Sammendrag

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i proposisjonen framlegg til endringar i lovgjevinga som følgje av at den kjønnsspesifikke tittelen på stillinga «fylkesmann» vert endra til det kjønnsnøytrale namnet «statsforvaltar». Det nye namnet gjeld både for stillinga og for embetet (verksemda).

Det vert i proposisjonen peikt på at endringane er av teknisk karakter, og dei er ei følgje av endringa av namnet på stillinga og embetet. Det vert ikkje gjort nokon materielle endringar.

Bakgrunnen for lovframlegget

Regjeringa har bestemt at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal endrast til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle verksemdene i staten.

Departementet har gjort vedtak om at namnet «fylkesmannen» vert endra til «statsforvalteren» på bokmål og «statsforvaltaren» på nynorsk. Det vert òg den nye tittelen på embetet. Det nye namnet tok til å gjelde frå 1. januar 2021. Sjå proposisjonen for omtale av prosessen.

Lovforslaget har ikkje vore på alminneleg høyring, sjå proposisjonen for grunngjeving.

Framlegg til endringar i lovverket

Om lag 100 lover inneheld omgrepet «fylkesmannen». Fylkesmannen er omtalt i kraft av rolla som klageorgan, tilsynsorgan, godkjenningsorgan eller styresmakt på ulike fagområde. Departementet gjer framlegg om at «fylkesmannen» vert endra til «statsforvalteren» eller «statsforvaltaren» i alle desse lovene. Vidare går framlegget ut på at variantane «fylkesmann», «fylkesmannsembete», «fylkesmannens», «fylkesmenn» og «fylkesmennene» og tilvisingane til dei tidlegare fylkesmennene i høvesvis Oslo og Akershus og Sør-Trøndelag vert endra på tilsvarande måte.

Departementet gjer framlegg om at lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Det går fram av proposisjonen at framlegget ikkje har økonomiske følgjer utanfor staten.

Kostnadane innanfor staten vert dekte innanfor gjeldande budsjettrammer.