Innstilling frå næringskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2019 under Landbruks- og matdepartementet

Søk
Til Stortinget

Innleiing

Næringskomiteen behandlar i denne innstillinga Prop. 14 S (2019–2020) frå Landbruks- og matdepartementet om endringar i statsbudsjettet for 2019.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Åsunn Lyngedal, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, frå Høgre, Margunn Ebbesen, Linda C. Hofstad Helleland, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen og leiaren Geir Pollestad, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, frå Venstre, André N. Skjelstad, og frå Kristeleg Folkeparti, Steinar Reiten, viser til framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2019 under Landbruks- og matdepartementet. Komiteen sluttar seg til desse.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein enstemmig komité.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2019 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Nemning

Kroner

Utgifter

1100

Landbruks- og matdepartementet:

1

Driftsutgifter, blir auka med

50 000

frå kr 163 480 000 til kr 163 530 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

500 000

frå kr 15 836 000 til kr 16 336 000

1115

Mattilsynet:

1

Driftsutgifter, blir auka med

5 000 000

frå kr 1 366 904 000 til kr 1 371 904 000

1140

Haustbare viltressursar:

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

2 000 000

frå kr 22 000 000 til kr 24 000 000

71

Tilskott til viltformål, kan overførast, blir redusert med

2 000 000

frå kr 46 289 000 til kr 44 289 000

1142

Landbruksdirektoratet:

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast, blir auka med

500 000

frå kr 1 724 000 til kr 2 224 000

72

Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving, blir auka med

20 000

frå kr 452 000 til kr 472 000

73

Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving, blir auka med

59 390 000

frå kr 55 610 000 til kr 115 000 000

80

Radioaktivitetstiltak, kan overførast, blir redusert med

500 000

frå kr 500 000 til kr 0

1148

Naturskade – erstatningar:

71

Naturskade – erstatningar, overslagsløyving, blir redusert med

58 550 000

frå kr 175 000 000 til kr 116 450 000

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

70

Marknadsregulering, kan overførast, blir auka med

13 300 000

frå kr 286 285 000 til kr 299 585 000

71

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving, blir redusert med

171 000 000

frå kr 568 000 000 til kr 397 000 000

73

Pristilskott, overslagsløyving, blir redusert med

103 595 000

frå kr 3 685 865 000 til kr 3 582 270 000

74

Direkte tilskott, kan overførast, blir redusert med

4 457 000

frå kr 8 937 812 000 til kr 8 933 355 000

78

Velferdsordningar, kan overførast, blir redusert med

5 753 000

frå kr 1 485 738 000 til kr 1 479 985 000

Inntekter

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

85

Marknadsordninga for korn, blir auka med

1 950 000

frå kr 50 000 til kr 2 000 000

Fullmakt til å pådra staten forpliktingar ut over gitte løyvingar

II
Tilsegnsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2019 kan gi tilsegner om tilskott ut over gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:

Kap.

Post

Nemning

Samla ramme

1148

Naturskade – erstatningar

71

Naturskade – erstatningar

60,6 mill. kroner

Oslo, i næringskomiteen, den 10. desember 2019

Geir Pollestad

leiar og ordførar