Sammendrag

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar i proposisjonen forslag til enkelte endringar i bilansvarslova.

Bilansvarslova gjennomfører Noreg sine forpliktingar etter motorvognforsikringsdirektivet i norsk rett. Dei seinare åra har det komme rettspraksis frå EU-domstolen som har avklart og presisert verkeområdet for direktivet. På grunn av dette foreslår departementet endringar i bilansvarslova § 2. Departementet foreslår å oppheve regelen for lovleg uregistrerte motorvogner i § 2 andre ledd første punktum. Denne endringa inneber at verkeområdet for bilansvarslova blir utvida, og vil styrke det erstatningsrettslege vernet for skadelidaren.

Departementet foreslår òg å endre § 2 første ledd bokstav c om motorsport. Formålet med denne endringa er i hovudsak å føre vidare dagens rettstilstand for motorsport dersom bilansvarslova § 2 andre ledd første punktum blir oppheva. Det er starta ein prosess med å endre motorvognforsikringsdirektivet i EU. Denne prosessen kan leie til at det blir aktuelt å endre reglane om motorsport på eit seinare tidspunkt.

Departementet foreslår å oppheve dei særlege reglane i bilansvarslova § 5 første ledd bokstav c og § 10 andre ledd fjerde punktum om ansvar for skade på hund som går laus. Dette vil likestille skade på hund med skade på andre dyr i bilansvarslova, og det vil gi hundeeigarar det same erstatningsrettslege vernet etter lova som andre dyreeigarar har.

Departementet foreslår vidare å heve ansvarsgrensa for tingskadar i bilansvarslova § 9. Det er i dag eit tak på 10 000 000 kroner i erstatning for tingskadar som oppstår i same hending. På bakgrunn av endringar i skadebiletet dei seinare åra og rettstilstanden i dei andre nordiske landa foreslår departementet å heve grensa til 100 000 000 kroner.

Departementet foreslår enkelte endringar i §§ 10, 13 og 15. Formålet med desse forslaga er å klargjere og forenkle reglane om forsikringsplikt, Trafikkforsikringsforeningen sitt ansvar for uforsikra motorvogner og regressansvaret.

Departementet foreslår òg nokon mindre endringar, blant anna av språkleg art, som ikkje har noko å seie for innhaldet.

I proposisjonens kapittel om økonomiske og administrative konsekvensar uttaler departementet at forslaget om å oppheve føresegna i § 2 andre ledd første punktum berre får følgjer for lovleg uregistrerte motorvogner. Det inneber ei utviding av forsikringsplikta for slike motorvogner, fordi dei etter forslaget må vere forsikra òg når dei er på ein stad der ålmenta ikkje kan ferdast. Departementet har ikkje oversikt over kor mange motorvogner forslaget får følgjer for, men det er ei nokså snever gruppe motorvogner. Forslaget kan føre til auka forsikringsutgifter for dei som har lovleg uregistrerte motorvogner. Samtidig vil det gi betre dekning for skadelidaren.

Dei foreslåtte endringane i § 2 første ledd bokstav c om motorsport er berre meinte som ei vidareføring av gjeldande rett og vil derfor i utgangspunktet ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Trafikkforsikringsforeningen kan likevel få eit noko utvida ansvar.

Departementet foreslår å oppheve unntaket for hund som går laus. Det finst inga oversikt over kor mange hundar som årleg blir skadde i trafikken. Det er derfor ikkje mogleg å seie nøyaktig korleis talet på forsikringsutbetalingar vil bli påverka av at bilansvaret blir utvida til å omfatte lause hundar. Når det gjeld storleiken på erstatningsutbetalingane, er det grunn til å tru at det vil dreie seg om relativt små beløp samanlikna med dei vanlegaste ting- og personskadane. Den auken i forsikringsutbetalingar som lovforslaget kan gi, vil i siste omgang bli dekt gjennom forsikringspremiane. Departementet går ut frå at forslaget ikkje vil føre til ein nemneverdig auke i forsikringspremien.

Lovforslaget gir hundeeigarar eit sterkare erstatningsrettsleg vern. Det vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

Departementet foreslår å heve ansvarsgrensa for tingskadar til 100 000 000 kroner. Det vil føre til at skadelidaren normalt får erstatta sitt økonomiske tap fullt ut, òg ved svært omfattande materielle skadar. Det å heve ansvarsgrensa kan gi auka forsikringspremiar og føre til høgare gjenforsikringskostnader for forsikringsselskapa. Det er nok særleg dei store, tunge køyretøya som får auka forsikringspremiar. For skadelidaren har forslaget positive konsekvensar. Det er særleg ved omfattande skadar på offentleg infrastruktur at ein vil kunne komme opp i så store beløp at den høgare ansvarsgrensa kan få praktiske følgjer. Det offentlege som skadelidar vil då få betre dekning.