Ein viser til Prop.
1 S (2020–2021) for omtale av norsk svalbardpolitikk og nærare omtale
av «Forslag til svalbardbudsjett for 2021» samt «Forslag til løyvingar
til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet».
Svalbard omfattar
Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land,
Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor
koordinatane 10° og 35° austleg lengde og 74° og 81° nordleg breidde.
Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen.
Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det
største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei
meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå
syner at folkemengda på Svalbard auka med 8 pst. i 2019, og dette
er den største folkeveksten dei siste ti åra.
Svalbardtraktaten
blei underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august
1925. Frå same dag blei Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del
av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925
nr. 11. Sysselmannen på Svalbard er den øvste representanten for
regjeringa på øygruppa og tek vare på dei statlege interessene der.
Justis- og beredskapsdepartementet
fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes
med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter
og utgifter på øygruppa.
I hovudsak er det
den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet.
Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagd Justis-
og beredskapsdepartementet og verksemd som er underlagd andre fagdepartement.
Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Prop.
1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet gir vidare ei samla oversikt
over statlege løyvingar til svalbardformål. Slike utgifter blir
dekte over det ordinære statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte
fagdepartementa.
Regjeringas forslag
til budsjettramme på svalbardbudsjettet for 2021 er 570,2 mill.
kroner. Dette er 3,9 mill. kroner meir enn i vedteke budsjett for
2020.