Post
1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21
I samband med behandlinga
av Prop. 1 S (2016–2017) vedtok Stortinget å auke løyvinga på kap.
490 post 1 med 20 mill. kroner for å styrke den barnefaglege kompetansen
i heile asylkjeda. Av desse midlane blei 5,2 mill. kroner satt til
disposisjon for Utlendingsnemnda. Av desse er 3,4 mill. kroner brukt.
Det blir i proposisjonen
foreslått å overføre dei resterande midlane disponert av UNE, til
posten. Midlar som ikkje blir nytta til formålet i 2017, kan overførast
til 2018 og nyttast til formålet neste år.
Det blir i proposisjonen
foreslått å auke løyvinga på posten med 1,8 mill. kroner mot ein
tilsvarande reduksjon på kap. 490 post 1.