 om arbeids- og velferdsforvaltningen skal denne endringa gjerast:

Ny § 7 a skal lyde:
§ 7 a Tilgang til opplysninger fra Folkeregisteret

Arbeids- og velferdsetaten skal, uten hinder av taushetsplikt, ha tilgang til opplysninger i Folkeregisteret som er nødvendig for å utføre oppgavene etter loven her, herunder blant annet forvaltning og beregning av ytelser, veiledning og oppfølging av brukere. Etaten skal også ha tilgang til opplysningene i registeret i forbindelse med utredning og produksjon av statistikk på de områdene etaten administrerer og kvalifiseringsstønad etter sosialtjenesteloven.

VI

  • 1. Endringane i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover trer i kraft frå det tidspunktet Kongen bestemmer.

  • 2. Endringane i trygderettsloven § 26 trer i kraft straks, mens endringane i trygderettsloven §§ 3 og 31 trer i kraft 1. januar 2018.

  • 3. Endringane i folketrygdloven §§ 6-3, 21-4 c og 26-2 trer i kraft 1. januar 2018. Departementet kan gi overgangsreglar.

  • 4. Opphevinga av folketrygdloven § 9-11 a trer i kraft med verknad frå 1. oktober 2017.

  • 5. Endringane i folketrygdloven §§ 2-5, 12-4, 22-16 og 23-3 trer i kraft straks.

  • 6. Endringa i arbeidsmiljøloven trer i kraft straks.

  • 7. Endringa arbeids- og velferdsforvaltningsloven § 7 a trer i kraft 1. januar 2018.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 5. desember 2017

Erlend Wiborg

Per Olaf Lundteigen

leiar

ordførar