Innhold

2. Merknader frå komiteen

2.1 Generelle merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Trond Giske, Odd Omland og Anette Trettebergstuen, frå Høgre, Marianne Haukland, leiaren Kristin Ørmen Johnsen og Tage Pettersen, frå Framstegspartiet, Himanshu Gulati og Silje Hjemdal, frå Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, og frå Kristeleg Folkeparti, Jorunn Gleditsch Lossius, viser til at norsk er den identitetsmarkøren som i sterkast grad knyter saman alle som bor i landet vårt.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, er glade for at regjeringa fremjar forslag til ny språklov, som skal leggje grunnlaget for ein offensiv språkpolitikk som omfattar språka den norske staten har ansvar for. Eit hovudmål med språkpolitikken er å sikre norsk som hovudspråk i Noreg, som samfunnsberande språk for heile landet, og som forvaltningsspråk i alle sektorar. Fleirtalet er positive til at lova skal bidra til å verne og fremje samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka, kvensk, romani og romanes, og norsk teiknspråk. Språklova skal erstatte den gjeldande mållova (lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste) og inneheld også forslag til nye føresegner om språk i Noreg. Språklov og språkmelding blei også varsla i Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida.

Fleirtalet viser til at kulturmeldinga slår fast at språket er den fremste beraren og formidlaren av kultur, historie og identitet. Kultur og språk er knytte uløyseleg saman. Noreg har eit særleg ansvar for norsk, både bokmål og nynorsk, samiske språk og dei nasjonale minioritetsspråka. Desse språka er ein grunnleggjande del av kulturen og identiteten til den enkelte språkbrukaren, både dei som har eit av desse språka som førstespråk, og dei som er to- eller fleirspråklege.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, er glade for at det endeleg kjem ei språklov, og at lova tek sikte på å styrkje norsk språk. Dette fleirtalet viser til at eit levande språkleg mangfald er ein føresetnad for mangfald, demokrati og ytringsfridom i det norske samfunnet. Det er viktig å slå fast at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, og at mindretalsspråka har særskilde behov for vern og styrking – dette er ein føresetnad for mindre forskjellar og like moglegheiter. Norsk språk er under press frå engelsk, særleg i akademia og i det private næringslivet. Samtidig er nynorsk under press frå bokmål, eit press som mellom anna fører til manglande læreressursar i barnehage og skule, språkbyte frå nynorsk til bokmål for elevar i skulealder, svekking av nynorsk i kommunar som blir del av store bokmålsområde grunna kommune- og fylkessamanslåingar, og manglande oppfylling av den gjeldande mållova mellom anna i akademia og statlege verksemder.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti er derfor skuffa over at regjeringas forslag til ny språklov er ei svekking av det norske språket samanlikna med den gjeldande mållova, og i sterk kontrast med det uttalte føremålet til lova. Desse medlemene konstaterer at partiet Venstre, som tradisjonelt sett har halde den språkpolitiske fana høgt, med dette leverer eit svakt grunnlag for å ta vare på norsk språk i lovform.

Svekte krav til skrivekompetanse hos dei tilsette i staten er det målorganisasjonane har reagert sterkast på då lova var på høyring, og er saman med svekt klagerett når språkrettar ikkje blir oppfylte, i sum ei svekking av nynorskbrukarane sine rettar. Desse medlemene vil vidareføre ordlyden frå dagens mållov, som krev at tilsette i staten skal skrive på begge språk. Når regjeringa i tillegg ønskjer at regelen skal gjelde tilsette i språknøytrale fylkeskommunar, er det naturleg at fylkeskommunane får tid på seg til å innhente den naudsynte kompetansen, og desse medlemene foreslår derfor ei mindre forpliktande formulering for desse. Desse medlemene vil også understreke at den reviderte opplæringslova som blir omtalt i meldinga, er eit viktig språkpolitisk dokument, og vil krevje at regjeringa i denne lova kjem med sterkare verkemiddel for å sikre nynorsk i barnehage, skule og opplæring av vaksne innvandrarar, og for å sikre ein reell tilgang på læremiddel på begge språk.

Desse medlemene er uroa for domenetap for norsk språk på viktige område i samfunnet, det gjeld særleg i akademia og næringslivet. Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil derfor følgje opp Språkrådets høyringsforslag og foreslå ein ny paragraf som stadfester at det offentlege har ansvar for å utvikle og bruke norsk terminologi og fagspråk og å gjere det tilgjengeleg på begge målformer innanfor sitt fagområde. Desse medlemene er òg uroa over nedbygginga av viktige fagfelt som namnegransking og dokumentasjon, og vil be regjeringa sikre at dokumentasjon og normering av norsk språk skal vere eit offentleg oppdrag ved ein norsk vitskapleg institusjon.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti «vil be regjeringa sikre at dokumentasjon og normering av norsk språk skal vere eit offentleg oppdrag ved ein norsk vitskapleg institusjon». Fleirtalet ønskjer å streke under at normering av norsk i dag er ei oppgåve Språkrådet har. I framlegg til språklov § 19 vert dette stadfesta: «Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk». Fleirtalet meiner at det vil bryta med norsk språkpolitikk fram til i dag om ein vitskapeleg institusjon skal ha normativt ansvar.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti deler ikkje Arbeidarpartiets negative syn på innhaldet i lova. Desse medlemene er trygge på at den nye språklova styrkjer nynorskens rolle og posisjon i samfunnet. Mellom anna så har språkorganisasjonane trekt fram at det er fleire gode element i den nye lova. Desse medlemene ser særleg det styrkte føremålet i lova som svært positivt. At lova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det minst bruka språket nynorsk, er eit steg på rett veg for ein språkpolitikk som anerkjenner at det er eit skeivt styrketilhøve mellom nynorsk og bokmål. Desse medlemene ser òg at proposisjonen er særleg sterk på dei delane som omhandlar språkteknologi og språkvitskaplege disiplinar.

Desse medlemene meiner òg at det er svært positivt at fylkeskommunen no får utvida plikter som vil sikre at nynorskbrukarane vil sjå meir av språket sitt. Desse medlemene har òg i eigne merknadar peika på styrkingar i lova innan område som sanksjonar, nynorsk i barnehagar, læremiddel på båe målformer, krav til NRK, sektorspesifikt ansvar, rapportering, lovspråk, ASK (alternativ supplerande kommunikasjon), scenekunst, kulturarv og film. Desse medlemene ser fram til det vidare arbeidet med lova og er glade for styrkingane av nynorskens rolle og posisjon.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti reagerer på at Språkrådet, statens fagorgan i språkspørsmål, i praksis ikkje blir lytta til når halv- og heilstatlege verksemder skal få nye namn. Engelske namn og namn som bryt med gjeldande rettskriving, er på sikt med på å legitimere ei nedbryting og svekking av det norske språket. Desse medlemene ønskjer derfor å styrkje Språkrådets stilling ved å klargjere statens plikt til å konsultere Språkrådet ved stadfesting av slike nye namn. I tillegg meiner desse medlemene at det er naudsynt å slå fast at statens språkpolitikk, medrekna bruken av norsk når nye namn skal lagast, også skal gjelde i føretak der staten berre er delvis inne på eigarsida.

Desse medlemene ser med undring på at forslaget til ny lov ikkje kjem med påfølgjande sanksjonsmoglegheiter. Førti år med mållov har vist at der det ikkje finst sanksjonar, er viljen til å følgje reglane staten har pålagt seg sjølv, varierande. Desse medlemene meiner eit så viktig samfunnspolitisk dokument som ei ny språklov må gjevast tyngde gjennom tydelege konsekvensar ved dokumenterte brot på lova, og vil derfor be regjeringa komme tilbake med forslag til sanksjonsmoglegheiter.

2.2 Språkpolitiske mål

Komiteen viser til dei språkpolitiske måla som er lagde fram i proposisjonen, og der norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. I dette ligg det at norsk er eit rikt og levande språk som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet. Det offentlege skal ha eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Komiteen viser til at språkpolitikken skal sikre likestilling mellom dei to skriftspråka bokmål og nynorsk.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner at situasjonen for nynorsk skal vurderast særskilt i regelverksarbeid som gjeld norsk språk.

Fleirtalet meiner at departementa skal ta språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører eigen sektorpolitikk.

Komiteen meiner at det offentlege skal verne og fremje samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk. Språkpolitikken er sektorovergripande og handlar om språk og språkbruk innanfor alle sektorar.

Komiteen viser til at retten til språk er eit grunnvilkår i demokratiet, også retten til minoritetsspråk. Dette skal sikre innbyggjarane ytringsfridom. Det norske språket skal vere eit godt bruks- og kulturspråk som utviklar seg i takt med samfunnet og kunnskapsutviklinga elles.

2.3 Bakgrunn

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, er glade for at regjeringa følgjer opp Granavolden-erklæringa, som slår fast at:

«Språk er grunnleggande for tenking og samhandling, ein viktig del av kulturarven og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Regjeringa vil sikra gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Norge og dei to jamstilte målformene i norsk.»

Samstundes vil regjeringa:

«fremje forslag om ei ny heilskapleg språklov som fører vidare prinsippa i lovverket i dag knytt til jamstile målformar, teiknspråk og minoritetsspråk, og vurdere tiltak for å styrkje hovud- og sidemålsopplæringa for tidleg alderstrinn, og dessutan opne for lokale prøveordningar.»

Ei overordna språklov blei først varsla i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Ein samla familie-, kultur- og administrasjonskomité slutta seg til at det er eit klart behov for ei lovforankring av språk i Norge, jf. Innst. S. nr. 184 (2008–2009). Språklov og språkmelding blei også varsla i Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida.

2.4 Sektorspesifikt ansvar for språk

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti merkar seg at Kulturdepartementet vil utarbeide ein rettleiar for det sektorspesifikke ansvaret for språk. Dette kan vere med på å styrkje det språkpolitiske arbeidet i praksis. Desse medlemene ventar at rettleiaren mellom anna tilrår at følgjande prinsipp blir vurderte når sektoransvaret for språk skal konkretiserast: 1) språkpolitiske konsekvensar ved lov- og meldingsarbeid, 2) identifisere språkpolitisk ansvar hos underliggjande etatar og tilskotsmottakarar og ved utforming av tenester i sektoren, og 3) ansvar for å ivareta norsk og samisk fagspråk i sektoren, inkludert fagformidling og terminologiarbeid.

Desse medlemene meiner at departementa burde ta del i utviklinga av norsk og samisk fagspråk på sine fagområde, i samråd med universitet og høgskular, som allereie har eit særskilt ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av fagspråk etter universitets- og høgskuleloven § 1-7. Eit døme på eit slikt godt fagspråk kan vere å legge til rette for gode termlister på nynorsk, bokmål, samisk og engelsk.

Desse medlemene ser at det kan vere fornuftig å peike på at nokre etatar må ta eit særleg språkpolitisk ansvar sidan dei forvaltar særleg avgjerande område. Dette kan særleg gjelde etatar under Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Desse medlemene merkar seg at Kulturdepartementet ikkje finn det føremålstenleg å vidareføre krav om stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste kvart fjerde år. Desse medlemene stør departementet i at det likevel må vere ei form for rapportering til Stortinget i kvar stortingsperiode. Det skapar debatt, kunnskap og gjev moglegheit for oppfølging av språkpolitikken på alle sektorområde.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil minne om at opplæringspolitikk i høgste grad er språkpolitikk, og det er i hovudsak i skulen at nye nynorskbrukarar kjem til eller forsvinn. Korleis situasjonen er på utdanningsfeltet, er heilt avgjerande for framtida til nynorsken som skriftspråk. Utan å seie noko om stoda her er det umogleg å gi eit bilde av språksituasjonen i Noreg som heilskap. Desse medlemene registrerer at departementet skriv at ei form for rapportering til Stortinget vil vere ein viktig del av tiltaka for oppfølging av språklova og språkpolitikken, og krev at også opplæringsfeltet blir ein del av ein slik rapport.

Evaluering og sanksjonar

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti har merka seg at fleire aktørar meiner at mangelen på sanksjonar gjer at lova ikkje blir følgd opp. Desse medlemene meiner at språklova må følgast opp, og at departementet må vurdere sanksjonar om det viser seg at lova ikkje vert følgd. Desse medlemene meiner vidare at lova og dei andre verkemidla i denne proposisjonen må verte evaluerte seinast i 2030, og at ein då må vurdere om sanksjonar kan vere eit godt verkemiddel.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at fleire høyringsinstansar stiller spørsmål ved om det er tilstrekkeleg med tilsyn og rettleiing frå Språkrådet utan at det finst moglegheiter for sanksjonar dersom brot på lova skulle førekomme. Desse medlemene viser til at den regelen som oftast blir broten i dagens mållov, er kravet om 25 pst. nynorsk i statlege verksemder. Desse medlemene meiner at erfaringane så langt viser at regelen om 25 pst. nynorsk i statlege verksemder ikkje vert følgd, og derfor bør ein vurdere å innføre sanksjonar.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa komme tilbake til Stortinget med forslag om kva sanksjonar som skal gjelde ved brot på språklova.»

Lovspråk

Medlemene i komiteen frå Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti deler vurderinga i proposisjonen om at det er uheldig at nynorsk står svakare som lovspråk enn intensjonen var i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, og at Språkrådet melder at fleire lovutval byter lovspråk frå nynorsk til bokmål. Desse medlemene meiner at lover som er på nynorsk i dag, i hovudsak bør reviderast og leggast fram for Stortinget på det same språket.

Utfordringar og strategiar

Medlemene i komiteen frå Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti meiner det er eit viktig prinsipp at tilsette og innbyggarar i tospråklege kommunar får nytte det språket dei føler at dei meistrar best. Desse medlemene meiner det er viktig at kommunar som er tospråklege, har ein språkstrategi der språk og offentleg deltaking for samisk og norsktalande vert drøfta og teke vare på.

2.5 Språkdimensjonen i kulturpolitikken og mediepolitikken

Komiteen viser til at den språklege sida av mediepolitikken tradisjonelt har fått lite merksemd. Dei seinaste åra har merksemda auka om den sentrale rolla media har for språket, på begge målformer. Det kjem av framveksten av globale aktørar som digitale sosiale nettverk, kor særleg mange unge dagleg vert eksponerte for engelsk som språket som vert nytta. Departementet peiker i 5.2.1 på at «Utviklinga syner kor viktig det er for norsk mediespråk at NRK har breitt gjennomslag i folket, og særleg blant barn og unge». Det same gjeld i like stor grad for resten av mediebransjen.

Komiteen peiker på at journalistiske medium styrte av redaktørar er ein grunnstein i demokratiet. Dei har òg ei sentral rolle i språkutviklinga. Deira moglegheit til å finansiera journalistikk er under press – for ein stor del fordi globale sosiale nettverk er sterke konkurrentar til desse media. Dei sosiale nettverka si kraftige vekst og utbreiing gjev difor ytterlegare utfordringar for små språksamfunn, av di sjølve grunnlaget for samfunnet, språket, vert sett i press. Norsk språk si utvikling er tett knytt til media si utvikling. Ein særs stor del av skriftleg norsk borgarane møter kvar dag, er innhald i frå media. Dei utviklar og held språket i hevd, slik at det er eit levande skriftleg nyttespråk for folk.

Komiteen understrekar kor viktig det er å støtte opp om språkleg formidling, debatt om samfunnet, norsk språk og kultur. Komiteen peikar på at det er viktig at all journalistikk som vert styrt av redaktørar, får gode rammer og vilkår, slik at dei kan løyse sine oppgåver best mogleg og til det beste for samfunnet. På det viset tek ein òg vare på språket.

NRK

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, meiner det er særleg viktig at NRK arbeider med å nå målet om 25 pst. nynorsk tekst i digitale tenester.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti er nøgde med at NRK i 2019 nådde målet om 25 pst. nynorsk samla, når det inkluderer dialektbruk i radio og fjernsyn.

Film og dataspel

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, merkar seg at svært få filmar, dataspel og strøymetenester er teksta på nynorsk. Fleirtalet meiner at i tråd med § 1 i språklova og den språkpolitiske dimensjonen i mediepolitikken skal ein prioritere nynorsk tekst og tale der det er mogleg.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser også til den språkteknologiske satsinga regjeringa foreslår i denne proposisjonen, og meiner det kan vere eit godt utgangspunkt for å få meir nynorsk teksting i digitale medium.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, peikar på det viktige arbeidet som vert gjort av samiske filmmiljø og Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) med å lyfte fram samisk språk- og historieforteljing. Fleirtalet ønskjer å lyfte fram ISFI sitt mål om meir samisk film og produksjon av ein langfilm i året. På same vis ønskjer fleirtalet at instituttet jobbar for å lage ein samisk langfilm for barn og unge på samisk. Fleirtalet meiner arbeidet til ISFI er viktig for å gjere samisk språk gjeldande og relevant på kulturfeltet og er eit viktig tilskot til debatt og kultur i den samiske folkesetnaden. Fleirtalet ønskjer å rose miljøa for å søkje samarbeid med store internasjonale filmmiljø, mellom anna eit samarbeid som har sikra at Disney har gitt ut filmserien «Frost» på samisk. Det har vore til stor glede for mange samiske barn.

Den språkpolitiske dimensjonen på kunst- og kulturfeltet

Komiteen meiner at kulturtilbod og opplevingar på nynorsk og regionale dialekter er ein styrke for norsk språk og kultur. Til dømes er Det Norske Teatret sitt arbeid med å famne folket og gjere språket tilgjengeleg eit positivt bidrag i samfunnet.

Komiteen minner om at Bergen som største by i Noregs desidert største nynorskregion har godt av eit vitalt kulturliv som også speglar språket og identiteten i heile regionen.

Komiteen viser til at både Sunnfjord kommune og Nynorsk kultursentrum har teke initiativ til nettverk for å styrkje nynorsk kulturformidling i til dømes bibliotek, kulturhus, museum og scenekunstinstitusjonar. Komiteen er positive til samarbeid som er med på å styrkje den språkpolitiske dimensjonen av kulturpolitikken på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, merkar seg at særleg desse fire scenekunstinstitusjonane arbeider med utvikling av nynorsk som scenespråk: Teater Vestland, Det Vestnorske Teateret, Opera Nordfjord og Det Norske Teatret. Komiteen er opptekne av å gi desse rammevilkår som sikrar rekruttering av nye dramatikarar og skodespelarar som meistrar nynorsk scenespråk.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, vil nemne Det Vestnorske Teateret si satsing på lokale forfattarar av nasjonalt format og deira tydelege investering i utøvarar som uttrykker seg på vestnorske målføre, som eit godt eksempel på ei viktig satsing. Teateret si utvikling styrkar nynorsken og dialektane i regionen. Denne utviklinga må ivaretakast.

Kulturarv

Komiteen viser til at det er eit mangfald av museum som arbeider med blant anna samiske språk, kvensk, romani, nynorsk og teiknspråk. Komiteen meiner desse musea kan samarbeide tettare for å formidle språkleg mangfald og å vere ressursar for språkdimensjonen av museumsarbeidet elles.

Komiteen viser til at regjeringa har varsla at det kjem ei ny museumsmelding der den språklege dimensjonen i kulturarven kan følgast opp av komiteen.

2.6 Språk og teknologi

Den teknologiske utviklinga har gjennomgripande konsekvensar for korleis vi lever, arbeider, samhandlar og kommuniserer. Vi omgir oss med stadig fleire produkt og tenester som byggjer på språkteknologi. Komiteen meiner at dette gir store moglegheiter innan informasjonshandsaming, kommunikasjon, effektivisering, inkludering og innovasjon. Nyvinningar som stemmestyring er eit nyttig hjelpemiddel i kvardagen til folk som har vanskar med å lese og skrive, og blinde kan få dagens nyheiter lest opp av ein robot som siterer aviser. Fleire tenester har chatte-robotar som hjelper brukarar og kundar.

Kapittelet om språk og teknologi i meldingsdelen omtaler prioriteringa og vidare oppfølgjing. Der går fram at regjeringa ønsker å leggje grunnlaget for ein digital infrastruktur for norsk språk, og at arbeidet med å byggje opp grunnlagsressursar for utvikling av språkteknologi på bokmål, nynorsk, norske dialektar og samisk skal halde fram. Komiteen strekar under viktigheita av språklege grunndata i dei digitale teknologiane, og at dette er avgjerande for at dei norske språka ikkje skal miste domene i den digitale utviklinga. At grunnlagsressursar i Språkbanken er tilgjengeleg for alle kommersielle aktørar og offentlege utviklarar er viktig for den vidare utviklinga av språkteknologien.

Komiteen viser til omtale i meldingsdelen av teknologi og språk. Komiteen er samstemt om at grunnlaget for den digitale infrastrukturen for norsk språk skal sikrast sentralt og er ei statleg oppgåve. I dette ligg det at ein må arbeide for å byggje opp grunnlagsressursar for utvikling av språkteknologi – slik som med Språkbanken, der staten sikrar grunndata som igjen kan brukast av kommersielle aktørar i produktutvikling av velferdsteknologi eller annan teknologisk innovasjon, der språk- og taleteknologi bør vere på norsk eller samisk. Komiteen meiner det er i Noregs interesse at norsk språk ikke mister domene til språk som engelsk på teknologiske nyvinningar som bruker språkteknologi, og at staten må gjere språkressursar tilgjengeleg for kommersiell bruk.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til den store interessa for at alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) vert verdsett som eit eige språk i språklova. Desse medlemene meiner det er meir formålstenleg å peike på at kapittelet om språk og teknologi syner til mange område og prosjekt som er særs sentrale for denne brukargruppa. Desse medlemene meiner difor at det er naturleg at staten stiller med sine språkressursar, slik som Språkbanken, slik at det kan utviklast nye språktenester og produkt som er retta mot denne brukargruppa.

Desse medlemene meiner at det er viktig at punkta om ASK i lova om opplæring vert vidareførte i nytt framlegg til lov om opplæring. Desse medlemene ber difor om at ein i forbindelse med ny lov om opplæring vurderer å gje ein rett til tilleggstimar for opplæring i ASK.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, vil vise til at teknologisk utvikling og bruken av blant annet kunstig intelligens innenfor oversettelse kan endre behovet for manuelle tolketjenester i de kommende årene.

Komiteen viser til høringsinnspillet fra Løvemammaene. De viser på sine sider til at så mange som 7 500 barn snakker med symboler. Dersom vi inkluderer voksne som er avhengige av symboler for å kommunisere, og pårørende, venner, kollegaer/medelever og helsepersonell, er det svært mange som bruker symbolspråk i hverdagen, og flere av disse har det som sitt primære språk. Symbolspråk forutsetter hjelpemidler, enten det er papirbasert, lavteknologiske talemaskiner eller høyteknologiske talemaskiner. Det forutsetter også opplæring av pårørende og i apparatet rundt personen som bruker symbolspråk. Med rett utstyr og rett opplæring kan deltagelsen i samfunnet og muligheten til å kommunisere øke betraktelig.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener at siden symbolspråk forutsetter hjelpemidler og opplæring, gjør dette det ekstra viktig å lovfeste at også de som er avhengig av symbolspråk, har rett til sitt eget språk.

Disse medlemmer merker seg at retten til ASK, alternativ supplerende kommunikasjon, er foreslått tatt ut i forslag til ny opplæringslov. Det mener disse medlemmer er uheldig, og viser til at da retten kom inn i 2009, stod et samlet storting bak. Disse medlemmer ber derfor regjeringen revurdere stillingen til ASK i opplæringsloven før den fremmes for Stortinget.

Disse medlemmer mener at retten til et språk er helt avgjørende i et menneskes liv. Ved å inkludere symbolspråk i språkloven anerkjenner vi at symbolspråk er en språkform, som for mange tusen barn og voksne er deres eneste språk. De er avhengige av dette språket for å uttrykke helt grunnleggende behov. Symbolspråk sikrer ikke bare retten til å si fra om egne behov og ønsker, men kan også sikre at barn får varslet om alvorlige overgrep.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om symbolspråk, der det foreslås hvordan retten til symbolspråk kan innlemmes i språkloven.»

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Senterpartiet viser til at det er ca. 7 500 barn som snakker med symboler. Dette betyr at det er langt flere når man teller med mennesker over 18 år. I tillegg har man pårørende, familie, venner, skolekamerater/arbeidskamerater, fagfolk osv., som skal kunne snakke med personer som bruker ASK/symbolspråk.

Disse medlemmer finner det vanskelig å forstå at ASK/symbolspråk ikke blir omtalt i større grad av Kulturdepartementet, som også har et ansvar for likestilling, inkludering og mennesker med funksjonsnedsettelser.

I verste fall kan dette oppleves som en diskriminering av flere tusen mennesker i Norge. Disse medlemmer oppfordrer derfor Kulturdepartementet til å ha et særskilt fokus på dette, slik at spesielt barn og unge som ikke kan snakke med munn eller f.eks. hender, får styrket sine muligheter gjennom ASK/symbolspråk.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om hvordan særlig barn og unge som mangler tale- eller tegnspråk, kan inkluderes bedre i samfunnet ved hjelp av bl.a. ASK/symbolspråk.»

2.7 Språk i barnehage og grunnopplæring

Komiteen viser til omtale i meldingsdelen av språk i barnehage og grunnopplæring, og viser til at språkstimulering, språkutvikling og opplæring i språk for barn, unge og vaksne er forankra i barnehageloven med forskrift, i opplæringslova med forskrifter, i integreringsloven og i sameloven.

Språkpolitikken heng uløyseleg saman med språkpolitikken og kunnskapspolitikken. Komiteen viser til at barnehagesektoren og opplæringssektoren er heilt avgjerande for at befolkninga får opplæring i norsk, samisk eller norsk teiknspråk. Vidare står opplæringssektoren i ei særstilling når det gjeld å bidra til å sikre norsk og samisk som samfunnsberande språk.

Nynorsk i barnehage og grunnopplæring

Medlemene i komiteen frå Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti ser òg at ein kan gjere meir arbeid for å sørgje for at nynorsk er meir til stades i barnehagane i dei kommunane som nyttar nynorsk. Desse medlemene meiner at departementet her må følgje opp for å støtte bruken av nynorsk i desse barnehagane der det er naturleg.

Desse medlemene viser til at Stortinget einstemmig ved handsaminga av Innst. 68 S (2016–2017), jf. Dokument 8:116 S (2015–2016), vedtok å greie ut endring av opplæringslova for å sikre at elevar i ungdomsskulen har rett til opplæring på hovudmålet og rett til å høyre til eiga gruppe. Desse medlemene merkar seg at dette ikkje er greidd ut i NOU 2019:23 Ny opplæringslov, og ventar at regjeringa følgjer opp dei overordna prinsippa i ny språklov når dei skriv sitt framlegg til opplæringslova – på eit slikt vis at NOU er i tråd med språkpolitikken som har vorte uttrykt i ny språklov.

Desse medlemene meiner det er naturleg at regjeringa i arbeidet med ny opplæringslov ser på moglege tiltak for å styrkje den digitale kvardagen for nynorskelevane.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti konstaterer at regjeringa unnlet å peike på ei rekke viktige utfordringar på opplæringsfeltet i forslaget til ny lov.

Desse medlemene viser til at utfordringane med nynorsk i barnehagen ikkje er nemnde med eit ord. At barnehagefeltet ikkje i det heile er regulert med eit opplæringsmål, skaper utfordringar for den tidlege språkopplæringa som går føre seg i barnehagen. I dag kan du i ein barnehage i eit nynorskområde syngje songar og lese bøker på berre bokmål. I tillegg kan du drive aktiv språkstimulering og omgrepslære på bokmål til ungar som skal ta til i ein nynorskskule.

Regjeringa viser til at dei skal utarbeide forslag til ny opplæringslov. Opplæringslova er ei sentral språklov. Desse medlemene ber regjeringa i forslag til ny opplæringslov ta omsyn til situasjonen for nynorsk i barnehagen.

Samiske språk

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til at det er sterkt behov for fleire samiske lærarar. Dette er tatt opp i Riksrevisjonens rapport, Dokument 3:5 (2019–2020). Fleirtalet viser til at regjeringa gjennomfører eit kompetanse- og rekrutteringsløft for å sikre kvalifiserte lærarar.

Læremiddelsituasjonen

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, merkar seg at ein del digitale program, verktøy og ressursar ikkje vert definerte som læremiddel, det kan vere fordi dei ikkje er knytte til kompetansemåla i læreplanen. Fleirtalet er uroa for at elevar med nynorsk som hovudmål møter mindre nynorsk, og meir bokmål og engelsk, i undervisinga enn tidlegare. Med fleire hjelpemiddel og verktøy som ikkje kjem innanfor definisjonen av læremiddel i bruk i skulen, vert både språk- og opplæringspolitikken motarbeidd. Fleirtalet viser til «Rapport om digitale læremiddel i skulen med tanke på nynorsk», der ein ser at kommunar som Lom, Fjell, Volda og Ulstein overheld opplæringslova, men nyttar både administrativ programvare og mange læringsverktøy utan nynorsk som språk. Dette gjer elevane mindre trygge på språket sitt. Fleirtalet meiner det er naturleg at regjeringa i arbeidet med ny opplæringslov ser på moglege tiltak for å styrkje den digitale kvardagen for nynorskelevane.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at regjeringa har gjeve tilskot til både innkjøp og utvikling av digitale læremiddel til dei nye læreplanane for Kunnskapsløftet 2020 (fagfornyinga). Eit vilkår i alle tilskotsordningane er at læremidla skal kome ut på begge målformer til same pris og til same tid. Det vert òg stilt krav om at dei digitale læremidla skal kunne setjast om til samisk. Desse medlemene viser til at denne lova vert følgd opp i ny opplæringslov, der læremidla skal vere i tråd med målsetnadene i § 1, dette gjeld også digitale læringsplattformer, teksthandsamingsprogram og digitale hjelpemiddel som er i jamleg bruk. Det heng ikkje på vilkår om at dei dekkjer større delar av læreplanen eller ikkje.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at mangelen på læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar gjer at mange kommunar ikkje ser anna råd enn å undervise på bokmål. Dette svekkjer moglegheita for innvandrarar til å få kjennskap til språket som er mest brukt der dei bur. Desse medlemene ber regjeringa syte for at læremiddel på begge språk er tilgjengelege for opplæringa av vaksne innvandrarar.

Desse medlemene viser til at mangelen på digitale læremiddel på nynorsk er skrikande. Dessverre er situasjonen altfor ofte at læremiddel som òg er omfatta av kravet om at dei skal liggje føre på begge språk, berre kjem på bokmål, eller at læringsressursar som burde vore definerte som læremiddel, ikkje blir det av skuleeigar. Desse medlemene meiner den nye opplæringslova må komme med ein strengare definisjon av kva eit læremiddel er, for å sikre at nynorskelevane får oppfylt sine språkrettar. I tillegg bør kontorstøtteprogram òg komme inn under parallellitetskravet.

Læremiddel i kvensk og finsk

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, viser til innspel frå Kvensk Finsk Riksforbund om at mange i den kvenske minoriteten har finsk som sitt minoritetsspråk. Fleirtalet meiner det er viktig at den kvensk-finske folkesetnaden får eit godt opplæringstilbod på finsk eller kvensk. I dag er det om lag 500 elevar som tek anten finsk eller kvensk, der finsk er det vanlegaste for denne gruppa. Det er ein nedgang frå 90-talet, då om lag 1 000 elever tok språket. Den faglege utviklinga av finsk er det styresmaktene i Finland som har ansvar for, men ho er òg viktig for ei finsktalande norsk befolkning. Rekruttering av finsklærarar er den største utfordringa for å sikre eit godt tilbod til denne gruppa. Fleirtalet er uroa for korleis ein kan sikre denne gruppa eit godt lovfesta tilbod utan at ein tenkjer på korleis eleven skal sikrast gode læreressursar.

2.8 Språk i forsking og høgare utdanning

Språk og språkbruk i forsking og høgare utdanning har stor innverknad på språkutviklinga elles i samfunnet. Komiteen viser til korleis forskinga utviklar ny kunnskap om verda vi lever i, og dermed ofte nye omgrep som igjen blir ein del av språket på andre samfunnsområde. Gjennom høgare utdanning blir språkbruken til profesjonsutøvarar og arbeidstakarar i alle sektorar forma. Språkbruken og fagterminologien studentane får med seg gjennom høgare utdanning, pregar samfunnet. Språket er avgjerande for primæroppgåvene innanfor forsking og undervisning, med høge krav til grundig og presis språkleg kommunikasjon. Derfor er utviklinga av norsk fagspråk viktig for kunnskapsutviklinga.

Sidan 2009 har universitets- og høyskoleloven hatt følgjande føresegn om norsk fagspråk (§ 1-7): «Universiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk.» I forarbeida til føresegna heiter det at norsk som eit generelt utgangspunkt skal vere hovudspråket ved norske universitet og høgskolar, samtidig som prinsippet om parallellspråklegheit skal gjelde. Parallellspråklegheit inneber at engelsk, eller eit anna framandspråk, kan nyttast når det tener eit føremål, inkludert opplæring og praktisk språktrening. Vidare inneber dette at ein må unngå ureflektert og automatisk bruk av engelsk, og den positive symbolfunksjonen som engelsk nyt godt av, bidrar til å fortrenge bruken av norsk når norsk ville vore det mest naturlege og hensiktsmessige språkvalet.

Når det gjeld forsking, har utviklinga det siste tiåret stadfesta at engelsk tar over for norsk som det dominerande publiseringsspråket i dei fleste faga. Nær 90 pst. av den vitskapelege publiseringa frå norske institusjonar i 2017 var på engelsk, medan om lag 10 pst. var på norsk. Komiteen meiner at forskarane sjølve må velje fritt kva for eit språk dei vil publisere på, men understrekar kor viktig det er at universiteta har språkstrategiar for å sikre at norsk framleis skal vere eit relevant undervisnings- og publiseringsspråk.

Komiteen viser til at prinsippet om parallellspråklegheit tilseier at det skal leggjast til rette for bruk av engelsk når det er gode faglege grunnar til det. Dette heng saman med ambisjonane regjeringa og institusjonane har når det gjeld internasjonalisering for å styrke kvaliteten på norsk forsking og høgare utdanning.

Komiteen ønsker å understreke formidlingsplikta til universiteta som viktig for å sørge for at forsking kjem samfunnet til gode. Her er det viktig at universiteta har tydelege strategiar for å publisere relevant forsking på norsk, slik at forskinga enklare kan bli overført til ny kunnskap i samfunnet som ein heilskap. Komiteen ser parallellspråklegheit som nødvendig for å sikre høg kvalitet og internasjonal relevans i norske forskingsmiljø, men meiner at terskelen for å overføre ny kunnskap i forskinga til dei relevante sektorane må vere høgare ved publisering på framandspråk. Dette gir forventningar til at universiteta som formidlarar av ny forsking publiserar og gjer ho tilgjengeleg på norsk.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, merkar seg at Kunnskapsdepartementet er i gang med arbeidet med ei ny lov om universitet og høgskolar. I NOU 2020:3 Ny lov om universiteter og høyskoler omtalar utvalet problemstillinga norsk som fagspråk i kapittel 14. Her ønsker utvalet å vidareføre ansvaret som høgare utdanningsinstitusjonar har for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk i universitets- og høgskolesektoren. Fleirtalet vil støtte dei som talar for at ansvaret for fagspråket skal tydeleggjerast, men meiner at verkemidla ikkje bør nemnast i lovteksten. Fleirtalet viser til at sektoren er pålagd å ha eigne språkstrategiar, og understrekar kor viktig det er at desse blir opplevde som relevante.

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til regjeringas prioriteringar og vidare oppfølging som er omtalt i punkt 8.4 i proposisjonen om språklova (meldingsdelen). Der går det fram at regjeringa vil be universiteta og høgskolane om å bidra til å sikre at masteroppgåver og andre omfattande, sjølvstendige arbeid på dette nivået som ikkje blir skrivne på norsk eller samisk, skal ha eit samandrag på eit av desse språka. Desse medlemene trur at dette og fleire øvrige tiltak nemnde i punkt 8.4 vil styrkje norsk som fagspråk.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er uroa over at norsk språk er på vikande front i delar av akademia, og vil understreke at universitet og høgskular må vere medvitne om ansvaret dei har for å oppretthalde og vidareutvikle norsk som fagspråk. Desse medlemene viser til at universiteta og høgskulane har eit lovpålagt ansvar for å vidareutvikle norsk fagspråk. Desse medlemene merkar seg at Aune-utvalet i sin gjennomgang av universitets- og høgskulelova, NOU 2020:3, tilrår at dette lovkravet blir vidareført. Desse medlemene vil påpeike at sidan den førre språkmeldinga vart lagd fram, har talet på internasjonalt tilsette i universitets- og høgskulesektoren auka kraftig. Det aukar behovet for å ansvarleggjere sektoren for å oppfylle prinsippet om parallellspråkbruk, som seier at ein skal bruke «norsk når du kan, engelsk når du må» både i forsking og undervising. I ei ny verkelegheit, med eit større innslag av ikkje-norskspråkleg tilsette, meiner desse medlemene det er eit behov for klårare retningslinjer og tiltak som styrker norskferdigheitene blant internasjonalt tilsette, for å klare å oppretthalde eller styrke det norske språket sin posisjon i akademia. Desse medlemene viser i denne samanhengen til ei undersøking frå ei gruppe lingvistar, omtalt i Khrono 30. januar 2020, med funn som viser at dei internasjonalt tilsette opplever lite merksemd rundt, og tilrettelegging for, det å lære norsk på institusjonane, trass i at mange internasjonalt tilsette uttrykker eit ønske om å lære norsk.

Desse medlemene registrerer at studentar, forskarar og ekspertar slit med å finne gode norske fagordlister. Dette fører mellom anna til at studentar som les pensum på engelsk, fortvilar fordi ho eller han ikkje finn dei norske fagtermane til eksamen, som er på norsk. Likeins finst det døme på offentlege utgreiingar der ekspertgruppene brukar engelske termar fordi dei ikkje finn norske fagtermar. Sjølv i dei tilfella der det finst norske faguttrykk, er desse vanskeleg tilgjengelege eller spreidd på ulike fagordlister, termlister, termbasar, fagordbøker, leksikon og andre kjelder. Dette skapar ein uoversiktleg og uklår situasjon som i praksis fører til at engelsk blir føretrekt i undervising og publisering. Desse medlemene meiner difor det er behov for at det lovpålagte ansvaret for å utvikle og oppdatere norsk som fagspråk blir følgt opp med krav om at sektoren samordnar og gjer nye og oppdaterte termar lett tilgjengelege. Desse medlemene er kjende med at det pågår eit arbeid med å utvikle ein portal for samling av fagtermar, og meiner regjeringa bør støtte dette arbeidet.

2.9 Språkvitskaplege disiplinar

Komiteen meiner forsking og utdanning innanfor fagfelta leksikografi, namnegransking og terminologi er viktig for norsk språk som kulturobjekt, men også for å leggje til rette for effektiv kommunikasjon innanfor alle samfunnsområde, til gode for alle innbyggjarane i Noreg. Desse faga har direkte nytteverdi som språkleg infrastruktur.

Dei leksikalske faga har fått fornya og forsterka samfunnsrelevans i det digitale skiftet. Komiteen meiner at utviklinga av god språkteknologi av høg kvalitet er avhengig av at det finst datalingvistar med solid kompetanse i norsk språk.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti, har merka seg at utdannings- og forskingskomiteen i Innst. 12 S (2019–2020) omtalte lærebokutvalet. Komiteen understreka at formålet som gjaldt då Lærebokutvalget for høyere utdanning blei oppretta i 1984, framleis gjeld:

«Løyvinga er mynta både på utgjeving av nynorske lærebøker til høgre utdanning for å betra den språklege jamstellinga for bøker på dette nivået, og generelt til produksjon av lærebøker i små opplag.» (St.prp. nr. 1 (1986–87), kap. 332, post 70)

Fleirtalet har også merka seg at regjeringa vil evaluere ordninga. Fleirtalet vil understreke at det er viktig for å oppretthalde nynorsk som fag- og bruksspråk at det blir gitt ut læremiddel for høgare utdanning på skriftspråket, særleg i dei store profesjonsfaga som helse- og sosialfag, lærarutdanningane, ingeniørutdanningane og økonomi og administrasjon.

Fleirtalet meiner det er viktig for fagspråket at det blir kommunisert til eit breitt publikum. Fleirtalet er positive til at fleire universitet, høgskular, institutt og museum samarbeider om Store norske leksikon. Fleirtalet er kjende med at Nynorsk kultursentrum, som til no har drive leksikonet Allkunne, har inngått ein avtale om samarbeid med Store norske leksikon, og er positive til eit slikt samarbeid for å fremme både bokmål og nynorsk som fagspråk og kvardagsspråk.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at leksikografi, stadnamnforsking og normering er fagområde innanfor språkvitskapen som har blitt bygde ned dei siste åra. Dette har svekt det språkfaglege miljøet og vil på sikt mellom anna føre til at det ikkje finst personar med stadnamnkompetanse som kan forvalte lov om stadnamn. Desse medlemene viser til at berre snarrådigskap ved Universitetet i Bergen gjorde at Språksamlingane blei redda i 2014, då Universitetet i Oslo bestemte seg for å leggje dei ned utan politisk behandling. Vitskapleg dokumentasjon av utviklinga og bruken av norsk språk i fortid og samtid er eit nasjonalt ansvar, og desse medlemene ønskjer derfor å fremje følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa sikre at utviklinga og bruken av norsk språk i fortid og samtid blir vitskapleg dokumentert, og at dokumentasjon og normering av norsk språk skal vere eit offentleg oppdrag ved ein norsk vitskapleg institusjon.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til forslaget frå medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Fleirtalet viser til at det under punkt 9.3 i språkmeldinga står at «det er ei nasjonal oppgåve å halde oppe forsking på dei spesifikke norske kulturarvempiriane», og at det under punkt 9.4. står at «Kulturdepartementet tek sikte på framleis støtte til ordboksarbeid med utgangspunkt i dei fire verka Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok». Fleirtalet meiner dette er eit signal frå Kulturdepartementet om at det framover er relevant å støtte konkrete dokumentasjonsprosjekt av ein viss storleik og relevans. Ansvaret for at «utviklinga og bruken av norsk språk» blir vitskapleg dokumentert, er likevel eit vidt omgrep, og fleirtalet meiner forslaget kan tolkast som om det utvidar det ansvaret Kulturdepartementet i dag har for ordboksarbeid til òg å famne om eit ansvar for dokumentasjon av norsk språk generelt.

Fleirtalet støttar ikkje ei slik utviding av ansvaret. Fleirtalet viser til at humaniorameldinga ifrå 2017 har handsama spørsmål om universitetssektoren sitt ansvar for små humaniorafag:

«Det politiske ansvaret for universiteter og høyskoler innebærer at styringen må balansere behovet for autonomi og faglig frihet mot samfunnets behov for relevant kunnskap og ferdigheter.»

Meldinga vart følgd opp med ein rapport frå Lie-utvalet (2019), som hadde i oppgåve å undersøkje situasjonen for små og utsette humaniorafag. Fleirtalet viser til at etter høyringa av rapporten konkluderte Kunnskapsdepartementet med at spørsmål om finansiering av utsette humaniorafag skal avklarast i ei stortingsmelding om styring av statlege universitet og høgskular, som er under arbeid.

Fleirtalet viser til at medlemene frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil be regjeringa sikre at «dokumentasjon og normering av norsk språk skal vere eit offentleg oppdrag ved ein norsk vitskapleg institusjon». Fleirtalet ønskjer å streke under at normering av norsk i dag er ei oppgåve Språkrådet har. I framlegget til språklov § 19 vert dette stadfesta: «Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk.» Fleirtalet meiner at det vil bryte med norsk språkpolitikk fram til i dag om ein vitskapleg institusjon skal ha normativt ansvar.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti registrerer at bruken av engelsk terminologi og fagspråk breier om seg på stadig fleire område og utgjer ein trussel mot det norske språket. Dette gjeld særleg i akademia og i det private næringslivet, der ein i stadig større grad bruker engelsk som arbeidsspråk, men også i det offentlege. Dette medfører eit domenetap og ei svekking av det norske språket. Språkrådet foreslo i høyringa til lova ein ny paragraf som stadfester at det offentlege har ansvar for å utvikle og bruke norsk terminologi og fagspråk og å gjere det tilgjengeleg på begge målformer innanfor sitt fagområde. Slik sikrar ein at det blir arbeidd med utvikling av norsk fagspråk på ulike samfunnsområde framover.

Desse medlemene støttar dette og fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa seinast innan revidert nasjonalbudsjett for 2021 komme tilbake til Stortinget med eit forslag til endring i språklova der det blir presisert at det offentlege har ansvar for å utvikle og bruke norsk terminologi og fagspråk og å gjere det tilgjengeleg på begge målformer innanfor sitt fagområde.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til døme på tiltak ifrå Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet som har lagt og legg til rette for dokumentasjon av norsk språk.

Fleirtalet viser til at prosjekta Norsk Ordbok og Det Norske Akademis Ordbok strekkjer seg over fleire år. Regjeringa har i perioden 2014–2021 finansiert Norsk Ordbok med følgjande midlar over statsbudsjettet: I 2014–2015: 20,4 mill. kroner for å ferdigstille prosjektet, og i 2019–2021: 6,2 mill. kroner til vidareutvikling og digitalisering, altså til saman 26,6 mill. kroner til Norsk Ordbok. Det Norske Akademis Ordbok er i åra 2014–2017 finansiert med 52,4 mill. kroner til sluttføring av prosjektet og i åra 2018–2021 med 8,3 mill. kroner til digitalisering og vidareutvikling, til saman 60,7 mill. kroner. Universitetet i Bergen har i åra 2020 og 2021 fått til saman 4 mill. kroner i tilskot til generell styrking av ordboksarbeidet. Fleirtalet viser til at revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka er eit samarbeid mellom Språkrådet og UiB. Prosjektet vart sett i gong med statsbudsjettet 2018 og er planlagt sluttført i 2023. For deltaking i åra 2018–2021 vart det løyva 21,8 mill. kroner til Universitetet i Bergen og 0,8 mill. kroner til Språkrådets deltaking i arbeidet i 2018. Frå 2019 vart denne summen lagt inn i og ført vidare i Språkrådet sitt driftsbudsjett kap. 326 post 1.

Fleirtalet viser vidare til drifta av Språksamlingane. I 2016 vart det lagt inn 6 mill. kroner ved overføringa av Språksamlingane i budsjettramma til Universitetet i Bergen frå Universitetet i Oslo. Termportalen som oppfølging av språkmeldinga fekk i 2021 eit tilskot ved UiB på 4 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets budsjett. 2 mill. kroner av desse vart ført over ramma ifrå Kulturdepartementet.

Fleirtalet viser til at for å bøte på situasjonen med nedbygging av stadnamnfaget i universitetssektoren har Kulturdepartementet i ei endring av stadnamnlova i 2019 omorganisert rådgjevarfunksjonen i forvaltninga av lova. Denne funksjonen ligg no heilt og fullt i Språkrådet, i staden for å ha ei laus tilknyting til dei ulike universiteta, som i varierande grad held dette miljøet levande.

2.10 Norsk teiknspråk

Komiteen merkar seg fleire av høringsinstansane sine innspel, deriblant frå Norges Døveforbund, som blant anna skriv at «tegnspråk som et språk har blitt undertrykt gjennom århundrer og det er av stor betydning at det har blitt ført inn i språkloven», og som følgeleg er godt nøgd med det ansvaret staten her tar for å erklære teiknspråk som eit nasjonalt språk (§ 7).

Komiteen viser til at det er behov for å gå igjennom gjeldande rett, inkludert dei tiltaka og ordningane som gjeld norsk teiknspråk, for å gjere politikken på feltet meir målretta og at det er behov for meir kunnskap på dette området. Det er også behov for andre tiltak i tillegg til lovregulering. Alle dei utfordringane som teiknspråkbrukarar møter mellom anna i oppveksten, i utdanninga og i samfunnslivet generelt, understreker behovet for meir kunnskap. Det er låg kunnskap om teiknspråk generelt i samfunnet.

Fleirtalet, medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti er glade for at regjeringa varslar at dei vil ha ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet i form av ei offentleg utgreiing. Det blir eit arbeid som skal medverke til å synleggjere den teiknspråklege minoriteten.

2.11 Tolketenester

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at det offentliges utgifter til tolketjenester har økt kraftig fra cirka 490 mill. kroner i 2013 til over 840 mill. kroner i 2019, og at antall oppdrag omtrent har doblet seg til 723 000 i samme periode. Disse medlemmer ønsker å uttrykke sin bekymring for det offentliges økte utgifter til tolketjenester, også blant personer som har vært i Norge over lengre tid, og som har norsk statsborgerskap.

Disse medlemmer mener at skattebetalernes ansvar for å betale tolketjenester for personer som har vært i Norge i mange år eller har norsk statsborgerskap, og som derfor bør forventes å kunne beherske det norske språk, bør begrenses. Disse medlemmer mener likevel det bør være unntak, blant annet for personer med spesielle behov som gjør det vanskelig å forstå eller gjøre seg forstått.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag.

«Stortinget ber regjeringen fremme sak om at retten til gratis tolketjenester fjernes for de som har oppholdt seg i landet i mer enn fem år eller har norsk statsborgerskap, herunder i behandlingen av sivilrettslige saker.»

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til ytterligere tiltak for å få ned det offentliges utgifter og begrense rettigheten til gratis tolketjenester, herunder i forbindelse med gjennomføringen av straffesaker.»

2.12 Sidemål

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at sidestillingen av målformene nynorsk og bokmål, og prinsippet om størst mulig valgfrihet for elevene, gjør at elever i skolen selv bør få velge om de ønsker undervisning i sidemål. Disse medlemmer ser på egenmotivasjon og eget ønske som en viktig faktor for å mestre ulike fag i skolen og mener noen elever kan være mer motiverte eller finne det mer hensiktsmessig å velge et fremmedspråk eller annet relevant fag fremfor sidemålsundervisning.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen om å innføre valgfritt sidemål i skolen og komme tilbake til Stortinget med en sak om eventuelle lovendringer som er nødvendige for å gjennomføre dette.»

2.13 Minoritetsspråk

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er av den oppfatning at språk ivaretas og preserveres best gjennom bruk. Disse medlemmer vil vise til at samiske språk, kvensk, romani og romanes er språk med historisk tilknytning og av kulturell betydning i Norge, og at samiske språk står i en særstilling. Disse medlemmer mener at aktiv ivaretakelse av språk er viktig for å bevare kulturelle tradisjoner, og anerkjenner viktigheten av blant annet samiske språk som bærere og formidlere av kultur, historie og identitet. Disse medlemmer vil vise til debatten om hvorvidt flere av minoritetsspråkene kan anses som urspråk, og at debatten om klassifisering av urfolk og urspråk ofte kan bli en uheldig konkurransedebatt om historisk tidsangivelse av når ulike språk ble tatt i bruk i Norge.

2.14 Føremål, definisjonar og verkeområde for lova

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti meiner det er naturleg at forskriftene som har høyrt til lov om målbruk i offentleg teneste blir ført vidare så lenge dei ikkje er i strid med reglane i språklova. Desse medlemene meiner det vil vere klargjerande å få på plass dei nye forskriftene som presiserer ansvaret etatane har.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti registrerer at det i § 3 tredje ledd om verkeområdet for lova står at lova ikkje gjeld intern sakshandsaming. Om dette blir ståande, er det eit paradoks at det einaste språkbruksdomenet i samfunnet der bruk av norsk generelt og nynorsk spesielt tilsynelatande ikkje får eit lovfesta vern, er i intern sakshandsaming. Om ein tar ordlyden heilt bokstaveleg, må det vere i orden for offentlege organ å ta i bruk engelsk som internt forvaltningsspråk. Desse medlemene vil derfor presisere at unntaket for intern sakshandsaming må gjelde vekslinga mellom bokmål og nynorsk, ikkje heile lova. Desse medlemene foreslår at reglane i §§ 12-18 ikkje skal gjelde for intern sakshandsaming. Dette er meint som ei vidareføring av mållova § 2 første ledd bokstav b om internt saksarbeid.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

Ǥ 3 andre ledd bokstav e skal lyde:

e) intern sakshandsaming.

Lovforslaget fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.»

2.15 Klart språk og rettskriving

Komiteen viser til lovforslaget § 9 Klart språk, som skal sikre god kvalitet i det språket som kjem frå offentlege organ. Her ligg ansvaret for at klar kommunikasjon omfattar dei språka som det offentlege har plikt til og ansvar for å nytte. Regelen er eit krav om å kvalitetssikre språket. Paragrafen lovfestar eit ansvar for å kommunisere klart og språkleg korrekt på ein måte som er tilpassa mottakaren.

Komiteen viser til omtalen i proposisjonen av § 9 Klart språk. Komiteen viser til at reglane for klarspråk omfattar dei språka som det offentlege har plikt til å nytte, bokmål og nynorsk, jf. språklova, og samiske språk, jf. samelova. Klarspråksideala gjeld òg når offentlege organ nyttar andre språk enn bokmål, nynorsk og samiske språk. Kommunikasjon omfattar òg bruk av grafiske element og illustrasjonar for å få fram eit bodskap. At språket er «klart», tyder at det er god samanheng i teksten, at det er god samanheng mellom tekst og eventuelle illustrasjonar, at setningane heng saman, og at vanskelege ord er forklarte. Eit dokument som er klart skrive, vert forstått av mottakaren. At språket skal vere «korrekt», tyder at offentlege organ må rette seg etter krava i § 10 om den offisielle rettskrivinga for norsk, jf. § 19 første ledd. § 9 skal òg hindre at offentlege organ bryt med rettskrivinga i andre språk enn norsk (særleg samisk).

Komiteen er opptekne av at klart språk ikkje må brukast som eit argument imot nynorsk i forskjellige tekstar.

2.16 Språkvedtak og pliktreglane i lova

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det er positivt at framlegget til språklov styrkjer formålet sitt samanlikna med dagens mållov. Det er òg positivt at lova slår fast at det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje det minst brukte språket, nynorsk. Derfor meiner desse medlemene at det er eit paradoks at det samla lovforslaget inneber ei svekking jamført med dagens mållov, og slik ho står no, bryt lova med sitt eige formål.

Desse medlemene meiner dagens krav til skrivekompetanse i begge målføra i den gjeldande mållova er viktige for å sikre innbyggarane sitt krav på å få svar på sitt eige språk. I lovforslaget frå regjeringa er kravet til skrivekompetanse hos tilsette i statsorgan og fylkeskommunar svekt. Noregs Mållag har kalla ordlyden i lova ei drastisk svekking jamført med dagens mållov. Desse medlemene meiner òg at fylkeskommunane må få tid på seg til å tilpasse seg dei nye reglane, og fremjar følgjande forslag til endring i ordlyden i § 16 andre ledd:

Ǥ 16 andre og tredje ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både nynorsk og bokmål i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.»

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til § 16 Krav om skrivekompetanse. Første ledd i paragrafen fører vidare gjeldande rett, slik at prinsippet i forskrifta om målbruk i offentleg teneste § 1 andre ledd vert lovfesta. Forskrifta til mållova § 1 slår fast at kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste vert følgde. Innhaldet i denne forskrifta vert løfta inn i språklova § 16 første ledd. Ansvaret for at eit statsorgan og ein fylkeskommune følgjer reglane om bruk av bokmål og nynorsk i språklova, ligg på organet sjølv. Statsorgan og fylkeskommunar har etter regelen plikt til å byggje opp og halde i hevd den skrivekompetansen i bokmål og nynorsk som må til for å følgje dei reglane som organet skal leve etter. Regelen er fleksibel på den måten at han gjer kravet til skrivekompetanse avhengig av kva som er naudsynt for å oppfylle reglane.

Desse medlemene viser til at § 16 har ein noko endra ordlyd, men at meininga ikkje er å svekkje kravet til skrivekompetanse slik Arbeidarpartiet held fram. Desse medlemene viser til at andre ledd første punktum er ei presisering av styringsretten til arbeidsgjevar. For at statsorganet og fylkeskommunen skal følgje reglane etter § 16 første ledd, skal dei kunne krevje at ein tilsett skriv både bokmål og nynorsk. Andre ledd fører vidare delar av innhaldet i mållova § 4, men med den endringa at brot på reglane om bruk av bokmål og nynorsk ikkje lenger er å rekne som brot på tenesteplikta. Den tilsette skal oppfatte det som ei plikt å bruke både bokmål og nynorsk, men brot på reglane skal ikkje sanksjonerast etter statsansatteloven, slik reglane i prinsippet opnar for i mållova § 4 – dette er i så fall brot på reglane i språklova. Desse medlemene ser at i praksis er endringane frå gjeldande rett særs små, av di dei tilsette vil måtte rette seg etter krav ifrå arbeidsgjevar om å skrive både bokmål og nynorsk når føremålet er å etterleve reglane i lova.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

Ǥ 16 andre og tredje ledd skal lyde:

Statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.»

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet vil understreke kor viktig det er å dyrke og vidareutvikle begge skrifttradisjonane. Rett nok er nynorsk og bokmål formelt likestilte språk i dag, men i realiteten blir nynorsk diskriminert. Denne medlemen meiner det er avgjerande med verkemiddel som bidreg til å løfte nynorsk skriftkultur og posisjonen han har. Denne medlemen vil framheve at det er brei politisk semje om at det er naudsynt med aktiv støtte til nynorsken. Denne medlemen merkar seg at regjeringa foreslår endringar i den noverande mållova § 4, som gjeld krav til norskspråkleg skrivekompetanse. I dag har tilsette i statsorgan plikt til å bruke begge målformene når reglane krev det. Forslaget frå regjeringa i ny § 13 inneber i realiteten ei svekking av denne plikta. Denne medlemen registrerer at fleire høyringsinstansar som Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Nynorsklaget, Noregs Mållag, Norsk Målungdom, Norsk måldyrkingslag, Ullensvang Mållag, Ås Mållag, Høgnorskringen og Ivar Aasen-sambandet gjekk imot forslaget.

Denne medlemen meiner at dagens plikt bør vidareførast, og vil på denne bakgrunnen fremje følgjande forslag:

Ǥ 16 andre og tredje ledd skal lyde:

Tilsette i statsorgan skal skrive bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i tenesta. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.»

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det er positivt at fylkeskommunen no får utvida plikter som vil sikre at nynorskbrukarane vil sjå meir av språket sitt. Det er lokalt og regionalt at innbyggjarane oftast er i kontakt med myndigheitene, og det er viktig at befolkninga ser sitt eige språk i bruk i det offentlege. Fylkes- og kommunesamanslåingar bidrar til at kommunar som bruker nynorsk, blir «slukte» av bokmålsområde, og at nynorsken kjem under endå større press. Ei tydeleg kvantifisering av vekslinga mellom dei to språka i slike område kan motverke dette. Desse medlemene registrerer at regjeringa foreslår at språknøytrale regionale statsorgan, som til dømes Nav og Vegvesenet, skal bruke begge skriftspråka med ei fastsett kvantifisering av kvart språk, og meiner det er naturleg at ein så stor organisasjon som fylkeskommunen kan klare å oppfylle det same kravet, slik det var foreslått då lova blei send ut på høyring.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag til endring i ordlyden i § 13 fjerde ledd:

Ǥ 13 fjerde ledd skal lyde:

Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka med utgangspunkt i kvantifiseringane i § 13 andre ledd.»

Medlemene i komiteen frå Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti støttar ikkje framlegget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti til § 13 fjerde ledd. Desse medlemene meiner ei slik kvantifisering bryt med prinsippa om sjølvråderett som fylkeskommunane har, jf. kommunelova. Desse medlemene viser til at den sterke underrepresentasjonen av nynorsk dei fleste andre stader enn i staten tilseier at staten må ta eit ekstra ansvar for at nynorsk skal vere synleg for både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar. Derfor blir kvotekrava for språkleg nøytrale regionale statsorgan til veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument skjerpa. Dei presiserte kvotekrava for veksling mellom skriftspråka blir tatt inn i lovteksten.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

Ǥ 13 fjerde ledd skal lyde:

Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.»

Medlemene i komiteen frå Høgre og Kristeleg Folkeparti meiner forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti ikkje er i tråd med grunngjevinga for at fylkeskommunar som er «språknøytrale» etter § 11, skulle få nye plikter i lova. Det bør òg ligge til sjølvstyret at fylkeskommunen kan gjere skjønnsmessige vurderingar. Det vil vere i tråd med føremålet med språklova, som gjeld for alle offentlege organ, at nøytrale fylkeskommunar tek utgangspunkt i å vedta eit rimeleg samhøve som fremjar nynorsk som mindretalsspråk og slik medverkar til å auke bruken av nynorsk.

Desse medlemene meiner at det har ein verdi at fylkeskommunane som er språknøytrale, får nye plikter i lova, og at kravet om eit «rimeleg samhøve» mellom dei to skriftspråka er ein riktig måte å balansere intensjonen i språklova på. Når dei språknøytrale fylkeskommunane fastset eit rimeleg samhøve mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, kan dei velje å ta utgangspunkt i prosentdelen av kommunar i regionen som har valt det eine eller det andre skriftsspråket. Begge målformene er viktige for Noreg, og fylkeskommunane har òg andre viktige oppgåver knytte til oppfølging av anna særlovgjeving som følgjer opp Noregs språkpolitikk, som opplæringslova.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Norge har to likestilte målformer, og mener det således bør være opp til den enkelte innbygger og det enkelte offentlige organ å benytte den målformen man selv måtte ønske. Disse medlemmer mener at en naturlig konsekvens av full likestilling mellom begge målformene bør være at offentlig ansatte selv bør få velge hvilken målform de ønsker å benytte seg av, uavhengig av hvilken kommune eller hvilket offentlig organ man jobber i, og uavhengig av hvilken målform en henvendelse er kommet i.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som tillater den enkelte innbygger og det enkelte offentlige organ å velge målform etter eget ønske. Det skal være opp til den offentlig ansatte å benytte målformen man måtte ønske, uavhengig av hvilken kommune eller annet offentlig organ vedkommende er ansatt i, og hvilken målform en henvendelse er kommet i.»

Disse medlemmer fremmer dette forslaget som erstatning for foreslåtte § 13 om «Veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument», som disse medlemmer vil stemme imot. Disse medlemmer vil subsidiært støtte flere av de øvrige lovparagrafene om temaet for å ivareta helheten i den nye loven, men synliggjør sitt standpunkt om en alternativ holdning til vekslingen mellom målformene i det offentlige gjennom forslaget ovenfor og ved å stemme imot § 13.

Disse medlemmer vil også stemme imot lovforslaget § 1 tredje ledd, §16 andre og tredje ledd, § 22 Endringar i andre lover, 1. Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa § 2-5 sjette ledd første punktum, dessuten § 5 første ledd om samisk språk.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti registrerer at i forslaget til lovtekst er klageretten innsnevra, slik at språkorganisasjonar ikkje blir omfatta. Dette betyr mellom anna at Målungdommen ikkje kan klage på vegner av elevar og studentar som ikkje får språkrettane sine oppfylte, og er ei svekking samanlikna med dagens mållov. Moglegheita for å klage også for organisasjonane er med på å vareta eit viktig demokratisk prinsipp.

Desse medlemene fremjar derfor følgjande forslag:

«§ 17 første punktum skal lyde:

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt.»

2.17 Språkrådet

Slik medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti ser det, er det inkonsekvent av regjeringa å la fylkeskommunane på visse punkt bli omfatta av «mållovsreglane» i språklova, når dei samtidig ikkje er omfatta av tilsyn frå Språkrådet når det gjeld korleis dei etterlever språklova på dei same punkta.

Desse medlemene foreslår derfor endringar i ordlyden i § 19 tredje ledd og § 20:

Ǥ 19 tredje ledd skal lyde:

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan og fylkeskommunar etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.»

Ǥ 20 skal lyde:

Statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.»

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til den aukande utviklinga der det blir laga jålete, meiningslause og ofte engelske namn på kjente norske statlege og delstatlege verksemder. Mesta, Equinor, Vy og OsloMet er døme på slike nye namn.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at Språkrådet gjennom offentleg høyring har vore negative til dei nye namna, men ikkje blitt høyrde. Desse medlemene viser til at staten i dag ikkje har plikt til å konsultere Språkrådet ved fastsetting av namn på statsorgan. Desse medlemene ønskjer å styrkje Språkrådets stilling ved å klargjere statens plikt til å konsultere Språkrådet ved stadfesting av slike nye namn. I tillegg meiner desse medlemene at det er naudsynt å slå fast at statens språkpolitikk, medrekna bruken av norsk når nye namn skal lagast, også skal gjelde i føretak der staten berre er delvis inne på eigarsida.

Desse medlemene er positive til at Språkrådet sine oppgåver blir lovfesta, og at rådet får tilsyns- og rettleiingsansvar overfor offentlege organ. Desse medlemene meiner likevel at for å sikre at lova sin intensjon vert etterlevd, vil det vere føremålstenleg med sanksjonsmoglegheiter. Desse medlemene viser til merknader og forslag om dette under pkt. 2.4 foran i innstillinga.