Søk

Innhold

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa komme tilbake til Stortinget med forslag om kva sanksjonar som skal gjelde ved brot på språklova.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om symbolspråk, der det foreslås hvordan retten til symbolspråk kan innlemmes i språkloven.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa sikre at utviklinga og bruken av norsk språk i fortid og samtid blir vitskapleg dokumentert, og at dokumentasjon og normering av norsk språk skal vere eit offentleg oppdrag ved ein norsk vitskapleg institusjon.

Forslag 4

Stortinget ber regjeringa seinast innan revidert nasjonalbudsjett for 2021 komme tilbake til Stortinget med eit forslag til endring i språklova der det blir presisert at det offentlege har ansvar for å utvikle og bruke norsk terminologi og fagspråk og å gjere det tilgjengeleg på begge målformer innanfor sitt fagområde.

Forslag frå Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 5

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.

Forslag frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 6

§ 3 andre ledd bokstav e skal lyde:

e) intern sakshandsaming.

Lovforslaget fjerde og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.

Forslag 7

§ 16 andre og tredje ledd skal lyde:

Statsorgan skal krevje at tilsette skal skrive både nynorsk og bokmål i arbeidet. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.

Forslag 8

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka med utgangspunkt i kvantifiseringane i § 13 andre ledd.

Forslag 9

§ 17 første punktum skal lyde:

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt.

Forslag 10

§ 19 tredje ledd skal lyde:

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan og fylkeskommunar etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

Forslag 11

§ 20 skal lyde:

Statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

Forslag frå Høgre og Kristeleg Folkeparti:
Forslag 12

§ 16 andre og tredje ledd skal lyde:

Statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.

Forslag frå Framstegspartiet og Senterpartiet:
Forslag 13

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om hvordan særlig barn og unge som mangler tale eller tegnspråk, kan inkluderes bedre i samfunnet ved hjelp av bl.a. ASK/symbolspråk.

Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 14

Stortinget ber regjeringen fremme sak om at retten til gratis tolketjenester fjernes for de som har oppholdt seg i landet i mer enn fem år eller har norsk statsborgerskap, herunder i behandlingen av sivilrettslige saker.

Forslag 15

Stortinget ber regjeringen kommer tilbake med forslag til ytterligere tiltak for å få ned det offentliges utgifter og begrense rettigheten til gratis tolketjenester, herunder i forbindelse med gjennomføringen av straffesaker.

Forslag 16

Stortinget ber regjeringen om å innføre valgfritt sidemål i skolen og komme tilbake til Stortinget med sak om eventuelle lovendringer som er nødvendig for å gjennomføre dette.

Forslag 17

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med et lovforslag som tillater den enkelte innbygger og det enkelte offentlige organ å velge målform etter eget ønske. Det skal være opp til den offentlige ansatte å benytte målformen man måtte ønske, uavhengig av hvilken kommune eller annet offentlig organ vedkommende er ansatt i og hvilken målform en henvendelse er kommet i.

Forslag frå Senterpartiet:
Forslag 18

§ 16 andre og tredje ledd skal lyde:

Tilsette i statsorgan skal skrive bokmål og nynorsk etter dei reglane som kvar tid gjeld for målbruk i tenesta. Fylkeskommunar kan krevje det same. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.