Søk

Sammendrag

Ein viser til Prop. 1 S (2020–2021) for omtale av norsk svalbardpolitikk og nærare omtale av «Forslag til svalbardbudsjett for 2021» samt «Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet».

Svalbard omfattar Spitsbergen, Prins Karls Forland, Nordaustlandet, Kong Karls Land, Barentsøya, Edgeøya, Hopen, Bjørnøya og alle holmar og skjer innanfor koordinatane 10° og 35° austleg lengde og 74° og 81° nordleg breidde. Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er det største lokalsamfunnet. Utanom Spitsbergen bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at folkemengda på Svalbard auka med 8 pst. i 2019, og dette er den største folkeveksten dei siste ti åra.

Svalbardtraktaten blei underteikna 9. februar 1920 og tok til å gjelde 14. august 1925. Frå same dag blei Svalbard ein udeleleg og uavhendeleg del av Kongeriket Noreg gjennom ei eiga lov, Svalbardlova 17. juli 1925 nr. 11. Sysselmannen på Svalbard er den øvste representanten for regjeringa på øygruppa og tek vare på dei statlege interessene der.

Justis- og beredskapsdepartementet fremmar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. Eit eige svalbardbudsjett synleggjer inntekter og utgifter på øygruppa.

I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert på svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet og verksemd som er underlagd andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet. Prop. 1 S (2020–2021) Svalbardbudsjettet gir vidare ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet på kapitla til dei enkelte fagdepartementa.

Regjeringas forslag til budsjettramme på svalbardbudsjettet for 2021 er 570,2 mill. kroner. Dette er 3,9 mill. kroner meir enn i vedteke budsjett for 2020.