Innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen, Janne Sjelmo Nordås, Helge Thorheim og Kjersti Toppe om endring i § 33 (grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining)

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Samandrag

Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen, Janne Sjelmo Nordås, Helge Thorheim og Kjersti Toppe om endring i § 33 gjeld grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Noregs grunnlov er den nest eldste i verda som har vore gjeldande utan avbrot. I novembergrunnlova av 1814 vart penge- og myntstellet grunnlovfest i paragraf 110. Denne paragrafen lydde: «Norge beholder sin egen Bank og sit eget Penge- og Myntvæsen, hvilke Indretninger ved Lov bestemmes.» Med denne føresegna skulle Noreg sikrast eit sjølvstendig pengestell òg under personalunionen med Sverige. Paragrafen stod slik fram til 1911 då han vart endra for å grunnlovfesta Statens reservefond.

Stortinget vedtok 17. april 1875 Lov om Pengevæsenet, der § 1 (Pengeenheten og dens gullinnhold) fyrste ledd fyrste punktum lydde: «Grundlaget for Rigets Myntsystem er Guld og Pengeenheden skal være en Krone, som deles i 100 Øre.» Noreg endra med dette eining frå spesidalar og skilling til kroner og øre. I dag er pengeeininga i Noreg lovfest i sentralbanklova, paragraf 4.

Noregs Bank vart skipa ved lovsanksjon i Stortinget 14. juni 1816. Stortinget vedtok i Noregs Bank sitt 200-årsjubileum atter å grunnlovfesta sentralbanken. Grunnlova § 33 slår no fast at «Noregs Bank er sentralbanken i landet».

Forslagsstillarane viser til Grunnlova § 1 fyrste punktum: «Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike.» Det å ha ei eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein sjølvstendig nasjon. Forslagsstillarane meiner difor Grunnlova bør innehalda føresegner om at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Forslagsstillarane meiner at Noreg har hatt god nytte av å ha si eiga pengeeining og vil vera tent med å halde på si eiga pengeeining i framtida òg.

Det er nærliggjande å grunnlovfesta ei føresegn om at Noreg skal ha si eiga pengeeining, saman med grunnlovsføresegna om sentralbanken. Forslagsstillarane gjer difor framlegg om at grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining, blir teke inn i § 33 som nytt andre ledd. Forslagsstillarane framset òg eit alternativ med framlegg om plassering i ny § 120 a.

Forslagsstillarane ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige penge- og myntstell og tek til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å grunnlovfesta at Noreg skal ha si eiga pengeeining. Sentralbanklova § 4 fortel kva denne pengeeininga er.

Som alternativ formulering til grunnlovfesting av at Kongeriket Noreg skal ha si eiga pengeeining, gjer forslagsstillarane framlegg om å grunnlovfesta at den norske pengeeininga er ei krone, og at ei krone er hundre øre.

Forslagsstillarane fremjar følgande forslag:

«Alternativ 1:

§ 33 nytt andre ledd skal lyda:

Alternativ 1a:

Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.

Alternativ 1b:

Den norske pengeeininga er ei krone. Ei krone er hundre øre.

Den norske pengeenhet er en krone. En krone er hundre øre.

Alternativ 2:

§ 120 a nytt andre ledd skal lyda:

Alternativ 2a:

Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.

Alternativ 2b:

Den norske pengeeininga er ei krone. Ei krone er hundre øre.

Den norske pengeenhet er en krone. En krone er hundre øre.»

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Solveig Horne, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, frå Venstre, Terje Breivik, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at forslaget går ut på å grunnlovfeste at Norge skal ha si eiga pengeeining, alternativt at den norske pengeeininga er ei krone og ei krone er hundre øre.

Komiteen registrerer at forslagsstillarane grunngjev forslaget med at dei ser det som grunnleggjande for ein suveren stat å ha råderett over sitt eige mynt- og pengestell og tek derfor til orde for å gje pengestellet konstitusjonelt vern ved å ta det inn i Grunnlova.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og uavhengig representant Ulf Leirstein, er av den oppfatninga at staten i dag har full sjølvråderett over penge- og myntsystemet, og at ei grunnlovfesting ikkje vil bidra til å styrke dette.

Fleirtalet viser til Stortinget si handsaming av eit tilsvarande forslag i førre stortingssesjon, der fleirtalet viste til at det kunne førekome økonomiske forhold som kunne tilseie at storting, regjering og Norges Bank bør handle raskt for å sikre nasjonen sine interesser, og at ei grunnlovfesting slik det også den gongen var forslag om, kunne gjere handlingsrommet mindre og seinke naudsynte grep frå dei aktuelle aktørane.

Fleirtalet deler denne vurderinga og tilrår på dette grunnlaget at forslaget ikkje vert vedteke.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og uavhengig representant Ulf Leirstein viser til grunngjevinga frå forslagsstillarane om at det å ha ei eiga pengeeining er eit av kjenneteikna ved ein sjølvstendig nasjon. Pengesuverenitet er grunnleggjande viktig for fridom og handlingsrom både i penge- og finanspolitikken. Forslaget om å grunnlovfeste ei føresegn om at Noreg skal ha si eiga pengeeining, saman med grunnlovsføresegna om sentralbanken, understrekar at den norske staten har full sjølvråderett over penge- og myntsystemet og kan bruke det som nasjonalt styringsverkemiddel i økonomiske kriser. Desse medlemene viser til Innst. 260 S (2019–2020) og anbefaler på denne bakgrunnen at alternativ 2a vert vedteke, slik at Grunnlova § 120 a nytt andre ledd skal lyde:

«Noreg skal ha si eiga pengeeining.

Norge skal ha sin egen pengeenhet.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og uavhengig representant Ulf Leirstein:
Forslag 1

Dokument 12:39 (2015–2016) – Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen, Janne Sjelmo Nordås, Helge Thorheim og Kjersti Toppe om endring i § 33 (grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining) – alternativ 2a – vert vedteke.

Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, syner til dokumentet og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Dokument 12:39 (2015–2016) – Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen, Janne Sjelmo Nordås, Helge Thorheim og Kjersti Toppe om endring i § 33 (grunnlovfesting av at Noreg skal ha si eiga pengeeining) – vert ikkje vedteke.

Oslo, i kontroll- og konstitusjonskomiteen, den 5. mai 2020

Dag Terje Andersen

Magne Rommetveit

leiar

ordførar