Innhold

4. Statsbudsjettet 2019 – endringer i skatte- og avgiftsopplegget

4.1 Endringer i skatte- og avgiftsreglene

4.1.1 Sammendrag

I dette reviderte budsjettet foreslår regjeringen noen endringer i skatte- og avgiftsreglene. Følgende forslag til endringer i skatte- og avgiftsreglene har provenyvirkning for 2019:

  • Merverdiavgiftsfritak for elektroniske tidsskrift og bøker. Formålet er lik avgiftsbehandling av trykte og elektroniske tidsskrift og bøker. Regjeringen foreslår iverksetting fra 1. juli 2019. Provenytapet ved å frita elektroniske tidsskrift og bøker er anslått til 27,5 mill. kroner påløpt og 18 mill. kroner bokført i 2019.

  • Fjerne engangsavgift for kjøretøy over 20 år. Forutsatt at endringen blir iverksatt 1. juli 2019, er provenytapet anslått til 5 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført i 2019.

  • Å redusere engangsavgiften for motorsykler med 10 pst. Forutsatt at endringen blir iverksatt 1. juli 2019, er provenytapet anslått til 12 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019.

  • Å redusere alkoholavgiften for sider og lignende med over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol fra små bryggerier. Forutsatt at endringen blir iverksatt 1. juli 2019, er provenytapet på svært usikkert grunnlag anslått til 0,5 mill. kroner påløpt og bokført i 2019.

  • Avgiftsvedtaket for frekvensavgifter endres ved at det også omfatter 700 MHz-bandet. Dette innebærer en samlet økning i provenyet på om lag 18 mill. kroner påløpt i 2019 og 47 mill. kroner påløpt i 2020. Inntektene blir bokført i perioden 2020 til 2022.

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2019 at elektrisk kraft som leveres til utvinning av kryptovaluta i et datasenter, ikke skal omfattes av redusert elavgift. Saken er klar for høring om kort tid. I høringen vil det bli forutsatt at endringer må avklares med EFTAs overvåkingsorgan (ESA) før iverksetting, jf. regelverket om offentlig støtte. Dersom godkjenning fra ESA ikke foreligger i 2019 vil det gi et provenytap på 13 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019 sammenlignet med saldert budsjett.

Forslagene til endringer i skatte- og avgiftsopplegget innebærer et samlet provenytap på om lag 40 mill. kroner påløpt og 42 mill. kroner bokført sammenlignet med saldert budsjett for 2019.

Etter at budsjettet for 2019 ble vedtatt av Stortinget i desember 2018, la regjeringen 8. mars 2019 frem Prop. 51 S (2018–2019) Endringer i statsbudsjettet 2019 under Finansdepartementet (endringer i reglene om skattefrie personalrabatter mv.). Stortinget vedtok endringene enstemmig 2. april 2019, jf. Innst. 225 S (2018–2019). Endringene reduserer provenyet med om lag 250 mill. kroner påløpt og 200 mill. kroner bokført i 2019.

De vedtatte endringene og de nye forslagene i dette reviderte budsjettet vil samlet redusere skatte- og avgiftsinntektene med om lag 0,3 mrd. kroner påløpt og 0,2 mrd. kroner bokført i 2019 sammenlignet med saldert budsjett for 2019.

Regjeringen foreslår også enkelte andre endringer på skatte- og avgiftsområdet:

  • Enkelte justeringer og oppdateringer av reglene om skattlegging av ektefeller. Endringene gjør reglene enklere å forstå for skattyterne og bedre tilpasset automatisk behandling i Skatteetaten.

  • Endring av ordlyden i skatteloven § 2-40 for å gjøre det klart at det begrensede skattefritaket for aksjeselskap som er eid fullt ut av Norges Bank, ikke bare gjelder aksjeselskap stiftet etter norsk aksjelovgiving, men også omfatter selskap stiftet i utlandet som tilsvarer norske aksjeselskap når de er hjemmehørende i Norge.

  • Endring av reglene om renter på restskatt slik at skattyteren fremdeles kan slippe rentetillegg om han eller hun betaler restskatt innen 31. mai i skattefastsettingsåret.

  • Tidspunktet en beregner renter fra i saker om refusjon av utbytteskatt til utenlandske aksjonærer, endres, slik at tidspunkt for beregning av renter settes til 1. juli i det året utbyttet deles ut. I dag beregnes rentene fra det tidspunktet skatten blir betalt til staten.

  • Endring av skatteforvaltningsloven ved at det presiseres at skattemyndighetenes hjemmel til å endre skattepliktiges skattefastsetting som følge av en dom også gjelder for søksmål mot en skatteklagenemnd.

  • Produktavgiften i fiskerinæringen reduseres fra 2,4 pst. til 2,2 pst. for 2. halvår av 2019.

  • Rentekompensasjon ved refusjon av engangsavgift ved eksport.

I tillegg gis det en omtale av følgende sak:

  • Engangsavgift – overgang til ny metode for måling av avgasser (WLTP).

For nærmere omtale av skatte- og avgiftssaker vises det til Prop. 115 LS (2018–2019) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.

4.1.2 Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering og viser til sine respektive merknader nedenfor.

4.2 Engangsavgift

4.2.1 Overgang til ny metode for måling av avgassar (WLTP)

Sammendrag

For person- og varebilar vert eingongsavgifta berekna ut frå vekt og utslepp av CO2 og NOX. EU har over ei tid fasa inn nye reglar for måling av avgassar som skal leggast til grunn ved typegodkjenning av nye motorvogner. Dei nye reglane inneber mellom anna at det skal nyttast ein ny køyresyklus (Worldwide Harmonized Light Vehicles Test Procedure (WLTP)) ved målinga. Målinga gjev meir realistiske utsleppsverdiar enn den gamle New European Driving Cycle (NEDC), som no vert fasa ut. Dette får mellom anna konsekvensar for eingongsavgifta.

Dei nye reglane har vorte fasa inn gradvis. Frå 1. september 2017 har WLTP vorte nytta for nye typegodkjenningar av personbilar, og frå 1. september 2018 skal alle nye personbilar vere målte etter WLTP. For varebilar gjeld fristane eit år seinare. Fram til 2021 vil det òg verte fastsett CO2-utslepp rekna etter NEDC for alle nye person- og varebilar. Regjeringa varsla hausten 2018 at NEDC-verdiar skal nyttast ved berekninga av CO2-komponenten i eingongsavgifta for personbilar ut 2019, og at WLTP vil gjelde frå 1. januar 2020.

Det vert ikkje fastsett NOX-utslepp etter NEDC for personbilar som er typegodkjende etter 1. september 2017. For denne komponenten nyttar ein difor den verdien som er tilgjengeleg når ein bereknar eingongsavgifta. Dette inneber at NOX-utslepp målte etter ny køyresyklus vert lagt til grunn for alle personbilar som er typegodkjende etter 1. september 2017, sjå omtale i Prop. 130 LS (2016–2017). Tilsvarande vil gjelde for varebilar som er typegodkjende etter 1. september 2018.

Måling etter WLTP gjev gjennomgåande høgare CO2-verdiar enn NEDC, og auken er i gjennomsnitt høgare for varebilar enn for personbilar. I JRC-rapporten «From NEDC to WLTP: effect on the type-approval CO2 emissions of light-duty vehicles» utarbeidd for EU-kommisjonen er anslaga på 21 pst. for personbilar og 30 pst. for varebilar. Skilnaden skal mellom anna kome av at WLTP i større grad tek omsyn til potensiell last. Det same gjeld for campingbilar, sidan desse køyretøya normalt er bygde på varebilar eller lette lastebilar.

I Granavolden-plattforma heiter det at «Nye utslippsverdier (WLTP) innføres provenynøytralt slik at den grønne omleggingen av engangsavgiften forsterkes.»

Regjeringa vil gjennomføre omlegginga til WLTP innanfor ei provenynøytral ramme. Då må satsane og innslagspunkta i eingongsavgifta justerast. Endringane vil i hovudsak gjerast innanfor CO2-komponenten. Regjeringa vil kome attende til den konkrete gjennomføringa i budsjettet for 2020.

Bruktimporten utgjer ein stor del av dei køyretøya som vert registrerte i Noreg kvart år. Køyretøy som er godkjende før 1. september 2017, vil normalt berre verte testa etter NEDC og difor mangle WLTP-baserte CO2-verdiar. For ikkje å favorisere dei bruktimporterte køyretøya må det takast omsyn til dette i eingongsavgifta. Regjeringa vil kome attende til dette.

For varebilane vert måling etter WLTP obligatorisk frå 1. september 2019. I 2019 vil det difor vere lite grunnlagsdata for å berekne korleis overgangen til WLTP vil slå ut i eingongsavgifta for varebilane. Dette gjer følgjene av overgangen til WLTP usikker, og med stor fare for uynskte utslag i avgiftslegginga av dei enkelte køyretøya. Regjeringa legg difor opp til å innføre WLTP-baserte CO2-verdiar for varebilane i 2021. Dette inneber at NEDC-verdiane vil verte nytta til å fastsetje CO2-komponenten i eingongsavgifta for varebilar og campingbilar ut 2020.

Det vil ikkje verte fastsett NOX-utslepp etter NEDC for varebilar og campingbilar som er typegodkjende etter 1. september 2018. Ved berekninga av eingongsavgifta vil difor NOX-utslepp målte etter ny køyresyklus verte lagde til grunn. NOX-komponenten utgjer ein liten del av avgifta, og skilnadene i avgift grunna måling etter ulik køyresyklus vil vere tilsvarande små.

Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.

4.2.2 Fjerne eingongsavgift for køyretøy over 20 år

Sammendrag

I Granavolden-plattforma står det at regjeringa vil «fjerne engangsavgift for biler over 20 år». Departementet gjer no framlegg om å fjerne eingongsavgift for køyretøy med alder over 20 år.

Eingongsavgift betaler ein fyrste gong eit køyretøy vert registrert i motorvognregisteret. Avgifta omfattar dei fleste typar motorvogner, med unntak av tunge lastebilar og bussar. For brukte motorvogner som vert importerte, vert det gjeve eit prosentvis frådrag i avgifta basert på alderen til køyretøyet (bruksfrådrag). Motorvogner som er 30 år eller eldre, betaler ikkje eingongsavgift ut over vrakpantavgifta. Bruksfrådraget skal spegle det forventa fallet i verdien som er att i køyretøyet. Det skal mellom anna bidra til at eingongsavgifta ikkje verkar inn på valet mellom å kjøpe eit brukt køyretøy innanlands eller importere frå utlandet. CO2- og NOX-komponentane gjev insentiv til å importere brukte køyretøy med låge utslepp.

Framlegget vil innebere at insentivet til å importere køyretøy med låge utslepp fell bort for køyretøy mellom 20 og 30 år. For køyretøy som er eldre enn 20 år, er bruksfrådraget særs høgt, frå 91 pst. til 95 pst., og attverande eingongsavgift for desse køyretøya er difor tilsvarande låg. Reglane om bruksfrådrag og fritaket for motorvogner som er 30 år eller eldre, gjeld alle køyretøy som er omfatta av eingongsavgifta. Framlegget om å fjerne eingongsavgifta for motorvogner over 20 år gjeld både bilar og andre køyretøygrupper, til dømes motorsyklar. Framlegget inneber at trinna i bruksfrådragstabellen for køyretøy over 20 år fell bort. Trinna for køyretøy opp til 20 år vert ikkje endra. Endringa inneber ei viss forenkling sidan det gjev færre køyretøy som må betale låg eingongsavgift og mindre administrasjon.

I 2018 vart det ifølgje tal departementet har motteke frå Opplysningsrådet for veitrafikken AS, importert 500–600 brukte køyretøy, i hovudsak bilar og motorsyklar, med fyrste registreringsår i perioden 1989–1998. Fjerninga av eingongsavgifta vil gjere det gunstigare å importere køyretøy mellom 20 og 30 år. Det er å vente at det vil føre til nokre tilpassingar. Mellom anna vil truleg ein del køyretøy som med dagens reglar fyrst vert importerte etter at dei vert 30 år, no verte importerte tidlegare.

Endringane er anslått å gje eit årleg tap av proveny på om lag 10 mill. kroner. Tapet av proveny i 2019 er anslått til 5 mill. kroner påløpt og 4 mill. kroner bokført.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak Om avgift på motorvogner mv. A. Engangsavgift, for budsjetterminen 2019. Endringane vil tre i kraft 1. juli 2019 og gjelde køyretøy som oppnår 20 års registreringstid i 2019.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

4.2.3 Lågare eingongsavgift for motorsyklar

Sammendrag

Departementet gjer framlegg om å redusere eingongsavgifta for motorsyklar med om lag 10 pst.

For motorsyklar er eingongsavgifta basert på CO2-utslepp og slagvolum. Framlegget inneber å redusere eingongsavgifta for motorsyklar gjennom ein kombinasjon av auka innslagspunkt i slagvolumavgifta og reduserte satsar. Slagvolumavgifta gjeld for motorsyklar med slagvolum over 125 cm3. Framlegget inneber ein auke av dette innslagspunktet til 225 cm3. Innslagspunktet for den høgare satsen for dei med slagvolum over 900 cm3 vert ikkje endra. Vidare inneber framlegget ei lette i alle satsane, både i slagvolumavgifta og CO2-avgifta, på 4 pst. Framlegget inneber ei lette i eingongsavgifta for motorsyklar på om lag 10 pst. i gjennomsnitt. Endringane for den einskilde motorsykkelen avheng av kor stort slagvolum og CO2-utslepp sykkelen har. Motorsyklar med låg avgift i dag får størst lette i prosent.

For motorsyklar utan registrert utsleppsinformasjon, i hovudsak bruktimporterte motorsyklar, er eingongsavgifta basert på slagvolum og motoreffekt i tillegg til ei stykkavgift. Det vert gjort om lag tilsvarande endringar i avgifta for desse syklane som for motorsyklar med utsleppsinformasjon.

Endringane er anslått å gje eit årleg tap av proveny på om lag 25 mill. kroner. Tapet av proveny i 2019 er anslått til 12 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak Om avgift på motorvogner mv. A. Engangsavgift, for budsjetterminen 2019. Endringane vil gjelde for motorsyklar som vert registrerte frå og med 1. juli 2019.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

4.2.4 Rentekompensasjon ved refusjon av eingongsavgift ved eksport

Sammendrag

EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) har i ei grunngjeven fråsegn frå 3. oktober 2018 konkludert med at dei norske reglane om refusjon av eingongsavgift ved eksport av køyretøy er i strid med forbodet i artikkel 36 i EØS-avtala om restriksjonar i den frie rørsla av tenester, og forbodet i artikkel 40 om restriksjonar i den frie rørsla av kapital.

Ved eksport av motorvogner som er eller har vorte registrerte i Noreg, vert delar av eingongsavgifta betalt tilbake. Refusjonen vert berekna etter dei satsane som gjeld når køyretøyet vert eksportert, med eit prosentfrådrag basert på tida som har gått mellom registrering og utførsel. Beløpet vil vere lik avgifta som må betalast dersom ei tilsvarande motorvogn vert registrert i Noreg for fyrste gong. For leie- og leasingkøyretøy er det opna for delvis innbetaling av eingongsavgift for den tida køyretøyet skal nyttast i Noreg. Dersom kontrakten vert avbroten og køyretøyet vert eksportert før tida, vert avgift for tida som står igjen på kontrakten, refundert. Reglane om dette følgjer av forskrift 19. mars 2001 nr. 268 om engangsavgift på motorvogner kapittel VII.

I den grunngjevne fråsegna peikar ESA på at det ikkje vert rekna renter på eingongsavgifta som vert betalt tilbake når leasa, leigde og lånte motorvogner vert eksporterte frå Noreg. Etter ESA si meining inneber dette at den som har stilt køyretøyet til disposisjon for bruk i Noreg, ikkje vert kompensert for likviditetsulempa ved å betale inn heile avgifta ved registrering. ESA byggjer sitt syn på fleire dommar frå EU-domstolen om tilsvarande høve frå andre EU-land. Finansdepartementet har meldt til ESA at dei norske reglane vil verte lagde om i tråd med den grunngjevne fråsegna.

Dette vil verte gjort ved å gje reglane i skattebetalingsloven om godtgjersle av rente ved utbetaling etter vedtak om endring og ved eiga retting, verknad òg ved tilbakebetaling av eingongsavgift ved eksport. Grunnlaget for berekninga vil vere refusjonsbeløpet slik det vert fastsett i dag, og renter vil verte gjevne for tida frå avgifta vart betalt og fram til forfall for utbetalinga. Rentesatsen vil følgje den pengepolitiske styringsrenta. Dette er i tråd med det generelle systemet i skattebetalingsloven. Endringane vert avgrensa til å gjelde for leigde, leasa og lånte motorvogner. Det vil òg verte gjeve rente i høve der det er betalt eingongsavgift for ein fastsett periode, og avgift vert refundert av di motorvogna vert utført før den fastsette tida er over. Endringane vil verte gjennomførte i forskrift.

Endringane er anslått å gje særs avgrensa tap av proveny som ikkje endrar anslaget på inntektene frå eingongsavgifta for 2019.

Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.

4.2.5 Vektfradrag for hybridbiler

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til forslag under kapittel 3 i denne innstillingen om å redusere høyest mulige vektrabatt for ladbare hybrider fra 23 pst. til 20 pst., og øke kilometergrensen fra 50 til 75 km fra 1. august.

4.3 Redusert alkoholavgift for små bryggerier

4.3.1 Sammendrag

Regjeringa gjer framlegg om å utvide gjeldande ordning om avgiftslette for øl frå små bryggjeri til òg å omfatte liknande alkoholhaldig drikke som til dømes sider og mjød.

For øl produsert av bryggjeri vert det i dag betalt redusert alkoholavgift. Dette gjeld øl over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol. Formålet med ordninga er: «å betre rammevilkåra for næringa, ikkje å redusere prisen. Lågare avgift kan støtte ei utvikling mot meir desentralisert produksjon og eit breiare produktspekter.», jf. Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga. Den reduserte avgifta omfattar produksjon i Noreg og innførsel frå små bryggjeri i utlandet. Årleg tap av proveny som følgje av ordninga vart i revidert nasjonalbudsjett 2018 anslått til om lag 15 mill. kroner.

Avgiftsregelverket for små bryggjeri var på høyring hausten 2017. I høyringa tok mellom anna Vin- og brennevinsleverandørenes forening (VBF) og Bryggeri- og drikkevareforeningen (BROD) til orde for at reglane inneber ulik behandling av like typar alkoholvarer. VBF meinte difor at avgiftsreduksjonen òg bør omfatte småskalaproduksjon av anna drikke enn øl, til dømes vin, sider og brennevin. BROD tok til orde for at endringa òg bør omfatte sider og mjød. Ifølgje BROD gjeld dette mikroskopiske volum og få produsentar, men ut i frå omsynet til lik behandling er det rimeleg at òg slik drikke vert omfatta av den reduserte avgifta.

For Skatteetaten kan redusert avgift på øl frå små bryggjeri i utlandet føre til utfordringar i samband med kontroll, noko som er eit argument for ikkje å utvide ordninga til andre aktørar. Når det er etablert ei ordning med redusert alkoholavgift på øl produsert av små bryggjeri, er det likevel krevjande å forsvare at ordninga er avgrensa til øl og ikkje omfattar andre liknande alkoholholdige drikkevarer utan tilsett alkohol, slik som til dømes sider og mjød i intervallet over 3,7 til og med 4,7 volumprosent alkohol.

Redusert avgift på øl produsert av små bryggjeri er vurdert som forenleg støtte etter EØS-avtalen, jf. Rådsdirektiv 92/83/EF. Direktivet som opnar for liknande avgiftsreduksjon i EU, er i dag avgrensa til øl, men er foreslått utvida til å omfatte sider. EØS-rettsleg er det eventuelt ikkje noko i vegen for å gjere liknande utviding for same alkoholvarer som i EU no.

Det er grunn til å tru at volumet for småskalaproduksjon av sider og mjød eller liknande er relativt lite, og at provenyverknadane difor er tilsvarande små. Årleg tap av proveny som følgje av framlegget er på svært usikkert grunnlag anslått til om lag 1 mill. kroner.

Dersom endringa trer i kraft 1. juli, kan ein på svært usikkert grunnlag anslå tapet av proveny til om lag 0,5 mill. kroner påløpt og bokført i 2019.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om avgift på alkohol frå 1. juli 2019. Gjeldande ordlyd om at avgiftsletta gjeld for små bryggjeri med årleg produksjon under 500 000 liter, er foreslått fjerna i vedtaket og vil i staden verte fastsett i forskrift. Denne endringa har difor inga realitetstyding.

4.3.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

4.4 Elavgift for elektrisk kraft til utvinning av kryptovaluta

4.4.1 Sammendrag

Stortinget vedtok i statsbudsjettet for 2019 at elektrisk kraft som vert levert til utvinning av kryptovaluta i eit datasenter, ikkje skal omfattast av redusert elavgift, jf. Innst. 3 S (2018–2019) kap. 13.6. Redusert elavgift til datasentre skal elles vidareførast uendra slik som i dag. Stortinget føresette at Finansdepartementet utarbeidde framlegg til avgrensingar og gjennomføring, og at framlegg vart sendt på høyring med sikte på iverksetjing 1. mars 2019. Departementet vart gjeve fullmakt til å fastsetje endeleg tid for iverksetjing.

Finansdepartementet og Skattedirektoratet har motteke fleire innspel til endringa frå næringa. Det er viktig å få innspel slik at framlegg vert utforma best mogleg i høyringa. Omsyna til både etterleving og kontroll bør skje på best mogleg vis. Det har difor vore naudsynt å bruke noko meir tid på framlegget i høyringa enn det Stortinget føresette i budsjettinnstillinga. Finansministeren opplyste om dette i Dokument 15:924 (2018–2019) med svar på skrifteleg spørsmål frå stortingsrepresentant Åsunn Lyngedal.

Saka er klar for høyring om kort tid. I høyringa vil det verte føresett at endringar må avklarast med EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) før iverksetjing, jf. regelverket om offentleg støtte.

I saldert statsbudsjett for 2019 er det lagt til grunn at ordinær sats for elavgift for kraft til utvinning av kryptovaluta frå 1. mars 2019 vil auke avgiftsinntekta med om lag 13 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019. Dersom godkjenning frå ESA ikkje ligg føre i 2019, vil det innebere eit tap av proveny på 13 mill. kroner påløpt og 10 mill. kroner bokført i 2019 samanlikna med saldert budsjett.

4.4.2 Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.

4.5 Frekvensavgifter

4.5.1 Sammendrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet krev inn årlege frekvensavgifter frå aktørar som disponerer frekvensar til drift av system for mobilkommunikasjon. Frekvensavgifta vert rekna ut frå tildelt frekvensmengd. Avgifta utgjer mellom 1,3 og 1,5 mill. kroner per disponert MHz (frekvensdupleks). Gjeldande avgiftsvedtak gjeld for frekvensbanda 450, 800, 900, 1 800 og 2 100 MHz.

Det skal tildelast ledige frekvensar i 700 MHz- og 2 100 MHz-banda ved auksjon sommaren 2019. Ifølgje auksjonsregelverket for den kommande auksjonen skal aktørar som vert tildelt frekvensar i 700 MHz-banda, svare frekvensavgift. Dette frekvensbandet er ikkje nemnt i det gjeldande avgiftsvedtaket. Departementet foreslår på denne bakgrunnen å endre avgiftsvedtaket slik at det òg omfattar 700 MHz-bandet.

For frekvensar i 700 MHz- og 2,1 GHz-banda som skal tildelast ved auksjon i 2019, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet opna for at aktørane kan utsetje betalinga av 90 pst. av årlege frekvensavgifter med inntil 24 månader frå 1. november 2019 mot betaling av renter. Det er ein føresetnad at frekvensane i så fall berre vert nytta til pilotbruk. Dersom ein eller fleire aktørar vel å bruke denne moglegheita, vil tidspunktet for når frekvensavgiftene vert inntektsførte kunne verte utsett med inntil 24 månader.

Frekvensavgiftene frå den kommande auksjonen er berekna til om lag 17,6 mill. kroner påløpt i 2019 og 47,3 mill. kroner påløpt i 2020. Inntektene vert bokførte i perioden 2020 til 2022, avhengig av om aktørane bruker moglegheita til å utsetje betalinga.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om avgift på frekvenser frå 1. juli 2019.

4.5.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet forutsetter at regjeringen har avsatt tilstrekkelig kapasitet i frekvensbåndene til å dekke alle nåværende og fremtidige behov Forsvaret og beredskapsfunksjonene måtte ha. Disse medlemmer legger også til grunn at regjeringen har sikret at frekvensene kan overtas av Forsvaret eller beredskapsfunksjonene ved tvingende behov.

4.6 Endring av produktavgifta i fiskerinæringa

4.6.1 Sammendrag

Fiskarane betalar ei trygdeavgift på 8,2 pst. Produktavgifta i fiskerinæringa skal forutan å dekkje mellomlegget mellom 8,2 pst. og 11,4 pst. i trygdeavgifta på næringsinntekt òg dekkje kollektiv medlemspremie til yrkesskadetrygd, kollektiv forsikring for tilleggssjukepengar for manntallsførte fiskarar og utgifter i samband med stønad til arbeidslause i næringa. Satsen er 2,4 pst. for 2019.

Produktavgifta er berekna på bakgrunn av innhenta prognosar for kommande års førstehandsverdi av fisket og prognosar for utgiftene som produktavgifta er meint å dekkje. Usikkerheit i prognosane gjer det vanskeleg å fastsette riktig sats for kommande år.

Nærings- og fiskeridepartementet har innhenta reviderte prognosar på mellom anna førstehandsverdien av fisket i 2019. Dei legg til grunn at denne vert høgare enn det ein tidlegare rekna med. Nærings- og fiskeridepartementet tilrår difor at satsen for andre halvår 2019 vert sett til 2,2 pst.

Departementet gjer difor framlegg om å redusere produktavgifta til 2,2 pst. frå 1. juli 2019 i tråd med tilrådinga frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Departementet syner til framlegg om endring i Stortingets vedtak om produktavgift til folketrygden for fiskeri-, kval- og selfangstnæringane for 2019.

4.6.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

4.7 Andre merknader og forslag fremsatt under komiteens behandling

4.7.1 Avgift på tobakksvarer mv.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet viser til at tobakksbruk er den viktigste enkeltårsaken til kreft. Ifølge Kreftforeningen dør nesten 6 000 personer hvert år av tobakksrelaterte sykdommer. I statsbudsjettet for 2019 ble avgiftene på tobakk prisjustert, noe disse medlemmer mener er for defensivt. Disse medlemmer foreslår derfor å øke tobakksavgiftene med 5 pst., samtidig som disse medlemmer vil halvere tobakkskvoten på taxfreehandel. I tillegg mener disse medlemmer det er uheldig at taxfreeordningen premierer ikke-røykere med en større alkoholkvote. Arbeiderpartiet vil derfor reversere taxfreeendringen som regjeringen innførte i 2014.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortingets vedtak om avgift på tobakksvarer mv. § 1 første ledd skal lyde:

Fra 1. juli 2019 skal det i henhold til lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter betales avgift til statskassen ved innførsel og innenlandsk produksjon av følgende varer med følgende beløp:

Produkt

Kr

Sigarer

2,76

per gram av pakningens nettovekt

Sigaretter

2,76

per stk.

Røyketobakk, karvet skråtobakk, råtobakk i forbrukerpakning

2,76

per gram av pakningens nettovekt

Skråtobakk

1,12

per gram av pakningens nettovekt

Snus

1,12

per gram av pakningens nettovekt

Sigarettpapir og sigaretthylser

0,0422

per gram av pakningens nettovekt»

4.7.2 Land-for-land-rapportering

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til regjeringsplattformen fra Granavolden, hvor det heter at regjeringen tar sikte på å «forebygge overskuddsflytting for å sikre skattegrunnlaget og være en pådriver internasjonalt for langsiktige og prinsippbaserte fellesløsninger mot skatteomgåelser».

Disse medlemmer viser til at skatteparadiser og kapitalflukt undergraver skattegrunnlaget og svekker finansieringen av velferdsstaten og hindrer utvikling. Det anslås at 62 000 mrd. kroner er plassert i skatteparadis globalt, og at EU-landene taper 20 pst. av skatteinntektene fra sine selskaper på grunn av overskuddsflytting til skatteparadiser.

Disse medlemmer understreker at denne utviklingen også undergraver de norske skatteinntektene og bidrar til at norske selskaper møter en urettferdig skattekonkurranse i møte med globale selskaper som enkelt flytter rundt på overskudd og reduserer skatteregningen dramatisk.

Disse medlemmer vil understreke at det er avgjørende å sikre åpenhet for å begrense kapitalflukt og skatteparadis, og mener det er viktig å hegne om nasjonalstatenes rett til skattlegging.

Disse medlemmer mener internasjonale avtaler rundt skattlegging er nødvendige for å sikre dette ,og vil peke på at regjeringen ikke gjør nok i arbeidet mot internasjonal skatteomgåelse, og at dette arbeidet burde ha høyeste prioritet.

Disse medlemmer viser til at et enkelt nasjonalt grep vil være å endre forskriften om land-for-land-rapportering slik at den sikrer at der det skal gis utvidede opplysninger, skal dette gis i tråd med årsregnskap og uavhengig av materialitetsgrense, og fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen endre forskriften om land-for-land-rapportering slik at utvidede opplysninger skal gis i tråd med årsregnskap og uavhengig av materialitetsgrense.»

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet viser til at land-for-land-rapportering er et viktig virkemiddel i kampen mot skatteomgåelse, urimelig forretningsførsel og ulike former for korrupsjon. Disse medlemmer mener norske myndigheter bør være en pådriver for å etablere et mest mulig effektivt LLR-regelverk internasjonalt. Det er først og fremst når et slikt regelverk praktiseres internasjonalt, at det vil ha ønsket effekt. Samtidig er det rom for at Norge kan ha et noe strengere regelverk enn internasjonale standarder og derved gå foran med et godt eksempel.

Disse medlemmer ønsker å påpeke at det i dag eksisterer to ulike LLR-regelverk i norsk rett. Det ene, «LLR for skatteformål», som ble vedtatt gjennom Stortingets behandling av Prop. 120 L (2015–2016), jf. Innst. 42 L (2016–2017), gjelder store selskaper og innebærer rapportering til skattemyndighetene og ikke til offentligheten. Dette regelverket er den norske implementeringen av BEPS-pakken («base erosion and profit shifting» – tap av skattegrunnlag og overskuddsflytting) fra OECD.

Det andre, «LLR for utvinningsindustrien», ble vedtatt gjennom Stortingets behandling av statsbudsjettet for 2014, jf. Innst. 4 L (2013–2014). «LLR for utvinningsindustrien» representerer norsk oppfølging av EU-regelverk (direktiv 2013/34/EU), og alle tall offentliggjøres. Regelverket gjelder store og mellomstore selskaper som utvinner nærmere spesifiserte naturressurser i andre land. Formålet med dette lovverket var opprinnelig å synliggjøre skatteinntekter til land med utvinningsindustri og slik ansvarliggjøre myndighetene i disse landene for bruken av disse inntektene. Fra og med 1. januar 2017 er det imidlertid inntatt en ny formålsparagraf i «LLR for utvinningsindustrien», som også inkluderer å «synliggjøre selskapenes skattetilpasning».

Disse medlemmer påpeker at Arbeiderpartiet i denne innstillingen fremmer et forslag som angår dette andre LLR-regelverket.

Disse medlemmer anfører at forslaget med fordel kan brytes ned i henholdsvis del a og del b, der del a innebærer at det skal gis utvidede opplysninger uavhengig av materialitetsgrensen, og del b innebærer at bestemmelsen om at de utvidede opplysningene skal hentes fra årsregnskapet, skal gjøres mer rigid.

Disse medlemmer ønsker først å knytte noen kommentarer til del a av forslaget, som har en lang historie i finanskomiteen i likhet med den nye formålsparagrafen som altså ble inntatt med virkning fra 1. januar 2017.

Allerede da regelverket ble innført, ba det borgerlige flertallet i komiteen regjeringen «sikre at det i regelverket om land-for-land rapportering innarbeides mål om å synliggjøre uønsket skattetilpasning» (Innst. 4 L (2013–2014), s. 34). Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmet i den samme innstillingen et forslag med en annen ordlyd, men med tilsvarende meningsinnhold:

«Stortinget ber regjeringen utrede om formålet med loven om land-for-land rapportering skal utvides til også å omfatte skatteunndragelse, og legge fram forslag for Stortinget senest i forbindelse med fremleggelsen av revidert nasjonalbudsjett for 2014.» (Forslag 2 i Innst. 4 L (2013–2014))

I praksis var det allerede da konsensus i komiteen om å innta den nye formålsparagrafen i regelverket. Gitt denne enigheten og senere anmodninger fra Stortinget i samme anledning (bl.a. vedtak nr. 792, 19. juni 2015) mener disse medlemmer det er uheldig at regjeringen ventet helt til 1. januar 2017 med å endre formålsparagrafen i forskriften i tråd med et samlet stortings ønske.

Disse medlemmer mener også det er uheldig at regjeringen ikke samtidig valgte å tilpasse forskriften slik at det rent faktisk vil være mulig å oppnå det den nye formålsbestemmelsen krever.

Disse medlemmer er av den oppfatning at når nye formålsparagrafer inntas i et regelverk, bør det også legges til rette for at disse kan realiseres. All den tid innbetalinger av skatt til skatteparadiser ofte vil være i begrenset størrelsesorden, synes «LLR for utvinningsindustrien» ikke å kunne «bidra til økt åpenhet om foretakenes skatteposisjonering» (sitat fra den nye formålsparagrafen) dersom det fortsatt ikke skal rapporteres fra land der samlet skatteinnbetaling er mindre enn 800 000 kroner i løpet av et kalenderår (den såkalte materialitetsgrensen).

Disse medlemmer peker på at materialitetsgrensen svarer på forskriftens opprinnelige formål: å ansvarliggjøre myndigheter i land der det utvinnes naturressurser, for de inntekter disse mottar. Da er det fornuftig at rapportering ikke skal gjøres fra land der skatteinnbetalingene er små. Imidlertid er forskriftens formål nå utvidet til også å skulle bidra til økt åpenhet om selskapenes skatteposisjonering. Ut fra et slikt formål er materialitetsgrensen meget uhensiktsmessig. Materialitetsgrensen hindrer rapportering fra kanskje nettopp de land og prosjekter der rapportering er mest nødvendig, nemlig der det betales lite eller ingenting til myndighetene.

Disse medlemmer vil i den anledning trekke frem at Senterpartiet, Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmet følgende forslag allerede i Innst. 4 L (2013–2014):

«Stortinget ber regjeringen utrede utvidelse av loven om land-for-land rapportering slik at de berørte selskapene også må rapportere på sin virksomhet i land hvor de har støttefunksjoner, herunder skatteparadis, og legge fram et forslag om dette senest i forbindelse med fremleggelsen av revidert nasjonalbudsjett for 2014.» (Forslag 1 i Innst. 4 L (2013–2014))

Dette er et forslag som for alle praktiske formål tilsvarer del a av Arbeiderpartiets foreliggende forslag.

Disse medlemmer støtter på denne bakgrunn del a av forslaget og fremmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen endre forskriften om land-for-land-rapportering slik at den sikrer at der det skal gis utvidede opplysninger, skal dette gis uavhengig av materialitetsgrense.»

I det videre ønsker disse medlemmer å knytte noen kommentarer til del b av forslaget.

De norske LLR-reglene for utvinningsindustrien er i dag en del strengere og mer omfattende enn EUs regler. Isolert sett gir dette norske selskaper en konkurranseulempe jevnført med andre. Samtidig sender det et signal om at Norge ønsker strengere LLR-regler for utvinningsindustrien også internasjonalt.

Slik disse medlemmer ser det, må man prinsipielt sett finne en balanse mellom å gå foran med et godt eksempel og å sikre rimelige konkurransevilkår for norske bedrifter. Det er også på det rene at de norske LLR-reglene ikke vil ha en forbildeeffekt dersom norske selskaper blir skadelidende som følge av dem – man kan da risikere det motsatte. Ut fra et slikt resonnement vil det være fornuftig å ha en balansert tilnærming til særnorske innstramminger i dette regelverket.

Det er på denne bakgrunn man må vurdere Senterpartiets og andre partiers vekslende støtte til Sosialistisk Venstrepartis ulike forslag om å gjøre regelverket strengere og mer rigid. For eksempel fikk ikke Sosialistisk Venstreparti støtte for sine innstrammingsforslag i behandlingen av revidert nasjonalbudsjett i 2014 til tross for at partiene altså gikk sammen om alle merknader høsten i forveien. Disse medlemmer ønsker å presisere at dette ikke reflekterer en lavere ambisjon for LLR som en internasjonal ordning hos Senterpartiet enn hos Sosialistisk Venstreparti, men at det i stedet beror på en avveining opp mot andre hensyn når man ønsker å gi norske bedrifter særlig strenge vilkår, som omtalt i forrige avsnitt.

Disse medlemmer presiserer at del b av Arbeiderpartiets forslag innebærer kostnader for norske selskaper, og at størrelsen på disse kostnadene er svært omstridt og muligens meget høy slik det for eksempel fremgår av Prop. 1 LS (2013–2014). Samtidig er det også stor uenighet rundt hvilke fordeler og ulemper forslagene innebærer. Blant annet er det fremdeles usikkert hvor godt dagens ordning med verifisering fra styre og administrasjon fungerer, noe som etter disse medlemmers vurdering bør avklares før bedriftene pålegges nye verifiseringsmekanismer. Det er ellers en kjensgjerning at regelverket er relativt nytt, og da synes det fornuftig at man tillater seg å vinne noe erfaring før man eventuelt fjerner fleksibilitet i regelverket og gjør det mer rigid.

Disse medlemmer støtter på denne bakgrunn ikke del b av forslaget i denne omgang og fremmer i stedet følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen utrede kostnader, fordeler og ulemper ved (1) å stramme inn formuleringen om at tallene skal hentes fra årsregnskapet i LLR-forskriften § 4, og (2) ved å kreve at hovedtallene i land-for-land-rapporteringen skal inntas som note i finansregnskapet.»

4.7.3 Andre særavgifter

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet fremmer følgende forslag:

«Forslag til vedtak om endring i Stortingets vedtak om særavgifter til statskassen for 2019

I

I Stortingets vedtak 12. desember 2018 nr. 1999 om særavgifter til statskassen for 2019 gjør man følgende endring:

Om avgift på elektrisk kraft (kap. 5541 post 70) § 1 første ledd skal lyde:

Fra 1. januar 2019 skal det i henhold til lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter betales avgift til statskassen med 13,83 øre per kWh på elektrisk kraft som leveres her i landet.

II

I Stortingets vedtak 12. desember 2018 nr. 1999 om særavgifter til statskassen for 2019 gjør man følgende endring:

Om flypassasjeravgift (kap. 5561 post 70) § 1 første ledd skal lyde:

Fra den tid departementet bestemmer skal det i henhold til lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter betales avgift til statskassen på ervervsmessig flygning av passasjerer fra norske lufthavner med kr 75 per passasjer for flygninger med sluttdestinasjon i Europa. For andre flygninger skal det betales avgift med kr 200 per passasjer. Fly under 20 tonn unntas fra avgiftsplikt fra 1. juli 2019.

III

I Stortingets vedtak 12. desember 2018 nr. 1999 om særavgifter til statskassen for 2019 gjør man følgende endring:

Om totalisatoravgift (kap. 5562 post 70) § 1 skal lyde:

Fra 1. januar til 30. juni 2019 skal det betales avgift til statskassen av inntekter fra totalisatorspill med 3,7 pst. av bruttoomsetning i perioden eller med halv sats for året som helhet. Regjeringen fastsetter dette i forskrift.

IV

Endringen blir for vedtak I gjeldende fra 1. januar 2019, for vedtak II fra 1. juli 2019 og for vedtak III fra 1. august 2019.»